Autorisert «Drapet» i Høyvika

Det budde ein mann i Høyvika - han var åleina der. Han hadde ein bror på Stave. Så dreiv det ein dag i land ein del av eit farty-vrak, ein jektveng, i Høyvika. Den dagen høvde det seg så at begge brørne var der.

Det var ei kvinne om bord i jektvengen. Ho var i live; men det er sagn at de «forkom henne» på ein ynkelig måte, desse to. Det var mykje av verdisaker om bord, og då ho forstod at de ville ho til livs, ropte ho først: «Tak alt det dokker vil ha, men spar meg!» Men ho skjønte at de lika vel var meint på å gjere enda på ho, og då svor ho hemn: «Går det slik med meg, då skal dokker og alle mannlige etter dokker få dele grav med meg!» De slo ho i hel - eller de heiv ho berre på havet - og etterpå rak ho i land i Høyvika. Der grov de ho ned i ei ur.

Men sølvtyet og de andre verdisakene torde de ikkje å ha liggande i Høyvika. De bar alt i hop over skaret til Staven, fortel folk. Det var ein annen 'leinamann i Staven på den tid: han blei delaktig. Men namnet hans er det ikkje sagt noke om.

Dette var om sómmaren. Om hausten det same året sette de to brørne til, på ein og same dag. Kjerringa til han frå Stave skulle då seie, at mannen hadde trudd seg til ho om ka som var skjedd og gjort. Nu var han sett til på sjøen, og den veien kom vel alle hennes til å gå. - Slik blei det og: De sette til, mann etter mann. Men den siste som levde igjen, sa seinare at han hadde bedt til Vårherre så mang ein gong at han måtte sleppe å røyne den skjebna; og han fekk tørr jord. Men faren og farbroren sette til; den sist nemnte var drengkall og hadde ikkje ætlingar etter seg. Det skulle være to andre av den slekta som også sette til. De blir namngitt alle.

Mannen i Staven, han som var blitt medskyldig, hadde fått ein framvokstglunt ifrå Bleik til å ro i lag med seg. - Noken dagar etter denne hendinga kom de ein morra ned til sjøen for å ro. Men mannen hadde glømt blèngkaggen, dvs. kaggen med den syreblandinga eller «blengd» som fiskarane brukte å ha til drikka. Så går han opp for å hente kaggen; men ikkje kjem ned igjen. Då glunten skal opp for å sjå etter han, sit han daud på blèngkaggen - av slag.

Men folk har visst å fortelle så mykje: Eitt sagn går ut på at ein av de tre som var med på røveriet, fór til Bergen etterpå. Då hadde han med seg i kista ein gullklump eller «gullkalv» som ingen av de andre på jekta måtte få sjå. - Det er berre at same sagnet er kjent også borti «Vestbygda»: Ein fattigmann frå Husjorda drømte at han skulle fare til Bjørnen nord i Gavlfjorden på skattegraving. Det gjorde han, og fann der ein «gullkalv» så stor som ein nyfødd grisunge. Den tok han med seg til Bergen og selte (Edv. Ruud, Elgsnes, Håløygminne 1).

På Åse var det fleire gamle som snakte mykje i det som skulle ha hendt i Høyvika - ja folk var i det heile mykje opptatt av det, ei tid. Ein gammel mann som var fødd i 1816, han gjekk i sitt 79. år då han ved eit visst høvan kom til å snakke om det og den mannen som budde i Høyvika: Høyvikfolket, sa han, de blei plutselig så flotte av seg - med sølvknappar i kledan og så bortover. Og det sa han, at i den tida var ingen så nøye på å ta den lange turen over Høyvikskaret og over myrane til Tverberg. Når mannen frå Høyvika kom til kjerka liksom de andre, og trefte kjenningar som sa noke om alt det fine han hadde på seg, svarte han berre at «hadde ikkje det eine funnet vore, så -».

Så var det ei som vaks opp i Høyvika. Ho var rett nok av yngre slekt, men ho snakte òg om denne hendinga. Ho sa at ordet gjekk om så mykje spøkeri og skrømt i Høyvika etter­på. Og i Otervika, sa ho, skulle det være ein grasflekk som holdt seg grønn alltid. Om det var der de jordiske lèmningane, av den ulykkelige var, det visste ikkje ho. Inga heitte ho, og var dotter hannos Andreas Torbergsa. - Ho gamle Karolina Faltinsa på Åse hadde tjent i Høyvika med ho var ung; det var den tid det rodde bra med folk på Stave. Ho Karolina som de andre - det same snakte ho Inga om - gjekk over Høyvikskaret og henta fisk, men det var så «urolegt» der på Høyvikaksla når det blei mørkt, og mykje puskeri.

Ein mann på Nordmela nemnte ein gong at det skulle vekse ein blomster i fjæra i Høyvika som var ukjent andre plassar her nord1).

1) Dersom fortellinga var sann med omsyn til udåden, var det å vente at folk frå førstan-av ikkje snakka høgt om den   Det er tilfelle og:  det har gått stilt.  Det er på Stave folk har minst å for­telle (Høyvika er avfolka).   Mens de gamle på Stave har sett på tradisjonen som slarv, blir like til namnet på «gjerningsmennene» oppgitt på gårdane ellers! - Kor som er, finst ei fortelling:   «Med synd det kommer, med sorg det går» ("Fra Nordlands Fortid II" av O. M. Nicolaissen, 1891) - ei skisse eller snarsagt novelle der det til slutt er understreka at alle namn er fin­
gerte, «men begivenheden, som har tildraget sig for en 80-90 år siden i en nordlandsbygd, er skildret i overensstemmelse med virkeligheden».   Dette er skreve ca. 1890; og likskapen mellom «skis­sen» og Høyvik-sagnet er stor.   Tidfestinga er og den same: 1800-1810. Men i førstnemnte er ikkje gjort anna stadfesting enn til «en stor nordlandsk ø», sjøl om der er naturskildringar som kunne passe på Andøya. Forfattar av stykket var Olaus M. Nicolaissen frå Nærøya, Øksnes. Han reiste på samleferder i Hålogaland, så det er uråd å vete kor han hadde fortellinga ifrå. Men det er i heimbygda hans kjent eit mykje likt sagn: Utfor Fjell-Grimstad på Skogsøya er ei vik, Gjuvika. Ho har helst namn av fjellet Gjura ovanfor. Fjell-Grimstad, som etter tradisjonen skal være eldste handelsplass i Øksnes, er i dag avfolka. - Ein gong bodde der ein fattig finn. Så var det ei uversnatt ein vinter at eit vrak rak inn på vika. De som hadde vore om bord, var gått klar - berre eit einslig kvinnfolk var igjen i kahytten. Finnen kom seg om bord, for det var smult. Då fann han dette mennesket, og mykje rikdom. Ho bad for livet, for ho såg han var tenkt på å myrde ho. Men han tok ho av dage. Etter det vart han søkkrik mann. Seinare skal det på ei viss tid av året, den tid ugjerninga skjedde, være eit skrik å høre der i vika. Det har fått namnet Gjuvikropet (Marius Dahl, Oslo).

Frå Tysfjorden finst eit likn.  sagn,  «Jomfrua  i  skipsvengen»
(Norsk Folkeminnelags skrifter 33 s. 70-71):   Ein gong forliste eit skip på Storbøen i Vest­fjorden. Den første som såg vraket og kom til, var kjøpmannen på
Korsnes.  Han såg der var mykje rikdom å hente, og slo i hel den einaste overlevande etter forliset:  kjæresten  til skipperen. Han slo seg opp på udåden; men den drepte spøkte for han seint og tid­lig så lenge han levde. - Det er og sagt at det skal gå likn. Sagn vest i Lofoten (Hilda Berg, Stave).   Derfor er det grunn til å sjå med skepsis på den historiske sanning i tradisjonen frå Høyvika.   Som nemmt sette de påståtte ugjerningsmennene til på sjøen eller på anna vis - det må så låte! - men var det ikkje sannsynligare at udåden ville blitt oppdaga og straffa etter fortjeneste dersom den hadde funne stad?   At den kunne forbli upåakta av lovens menn mens alt folk ellers snakka i den, er lite trulig.


Denne artikkelen handler om

Kommune

Sagn

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/25