Adventa. Jula. Nyåret.
Lussi Langnatt er så lang at då kryp tipa (lusa) 7 senglengder. - Den natta beit kua tre gongar i bandet og sukka, sa de gamle, og veren svarte ho: «Lussi-natti lange, ho e som to!»
Skittensøndag hadde de lov å gjere all slags arbeid, men jentene gjorde likast i å unngå omnsoting; ellers kunne de lett få ein feiar til mann!
Eit arbeid måtte ikkje bli liggande uferdig jula over, for då kom julskrokken i det.1)
Jenter og kvinnfolk gjorde seg ekstra føre med badinga til jul, og både saup, surmelk og eddikvatn skal ha vore prøvd!
Av nytt til jul kjøpte de berre slikt de ikkje kunne produsere sjøl. Oftast skulle det rekke langt utover vinteren.2)
Litjejulaftan går ennu julskoka rundt med einer og ris, enkelte plassar i Vesterålen. De som er med, slår og på tomfat o. 1. Det skal være mest mulig larv og leven med i laget. Blir de ikkje oppdaga og skyssa av gårde, går de gjerna opp på loftet og strør einer attmed døra, på golvet eller rett i senga. Men skikken er vel akkurat ved å dø ut. - I Andenes laga de juleskoka av eit ris som de pynta med papir, evt. og med litt godt. De lurte seg inn og la det i senga til den det var tiltenkt; det var nok at folket våkna og såg de hadde vore der (Efrem Kaurin, Oslo, Leonhard Anderssen, Skarstein). Var ungane trollot, blei det iblant trua med juleskoka så de «kysta».
I kver manns gård blei det kver haust røyst opp eit såkalla vedskjól: folk høgde vedstrangar i skogen og frakta heim. Det var til brensel. - Men ved juletider fekk ungane lære om julbokken og julgeita som puska i vedskjólet utom veggen.
Men i utmarksgjerdet oppfor Bleiks-gården var det ein stein de kalla Julgeitsteinen. Det var sagn at julgeita budde i den steinen. Det hendte ho kom til gårds og viste seg, men det var helst når det ikkje var vòkse folk heime. Så var det ein gong i jul-helga at det berre var ungane heime; de voksne var til kjerka. Men ungane samla seg då i eitt hus, og dreiv på med julspell. - Best som de er i likaste leiken, fer ytterdøra opp, og inn kjem det ei stor fæl geit. - Ungane blei vettskremt og fór kring alle veggar for å gjømme seg som best de kunne. Men geita gjekk beinast til gru'-steinen. Der saup ho i seg alt som fanst, både av eld og aska, og etterpå spruta ho det utover golvet. Men det var stein og jord, i den tida, så ho fekk ingen skade gjort. Så fór ho ut igjen. Då ungane kom seg av verste skrekken og skulle sjå etter, var kjerkefolket mesta heime. Men ingen av de voksne hadde sett eller hørt noke til uhyret. - Ein annen gong kom julgeita inn i eit hus der det hong ei stor kjøttgryta i skjæringen. Men ikkje så at ho bia med heitt kólna: ho kjørte i seg heile stasen, enda det var gloe heitt. Så fór ho på dør (Antonius Nordeng, Bjørnskinn).
På Andenes var det ellers vanlig at større ungar tok på seg maska eller kledde seg ut på anna vis, og «gjekk julbokk» eller «julgeit». Då fekk de seg gjerna ein god bete (Efrem Kaurin, Oslo).
Julaftan skal husdyran ha ekstra fóring og stell.
Både fjøsen og stua skal være så opplyst som råd.
Maten på julaftan er på Andøya tradisjonelt risengrynsgraut med rosiner i (risgraut). «Men på Boddø-kantan var lutafésk julekost», føyer ein mann til. - I Hadsel var kveita julekost, enten steikt, salta eller tørka. «Er en fiskerbonde ikke selv forsynet dermed», heiter det i 1887, «henvender han sig til en af sine naboer og bekjendte, for at blive frelst ud af lunnen, hvortil han skal sidde bunden julekvelden, til sjøen går op under ham, hvis han ikke har sørget for kveite til helgen» ("Sagn og Eventyr fra Nordland II" av O. M. Nicolaissen, 1887).
Alle skulle ha «einkvant nytt» til jul. Men det var ikkje julegavar å snakke om, etter våre mål, berre ganske lite. For den som var fattig - og det var de fleste - blei det ikkje tale om anna enn eit heimlaga kleplagg. Den som ikkje fekk noke nytt, han skulle sitte på skjåtaket, sa de både nord og sør på An'a.3)
Juletre var ikkje vanlig før i tida, på Andenes iallfall ikkje før 1870--80 (Efrem Kaurin, Oslo). - Kjennskapet til julenissen var visst heller ikkje særlig utbreidd; folk såg meir på han som ein gammeldags fjøsnisse.
Når alle var flidd og fjelga til helga, leste faren i huset oftast av ein «husapostel», dvs. huspostill. I enkelte heimar var det slik andakt med bønn både morra og kveld, heile jula igjønna, og evangelielesing midt på dag. Kingos kvelds- og morra-vers kunne mange utenat (Johan Caroliussen, Bjørnskinn).
På Andenes var det ein mykje gammel tradisjon at folk skulle la bordet stå dekt med maten på, åt «julefolket» som kom til gårds natt til 1. juledag (Efrem Kaurin, Oslo).
Låg alle kyrne på same sida når fjøsdøra blei åpna juledagsmorran, kunne den første som kom inn i fjøsen ønske seg noke - og være sikker på å få det oppfylt. Men han måtte være snar om å ønske!
Fram til i dag er det slik at den som går på gårdane 1. juledag, om så berre til nærmaste familie, risikerer å bli kalla «Jul-Petter» eller «Jul-Petrine».
Ingen måtte gå frå huset uten traktering i jula, for då «bar han jula ut». Og det som var kjøpt til jul, dvs. med tanke på jula, skulle fortæres i jula.
For å trøye tida dreiv de med «julespell» (julspell). Det var f. eks. å selle lerret: Det var ein som gjekk rundt i kretsen, og kvinnfolkan tinga så og så mange alen av han. Men det var det vilkår, eller den «dom», at ikkje måtte de le og ikkje måtte de gjere den eller den ting - gjorde de det, var det «straff» av ymse slag å få. Julespellet kunne ikkje ta til før 2. juledag.4)
Efrem Kaurin fortel: «Første gongen eg såg han Jakob Severin - han som hadde vore dreng hos han Jonas Falk - var uti går'n som de sa. Han stod då for det å gjere julespell. Bl.a. skulle de hoppe over ei stong som han stod med; hvis de ikkje greidde det, var de «dårlig fødd». Då skulle foreldran eller de som hadde fostra ungen ha juling. Ja, eg var redd den kallen, som stod der og dirrigerte Julespellet». - Hans Lind hadde sin barndom nettopp uti gården. Han skriv:
Kor di kjona seg i går'n! Smått di frir på narreri,
selle lerret, røyse hòrn, dømmes -
ska 'kje pante svi •-: «E de veikje,
lyt ho føst ut me kem ho sist ha kjøst; e det glunt, så går han gjerna
ut me nokken å tel stjerna.
Stjernetellinga arta seg ofte slik at den «straffskyldige» måtte dekke seg til med eit plagg og kike i eit rør el. 1. - ein vasskvett blei som regel enden på visa!
Ungdommen hadde i den tida også sin juledans, men det var oftast ikkje anna til «lokal» enn ei trong stua. Det var før ungdomshusan tok til å skyte opp på øya.
Ein julekagge hørte med til feiringa i mange heimar, men de store kvanta var det sjeldnare tale om.
Nyårsaftan gjekk nyårsskoka (nyttårs-) rundt omtrent på same måten som juleskoka, og då var det mange som nytta høvan og sa «takk for sist».
Hellig-trekongersdag blei hevda enda fram til ca. 1900, på enkelte gårdar. M. a. var det skikk å støype «helligtrekongerslys» med tre armar (greiner) på.
20. dag jul var kjerringjuldagen. Då skulle kjerringane gå åt einannen og ete opp siste lefsebeten. Den dagen var det at «han Knut kom og jaga jula ut».
1) Uklart ord, sagt å ha vore nytta i same tyding som julebokk (-bukk) og julegeit. Håløygminne 2 s. 359
2) Matrikkelen av 1723 nemner berre ein handelsmann på Andøya: I Gavlen. I røynda var det vel fleir; men eit visst framsteg var det nok når det på andre halvdel av 18-hundra satt handelsmenn både i Skjoldehamn og Risøyhamn, på Myre og Andenes. - Juleførebuing: sjå og "Nordlands-viser" av Hans Lind, 1958.
3) "Nordlands-viser" refererer ein meir drastisk tradisjon (s. 33): «Haustbærkua - bær ho seint, å di hine , står di tørr, bi budeia kjørt på dør; juldagsnatta lyt ho naken ri på møne før umaken.»
4) På Bø snakka ungane seinare om «julspell» t. d. når de var nord på markene og leika, uten omsyn til årstid! Under det hørte m. a. å springe enkling, d. e. «siste par ut».