«Skrømtet» utmed Stornesset
Vi rodde med han Nils Aaness, broren Rikard Aaness og han Hans Nikolai på Haugnes, ein Enok Eilertsa frå Anes, og så eg. Og i denne tida var det eg fekk høre ei skrømthistorie: Det var ein dag han Rikard Aaness hadde vore på Andnes. Han gjekk på skier, men de lødde så; og han sette de ifrå seg utmed Stornesset, ein plass kor sjøen alltid braut opp så stor ei tarebru.
Så høvde det slik at han Simon Hansa på Haugnes, bror hans Ol' Hansa, også hadde vore gåen' til Andnes den kvelden. Og då han kom heimover igjen, blei han vår «spårran» etter han Rikard. Og det bar slik til at han Rikard kom krabbande oppover utmed Stornesset for å hente skiene sine akkurat i det same han Simon kom forbi. Då han fekk sjå denne mannen komme oppover tarebrua, trudde han det var skrømt, og korleis'n det var eller ikkje, så fekk han det for seg at det var noke som var etter han! Han forta seg innover til Haugnes; og då han kom heim, gjekk han i fjøsen, der merra hannos stod på bås. Han smaug under merra, og så kika han imellom hesteøyra. For dersom noke hadde følgt etter han heilt til gårds, så ville han kvitte seg med det på den måten. Og då snorka merra! sa han Simon, - han skulle sjøl ha sagt ifrå om dette, før han fekk vete kem det var han hadde sett der på tarebrua.
Men eg veit ikkje om det er berre skrøn (Efrem Kaurin, Oslo).