«Det brenn i Bø»
Det er så gammalt at det ikkje er morosamt lenger, når bøfjerdingar blir avkrevd bereløyve for fyrstikker. Eller at dei sjølv seier, påtatt unnskyldande: «Vi har ikkje fyrstikk' med oss.» For ikkje å nemnde dei stakkars bøfjerdingane som gjekk på Melbu yrkesskole og skulle vere med i det årlege fakkeltoget: Dei andre elevane fekk faklar og fyrstikker - dei fekk utlevert «lyskastarar» (stavløkter). Men kva er kjensgjerningane attom dei meir og mindre morosame historiene? Vi har først oppsøkt tidlegare lensmann i Bø, John Mortensen. Han fortel:
«Det var ikkje under første verdenskrig at Bø fekk dette ryktet, og heller ikkje mens eg var betjent her, frå 1918 til 1923. Men det var nok så smått dukka opp kring 1925.
- Ordninga med tilskott frå Brannkassen, var den innført før du for, eller kom ho etter den tid?
- Ho må ha blitt innført etter den tid, for til då fekk folk skadetakst på vanleg måte, når det berre hadde vore brann. Men vi måtte jo ha etterforsking ute, vi kunne ikkje lage rapport på kontoret.
- Har du noko tal for kor mange brannar det var i den tida då Bø var mest uthengd?
- Nei, det har eg eigentleg ikkje, men det må ha vore ganske mange. Då eg kom tilbake til Bø som
konstituert lensmann i 1935, låg her 30 brannskader som ikkje var etterforska, og det gjaldt pipebrannar for ein periode på vel eitt år. Når folk hadde meldt ifrå om at dei hadde hatt sotbrann, vart det registrert som brann med ein gong. Utfyllinga av slike meldingar var i seg sjølv rein rutine. Spørsmålet var berre kva eventuell etterforsking ville ha vist - og korleis dei tok takst.
- Det har vore påstått at lensmenn og takstfolk hadde prosentar av branntakstsummen?
- Noko slikt har eg ikke kjennskap til.
- Kor mange brannar har du som lensmann hørt om frå Bø, i din forgjengars tid?
- Eg har hørt «fleire hundre», men eg har ikkje telt dei. Truleg kan 80 á 100 vere nokolunde rett, alt etter kva ein vil rekne som brann.
- Då du kom hit, var det nokon som prøvde seg «på gammalmåten», eller stakk folk fingeren i jorda og lukta kor dei var?
- Nei, der var berre små forsøk, og dei var så fine at ikkje eit vondt ord om det. Men eg gjorde noko anna, eg sa at «viss dokker nu tar det rolig, så skal eg sjå om eg ikkje kan få eit bidrag til deg for den skaden, sidan du ikkje kan få større takst. Det skal eg snakke med Brannkassen om». Ja, det var jo nettopp det dei var komne på kontoret for å be om - .
Og det lyktest eg med, i Brannkassen. Eg tenker då særskilt på ein gong det var to stykke frå Bø-sokna det gjaldt. Dei spurde om eg kunne hjelpe dei til 300 kr. Tanken var då at dei skulle bli hjelpne med brannsløkking, for dei hadde bra vasstrykk i heimehusa. - eg fortalde direktøren om det rare ryktet Bø hadde fått, og eg la inn eit godt ord for desse to lovlydige bøfjerdingane som ikkje hadde hatt såpass som ein skarve sotbrann, og eg peika på at 300 kr. til kvar kanskje kunne vere ei lønnsam investering, for alle partar. «La ham få 500 til hver», sa direktøren til ingeniøren som var blitt med meg inn på kontoret. Og eg takka, både på vegner av mottakarane og kommunen. - Seinare var eg også med på å hjelpe til at der vart midlar til vassverk andre stader i bygda. Denne linja var visst ikkje prøvd tidlegare.
- Var pipestellet i Bø dårleg?
- Det kunne vel hende. Men i mi tid som lensmann vart det ikkje meldt mange brannar av slike årsaker, og talet på brannar i det heile gjekk sterkt ned frå 1935. Det blei etter kvart slutt på sotbrannane. Under krigen avtok talet på brannar enda meir, og i 1945 kom den nye brannlova, som gav kontroll med alle hus. Det vart då tilsett feiar som går på brannsyn.
Så langt samtalen med «gammellensmannen». Vi har også hatt ein prat med Sigmund Fjærvoll:
- Det var ikkje så sjeldan at det oppstod ein pipebrann, for det var jo ingen feiarar som for rundt og sota, slik som i dag. Og desse brannane vart registrerte som pipebrannar, i samband med at folk då søkte Brannkassen om ny loddpipe. Og eg trur nok at det kunne vere halvtanna hundre - men talet vil eg ikkje innestå for - som fekk nye loddpiper. Det vart kjent blant folk at dei kunne få av slike midlar, og så søkte dei gjennom Brannkassen sin representant (lensmannen). I dei fleste tilfelle
var han eller hans folk og såg på huset og fastslo at det var dårleg pipe, at der hadde vore skorsteinsbrann osv. Då fekk dei gjerne innvilga dette - det var vel 2-300 kr.
- Vart då brannar provoserte ved at folk fyra godt? - Eg meiner det var ikkje så sjeldan at der var brann i sotet. Men det var ikkje alltid at dette gjorde skade, for viss dei hadde gode loddpiper, tolte dei det. Det dei måtte gjere når det fekk dette tilskottet, var å føre opp pipe av tigl, for tiglen vart sedd på som eldsikker. Men dei tidlegare pipene var av støyp og så til dels med dårleg sement, for folk måtte spare på alt. Det var ikkje meir å rutle med, skulle dei få seg eit kryp-inn. Så var det dårleg material også i pipene.
- Det hende òg at folk fekk tilskott til ny pipe sjølv om der ikkje hadde vore registrert brann, når berre lensmannen eller hans folk hadde vore der med takstmenn og sett på pipestellet. Eg veit ikkje nokon, snarsagt, som vart avvist. Ei rive i pipa kunne vere nok, berre ho vart attestert som brann-farleg. Og då vart det registrert som brannskade, i samband med utbetalinga. - men talet på hus som brann ned i Bø var nok reelt større enn mange andre plassar. Delvis kom det vel nettopp av at folk hadde dårleg pipestell.
Eg kan nemne ei bygd som Korgen, der dei la opp gruver og pipestell mykje godt av gråstein. Det vart mykje meir brannsikkert enn berre støyp. - Folk la både pipe og brannmur mot vegg, og då veit vi kor det kunne gå når dei elda godt: Det var ikkje påbydd då at du skulle ta ut i veggen for pipe og brannmur, det kom seinare. Eg veit ein mann her i Bø som skulle restaurere huset: Den tid dei reiv pipa, viste det seg at veggen var ganske mykje brunnen - men at det hadde slokna. Iallfall var treverket ein god del forkola. Og han vart då tatt med blant dei som skulle få av assuransen.
Eg reiste som agent i mellomkrigstida, frå 1932 og til i 1940. Det gjorde at eg kom til mange bygder, og det var ikkje fritt for at vi fekk høre om Bø og brannane. Du veit, tala frå Bø verka noko påfallande i ei bygd som f.eks. Korgen, der dei hadde hatt 2 brannar på 50 år. - Og vi vart mykje utropa på det viset, i første rekke av lokal- og landsdelsavisene. Særleg Lofotposten brukte overskrifta «Atter en brann i Bø», el.l. Hovudstadsavisene brydde seg vel mindre, når dei hørte om dei små summane det dreia seg om.
Men sa du ikke i stad at vi hadde fleire brannar i Bø enn mange andre bygder som det var naturleg å samenlikne oss med?
- Jau, på tal hadde vi det, men i kroner og øre trur eg vi må ha lege atskilleg under mange andre bygder. Og det folk fekk igjen for hus som brann, var eit ganske lite hus: Ofte var det ikkje bordkledd. Eg veit ein som huset brann for - det var gammalt - og så bygde han seg eit nytt. Det var laftahus. Dette huset stod iallfall i 20 år før det vart bordkledd. Større var ikkje assuransen. Hadde der vore større midlar å ta av, ville han ikkje ha fått huset godkjent. Men midlar fanst ikkje, så dei måtte berre godkjenne huset slik det var. Mannen måtte ha ein stad å gjere av seg.
Også dei gamle husa var laftahus, men gjerne av eit tjukkare virke. Det var kanskje sideskore tømmer som vi sa, 5-toms. Det som dei bygde frå 20-talet og utover, var som regel av 3-toms plankar, pløgde med to spor.
- Så du meiner at brannane i Bø hadde ei sosial side?
- Ja, det meiner eg. Eg vil seie at om folk hadde tennt på, så var det reine nauda som gjorde det - at dei budde så dårleg. Ikkje for at dei skulle tene pengar. Dei husa eg minnest som brann, var elendige. Det var nok mange som sleit vondt av den grunn. - Det hendte jo at der brann nye hus og, men då var folk jamnast klar over at det var uhell. Nei, det var sjeldan at der brann gode hus. Men eg vil også tilføye at vi hadde ein uvanleg snill lensmann i den tida. Han var absolutt ikkje ute etter folk.
Så langt etter samtalen med Sigmund Fjærvoll. «Bøfjerding» har elles prøvd å skaffe seg brannstatistikk frå mellomkrigstida hos Norges Brannkasse, men har måtta slå seg til tåls med denne vurderinga frå 1979:
«Vi beklager å måtte meddele at Norges Brannkasse ikke lenger har statistikk over brannskadene så langt tilbake i tiden. Bø i Vesterålen viste høy brannskadefrekvens i mellomkrigsårene, men det fantes også andre distrikter som skilte seg ut med slette skaderesultater i denne perioden. Det er umulig å plukke ut noe enkelt distrikt «på topp» i denne statistikken. Vi kan iallfall bekrefte at Bø hadde et «slemt rykte»».
Det ser ut til at då krigen kom, var det dårlegaste pipe- og brannstellet i husa hos folk blitt retta på. Det må ha vore ein av grunnane til at det brann få hus under krigen. Det har såleis skjedd store forandringar frå hundreårsskiftet. Lensmann Guttorm Bjugn fortel at far hans minnest eit gammalt hus i Spjelkvågen som hadde gruve der dei steikte brødet under «hjelm».
Men enten no husa hadde gruve eller omn - det siste var sjølvsagt blitt mest vanleg såpass seint - var det framleis gjengs med torvtak, og røyken gjekk opp i lur eller røyr. Såkalla hengande piper fanst det mange av: Frå omnen og opp til taket var det røyr, og så murpipe fra loftsgolvet og opp over taket. Pipa kvilte på ei jernplate på loftsgolvet, og når ho vart noko tært, skulle det godt gjerest at det ikkje ramla ned gneistar no og då.
I etterkrigstida har Bø ikkje utmerka seg når det gjeld brannar. På førstninga av 60-talet var det eit blaff med eksplosjonar i omnar og komfyrar, men det var tilfelle som fordelte seg over heile landsdelen. I Bø brann det rett nok nokre fiskebruk i 50-60-åra, ikkje så mange i tal, men summane kunne til dels bli store av di det ofte gjekk ut over fleire båtlag samtidig. Fiskebruka var i det heile noko utsette, både på grunn av elektriske motorar og anna utstyr. Og den tid snurpenøtene var av bomull, vart dei barka, og stoffet dei brukte der var brannfarleg.
Båtbrannar har det vore ganske få av i Bø, både i mellom- og etterkrigstida, enda brannstellet om bord ikkje alltid var så bra: Dei fyra med kol, brannmuren var som regel ei stål- eller jernplate 5 cm frå treverket, med asbest imellom. Men båten var det viktigaste driftsmiddelet, så derfor hadde dei kanskje meir oppsyn med han til kvar tid.
Kommuneingeniørkontoret har vore så velvillig å hjelpe oss med statistikk over brann-utrykkingar i Bø for 10-årsperioden 1970-1979. Denne ser slik ut:
|
| -70 | -71 | -72 | -73 | -74 | -75 | -76 | -77 | -78 | -79 |
| Brann i bustadhus |
| 1 | 2 | 1 |
| 3 | 1 | 1 | 2 |
|
| Brann i fjøs og lade |
|
| 1 |
| 2 |
| 1 |
| 1* | 1* |
| Brann i andre uthus |
| 1 |
|
|
|
| 1 | 1 |
|
|
| Brann i rorbu |
|
|
|
| 1 |
|
| 1 |
|
|
| Brann på ymse arbeidsplassar |
|
|
|
| 1 |
|
| 1 |
|
|
| Brann i eller berging av motorbåt |
|
|
| 1 |
| 1 |
|
|
| 1 |
| Bilbrann |
|
|
|
|
|
|
| 1 | 1 |
|
| Bråte- gras- og lyngbrann | 3 | 9 | 1 | 2 | 1 | 1 | 3 | 6 | 3 | 3 |
| Anna utrykking | 2 |
|
|
|
|
|
| 2 |
|
|
| Sum utrykkingar | 5 | 11 | 4 | 4 | 5 | 5 | 6 | 13 | 6 | 4 |
*) "Biprodukt" av gras- og lyngbrann. Ikkje rekna med i summen
Dette er ikkje til å ta feil av: Vi tar dårleg vare på vårt tøffe rykte som brannstiftarnasjon nr. l i Vesterålen. Bøfjerdingen tar visst til å bli utbrent?
Mang ein «parabel» har det vore fortalt, om bøfjerdingar, fyrstikker og meir slikt, f.eks. om brannar der det stod kjørel og kar pele fulle av brennbare saker, om brannar der folk var så heldige at dei hadde berga ut både det eine og det andre på førehand - og om forretningsdrivande som miste alt med unntak av kravbøker, og den slags.
Men slike historier er ikkje særmerkte for Bø. Det kan vi derimot seie at den slagferdige sakførar Nicolaysen var. Ein gong han var forsvarar for tiltalte i ei sak om påstått eldspåsetting, sa aktor m.a.: «Det er flere branner i Bø og ytre Øksnes på ett år enn i Norges hovedstad». Nicolaysen svara: «Hadde det vært like mange torvtekte hus, like mange dårlige hus og like mange brannstiftere i Kristiania, hadde det ikke vært hus igjen i vår kjære hovedstad».
Best kjend er likevel historia om den gongen han sat i eit møte i Risøyhamn og vart kalla der ifrå på grunn av ein rikstelefon. Då han kom tilbake, spurde dei andre møtedeltakarane om noko særskilt stod på: «Nei, det har bare vært brann igjen i Bø. Men ondsinnede naboer var straks på pletten og slukket».
F. Myrvang.