Autorisert Alven. Julenissen

  Autorisert

I vedskjolet heldt julbokken og julgeita til

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang

Vilkår for bruk:

Det er ikkje så mykje folk veit å fortelle om alven lenger. Men så­pass hadde de greia på, at han var ein heil skyttar. Og pilene, dem fann de i tjukkaste lårkjøttet på det kretturet som var alvskote, når de kokte kjøttet. Ei sånn alvepila er ein fin liten beinstreng, frå halvtridje til fem tommar lang, skapt på lag som ei imnål.

I gamle dagar var det eit fjølhøgg og elt brøthøgg i kver manns gård. Var der så noken som var uvørden og kjørte øksa i fjølhøgget slik at skaftet blei ståande rett ut, - då skal du tru at alven visste å nytte skot­tet! Det var nemlig etter skaftet han brukte å sikte, og den som var så uheldig å komme framom når han slepte pila, han blei alveskoten. Det var det same om det var folk eller fe.

Seinare blei det stilt om alven og skytinga hannos. Derimot var det enkelte, lenge, som kunne «skyte alven», bl. a. ho Gammel-Olina på Stave. Men de måtte vere to kjerringar i lag om konsten; og to kjevla og eitt trau hørte med. Omgangsmåten elles er ikkje kjent, sånn i eitt og alt, men de hadde iallfall god greia på kor de skulle finne alven eller kunne gjete han opp: Det var i fjøsen. Så var det om å gjere å få inn ein fulltreffar med baksterrullen. Ein passelig smell hørte og med, og så spurte den andre kjerringa: «Ka du gjer?» - «Eg skyt». - «Ja, ka du skyt?» - «Eg? Ka eg skyt, eg? Eg skyt alven, gjer eg. Eg skyt, eg!»

I svaret skulle det nemlig vere fletta inn 7 gongen' «eg». Og såleis'n dreiv de på noken omgangar, til så lenge at de hadde tru om at han måtte vere daud.

Julenissen var det ikkje så mykje snakk om, før i tida: Men på Hau­gen brukte de då å fortelle ungane at julenissen kom ifrå Trollkjerka.

Inni Forfjorden sa de at det var ifrå Blåberget julenissen kom. - Der var det og snakk om ein Blåberg-Anders, men det er meir uklart ka det var for ein skugge. Helst var det vel berre ein bjørneskyttar som budde der inn'.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/21