Autorisert Alvilde og Oskar fortel

  Autorisert

Alvilde og Oskar. Foto: Finn Myrvang.

Kilde: Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett: Bø bygdelag

Vilkår for bruk:

  Autorisert

Nakling. Til h. Leitet og litt av Klakken. Foto: Sigurd Blix.

Kilde: Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett: Bø bygdelag

Vilkår for bruk:

  Autorisert

Anton Ellingsen, Vågen (t.v.) med mannskapet sitt. Foto utlånt av Peder Ellingsen.

Kilde: Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett: Bø bygdelag

Vilkår for bruk:

  Autorisert

Lokalen kjem til Skagen. Oskar til h. (med ryggen til). Foto: S. Blix.

Kilde: Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett: Bø bygdelag

Vilkår for bruk:

Alvilde og Oskar Olaisen bur no på Fjærvoll, men var mange år i Værøya. Dei vart gift i 1925. Vi skal la dei fortelje om korleis det arta seg, tilværet der ute.

Alvilde: Vi budde først hos han pappa (Tobias Andersen) på Nakling i mange år. Men så tok bror min over gården, og då flytta vi til ein plass som kaltest for Væte. Det hørte til Været. Der stod eit gammalt hus som var etter ein som heitte Per Mekkelsa. Han var den siste som åtte det. Der var berre det eine huset i Væte.Det var våtlendt i Væte. Oppføre huset var det ei myr vi kalte for Svinskrubbmyra. Der var ein grunn brynn òg; det var den han Per Mekkelsa brukte. Men det var også ein brynn lenger ned imot fjæra, på ein plass som kaltest for Preikstolen - eit stort berg som står der nede. Der er enda ein mur ifrå sildtida.

Vi bar vatn på børtre og i armane, frå ura nedmed Preikstolen. Kvar gong det var sny, måtte vi moke brynnen opp. Der var ikkje brynnhus, så der var stadig overfoke. Det var veldig tung oppoverbakke og berre urar. Noko vasstre inne hadde vi heller ikkje - vi berre bar i bøttene etter som vi brukte. Og når vi skulle vaske kleda, var det å bere inn i ein stamp til vi syntest at vi hadde det vi trengte. Huset var så dårlig at det gjekk ikkje an å ha vatn ståande, det fraus. Det var så opent at snyen fauk inn.

Vi budde 15-16 år i Værøya. Vi hadde 11 ungar, og vi hadde berre eitt rom å vere i, med eit lite loft over same rommet. Det andre rommet var berre som eit skur utføre. Så det var ikkje rart. Nei, det var ikkje rart: Det er ikkje nokon som vil ha prøvd det i dag, viss dei hadde fått sjå huset. Men det er kome på avstand, og når vi fortel det for barnebarn, vil dei ikkje tru det. Dei berre ler åt oss.

Oskar: Eg torva to år oppom Porten på Fjærvoll. Og då bar eg torvet opp og tvert over Åsen og så ned hit til Fjærvollsjyen. Det var steintorv, ca. 60 kg i kvar sekk. Ja, eg har vore så manggong på vågskåla og skulle ha gått klar. Ein gong brukte eg tre timar i motvind på å komme fra Triflesa til Værsleia med torvfarm. Det var pund jul. Båten var så attsett med torvsekkar, og med Bondbøen røyste eg segl ei lita stund: Då eg kom fram, sydde det av sjy i torvet att i båten.

Alvilde: Eg er fødd i 1907. Da vi var ungar, var vi fleire vintrar og skar tang, vi på Nakling, og det gjorde vel dei andre rundt om òg. Eg var ikkje stor, første gongen eg var i lag med han bestefar. Og når våren kom, at snyen begynte å løss' utav, var vi inni uran, der vatnet sildra og rann. Der vart det snart grønt, og vi raska senn' vi kalte - store sekkar med græss som vi bar heim. Der var også litt blad og lyng. Ja, og så løypte vi hauv av fisk. Det var eg også med på, etter at ho mamma døydde ifrå oss og eg var konfirmert. Ho døydde ifrå oss så tidlig: Då var vi 11 søsken heime, og den minste var eit halvt år. Vi hadde ei ku, men eg var berre på 13. året då ho mamma døydde, så eg greidde ikkje med kua. Og eg gjekk på skolen endå. Så ei søster, som var eldre enn eg, var då heime ei stund. Men ho kunne ikkje gå heime så lenge, så eg vart åleina med det igjen, og dei andre søskena var yngre enn eg. Kua var veldig tungmjølka, og vi måtte skille oss med ho. Eg veit eg stod over ei stor løypgryte i kjøkkenet og var heime av skolen. Da kom læraren. Det var han Larsen - han hadde vore sersjant. Han kom berre til Nakling fordi han skulle «opp på landet» då. Men så såg han innom: Å - det er slik det høver til, det er dét du styra' med, sa han. Han visste korleis det var.

Det var ingen som miste krettur, det eg hørte om, sjølv om vi ikkje hadde ris å gje dei. Folk hadde òg ein 5-6 sauer. Men den siste tida, då det ikkje var så mykje folk igjen på øya, var det enkelte som hadde mange sauer, for då slo dei i liane til dei som var flytta.

Oskar: Eg hadde ikkje slåtte, men eg har vore med på å slå. Folk hadde kvar sine teigar. Foreldra hennes Alvilde hadde slåtte oppi Trollen. Det gjekk heilt opp på fjellet der.

Det var å stå opp når klokka var fire om morran og gå i fjellet. Det var i juli. Åja, dei slo lenge utover sommaren, for det gjekk ikkje så snart. Det var når han var opplysen og tørrver, sa dei fekk seg ein dag. Men det tørka veldig fort i fjellet, fjellgraset. Folk slo og skrapa heilt opp på tindane, dei på Nakling og i Skjerdingstad. Så pakka vi i snøresekkar oppi liane når vi hadde fått det tørt, 40 kilo eller meir, og rulla det ned på innersida. Det stoppa nedi fjellfoten, og så bar vi det derifrå og ned i båten. Det var på Engan. Så rodde vi om, gjennom Værsleia, og bar opp igjen. Det hendte folk førte rågras òg, når det var mykje regn.

Det var ingen som gjekk klar under fjellslåtta. Det hendte derimot under eggsanking, men det var lenge før mi tid.

Alvilde: Heime hos han pappa hadde vi både sauer og ku, til dels to kyr. Men vi for vår del hadde verken krettur eller potetland, så vi måtte kjøpe både mjølk og kjøtt og alt. Der ute var ikkje å få kjøpt noko i Været, iallfall ikkje dei siste åra.

Potet var der knapt forhold for å dyrke. Når du går imellom Nakling og Vågen, så ser du dei jordbetane som er. Det var dei betane dei braut opp imellom alle steinane. Men dei som hadde gård, hadde gjerne små potetland likevel. I Været slo han Gustav Sannes, andre hadde ikkje noko der å gjere. I Litløya er det lite eg har vore, men eg trur der var meir jord, så liten plassen elles var. Iallfall der han Ol' Persa var.

Det var mest flatbrød vi brukte, i staden for potet. Og det bakte eg året rundt, i massevis. I vår familie brukte vi, den tid ungane voks opp og var heime alle saman, 20-25 leiv' flatbrød i målet. Det var flatbrød av rog og sammalt hvete. Dei var då blitt så store, gutane, at ein leiv brød på dei vart ikkje noko. Eg bakte nærsagt for veka, det siste, for eg fekk ikkje tid til meir. Men med kvart tok eg ein dag då eg baka meg 40-50 leivar. Det var både sommar og vinter. Det var mest på Vinje vi handla, hos han Christensen. Det var å ro opp på småbåt og lende med Vinjesjøen. Men dei siste åra, då han Reidar Robertsen hadde handel i øya, handla vi der. Potet var det sjelda tid vi kjøpte.

Stump bakte eg to og ofte tre gong i veka. Ei stund steikte eg berre i gryter (runde kaker).

Oskar: Ka du trur kor gode dei var!

Alvilde: Når eg steikte flatbrød, hadde eg ikkje steikeomn, men ein av desse lange bu-omnane med to hol og ringar. Somme hadde ei jernplate som dei la over. Det var gjort i gruene òg.

Det var vanleg i Væraya at folk brukte mykje flatbrød. Kvinnfolka kom i saman om haustane.

Det hus' eg, at ho mamma og dei fra Skjerdingstad samlast hos oss på Nakling - dei var sjølvsagt hos dei andre òg om ikkje eg kan hus' det - og mine foreldre hadde eit stabbur der dei var og stækt'. Dei la ned i tynner for hausten og vinteren. Dei bakte klinlefse òg, det var vanleg kvar haust. Lefsa var til jul, og til søndagsbruk. Men flatbrødet var kvardagskost. Dei bløytte det i ei gryte, og la det utover tallerkenen, med smør og sirup eller sukker på. Så la dei det i hop til «flatbrødlefse», som eit flatt kremmarhus. Folk åt flatbrød og drakk mjølk. Det var flatbrød til fisken, og flatbrød åt sild - når ho gjekk under land. Eg veit ho landgjekk så vi kunne ta ho på tørre fjæra. Det var på Nakling. Og storseien ! Eg hus' ein sommar: Då krøykte dotter hass Anton Ellingsa 30 storsei. Ho og fleire andre kvinnfolk låg på Naklingsvågen med lettbåten.

På brødet brukte vi margarin, og til pålegg sirup og ost, mens vi var der ute. Vi hadde ikkje mjølk så vi kunne koke gumme sjølv. Til jul var del bakt julekaker og klinlefse, og så laga vi fiskekaker og fiskeball. Hadde vi råd, kjøpte vi litegrann kjøtt og.

Men gode tenner, det hadde ungane våre. Det vart tannlegeundersøking, og dei spurde kva kost vi brukte? Nei, vi brukte då stort sett det dei andre brukte - noko anna visste vi ikkje å seie. Men saka var nok den at vi brukte for det meste grovt mjøl, og så det flatbrødet.

Om haustane brukte folk mykje saltfisk, iallfall når det vart mykje dårleg ver seinhaustes. Men når folk var på sjøen, var det sjelda gong at det ikkje vart kokt ferskfisk, for dei som var roen hadde som regel lyst på ferskfisk når dei kom på land. Og når dei kom med seinota i fjæra sommars tid, bar det ned med kvinnfolka for å hente fisk, slik at maten var ferdig når mannfolka var ferdige.

Han Oskar fiska elles massevis av kveite, men ikkje særskilt frampund jul, anna enn det var slumpetreff. Fryseboks og sånt fanst ikkje.

Oskar: Eg har vore med og fiska kveite oppmed land, men ikkje så mykje lenger ut. Kveiteplassen verkeleg, det var med Utflesa. Så har vi det runde skjeret tett utfor Fyllingan, og Kruken og Litl-Kruken. Når det er sjøburd, bryt det godt over Kruken, ja over Høgholmen òg, i ralingane.

Då eg var ung og begynte på sjøen i lag med bror min, hadde eg noka line: «Nu ska vi snerr' lina og lag' tel vad», sa eg. Og så laga vi til 31 onglar. Då fekk vi ei kveite. Så sette vi igjen, drog andre gongen og fekk ei til. Men tridje gongen vart vi fri. Men fjerde gongen fekk vi ho igjen. Men eg har vore med Utflesa, eg og ein annen som er død no. Det var før eg vart gift. Vi hadde 31 onglar der òg, og da fekk vi 7 kveiter! Men ho var ikkje så stor, så det vart berre halvanna hundre kilo. Men det må ha vore eit heilt si' den gongen. Då sa eg: «Ja, vi kan vær' glad at her ikkje står vad, for då hadde dei trudd at vi hadde hanka vaden.»

Ein annan gong var eg og han Toralf og drog lina. Vi hadde tre stampar line og ein stor, svær ein treroring. Vi hadde fiska omtrent i han, med småkveit' og hys' og tosk. Det var berre storsjøver. Då vi skulle fare ut, trudde vi at vi skulle få sigle, for han var sudvest. Men han kjente vestlig, så vi måtte ro åt Fyllingan. Ja, vi måtte ro til vi kom åt ilen, for han kjente meir og meir imot. Det var skymt, for det var sist i november. Han blei sterk, og eg frykta for nordavind. Eg berre hanka og høgde i morelden mens vi drog, og såg ikkje kva slags fisk det var. Eg drog i stampen, og han Toralf sat framme og andøvde punde. Så skulle vi røyse segl, og vi måtte skynde oss: Vi kallar det øylending når han kjem frå inn over nord - ein forferdelig kuling. Og vi røyste - men eg såg ikkje fyren i Litloya og ikkje løkta, ikkje nokon ting. Men vi skulle fire unna med fokka litegrann, til eg fekk det på meininga at vi var komne sør for Brottan. Dei ligg på sørsida av Gottingskjeret. Men eg såg ingen ting, og eg funderte på om eg skulle fare sørom eller nordom. Og han Toralf fira i piken stødig. Eg trampa i plikten åt han: «Du må ikkje fir' i piken, før vi har god tøngna i båten!»

Så sa eg med han: «Nu må du sjå om du ser Svartoksen - eg høyr' det bryt.» Det var farlig ved Svartoksen, for der bryt jamt. Men når du er kjent, kan du legge på leia når han har brote to-tre gongar. Leia opp til Været går forbi Svartoksen, men det er jo ikkje lengre vegen enn at dei også gjekk rett opp til Nakling der. Han Toralf såg ikkje noko, først, men best som det var, såg han Svartoksen og at vi var akkurat i leia! Då vi kom til Nakling, var det som å komme til ein by, av lysa i regntjukka og skodda. Og ikkje kjente eg folk nedi støa og fjæra heller, kven det var, for alt at eg hørte dei prata. Og det var ingen som var på havet, for dei såg ikkje å gå ut.

Det er berre støvelhav utom Værøya, likeins overalt. Du må vere like kjent som i din eigen bukselomme. Vågsleia kunne vi gå nokså lenge, men ho vil bryte i hopen, så motorbåtane måtte vente. Men «væringane» som brukte Svartoksleia, dei var ikkje ute i sa fælt eit ver at dei måtte gå nordom Flatholmen og på innersida av Været.

Innom Fyllingan er det som ei lei, Veita - ei silveit - til vi kjem åt Andholmskallen. Der er eg ofte når eg er roen. Sørføre Fyllingan ligg Fyllingsskaftet: Der imellom er det alldeles grunt, så det tar av der når den verkelige tungsjøen kjem. Men når han verkelig er uver, bryt han over heile greia.

Ja ja. Eg har vore på Balan på sjark. Vi brukte Nyken på Hadseløya til med, oppi Litløya, imellom Litløya og Værøya osv. Og andre vegen hadde vi Skogsøya unna Nykan. Det var sei vi var etter då. Men vi hadde kveitevad der òg. Og eg har vore åleina på Innhavet på ein kjeks. Eg rodde om natta og drakk kaffe då eg kom i land, og så var det til Neset for å selje; det var like før makketida og vanskeleg å få selt fisken i Værøya. Eg brukte 3½ time til Neset, kvar veg. Men det lengste eg har vore, er på Tørrisgrunnen med sjark. Han ligg ut og sør av Skallan. Lenger nord er det ein rygg som heiter Nygrunnen.

Alvilde: Han Oskar rodde på sjøen om morgonen. Så var det å fare oppover (på Bygda) med fisken og for å handle, og seine kvelden når han kom utover igjen. Om vinteren var det jo mørkt. Det var same saka med mine foreldre òg. Min far og bestefar, dei drifta med åttring og rodde garnfiske på fembøring om vinteren. Dei rodde frå Nakling og hadde også med folk ovanav Bygda.

Oskar: Det var Utflesa som låg best til for vinterfiske i Bø, men då ikkje spesielt for Værøya. Og Føre hadde Novskallen tett bortføre, men der var ikkje så mykje fisk. Værøyingane, dei fiska med med Braken, til det vart Lofottid. Oppsigfisken merkte dei især på Fyllingsklakken, men seinare kom fisken både til Braken og dei andre garneggene, heilt åt Krasen. Så fisket for Værøya vart betre etter som det leid på tida. Men Utflesa, ho var berømt.

Værøya var især kjend for skrapfisket om våren, og seifisket om somrane. Då var det mykje folk som kom utover frå Landet. Seien og skrapen vart hengd, det var det vanlege. Folk i Skjerdingstad hadde båtane sine liggande på Naklingshamnen (Naklingsvågen) om vintrane, men om våren og sommaren vart det mykje liv i Skjerdingstad.

Han Reidar Robertsen var den siste som kjøpte fisk i Værøya. Han bygde i Klakken, der det var vinterhamn. Der var det arbeidd mykje, og levert fisk. Han salta fisk òg, i nokre år. Det var om vinteren. Det gjorde andre òg, såleis han Ragnvald Roarsen, og han Karl Sannes i Været i seinare år. Eg var med han, vi låg med Braken med lina.

Alvilde: Han Reidar var fødd i Skjerdingstad. Eg og han var søskenbarn.

Oskar: Før Reidar si tid var det jo ein i Litløya som heitte Ol' Persa. Der var stor handel, også med brennevin. Det var rett som det var at non' kom heim og non' ikkje. Fisk kjøpte han Anton Ellingsa i Vågen òg, men det var om våren berre.

I Været står det ein stor mur, men den har det ikkje vore bygd på, Det var tanken det skulle bli eit salteri der, i storsildtida, har eg hørt. Men så fór silda, og det vart ikkje fullført.

Alvilde: Det hadde vore brennevinshandel i Klakken òg, men han var slutt før vår tid. Den såkalla Klakkbua stod endå, ei stor og rød rorbu på ytste odden av Klakkhumpen. Ho var ofte brukt av folk ovanav Landet som rodde vårfiske, den tid eg voks opp.

Oskar: Eg låg sjølv i ei bu i Klakken i lag med far min, då eg var i konfirmasjonsalderen. Vi var der på fiske.

Alvilde: Om sommaren var det å ligge med seinøter. Eg var ganske ung den tid han bestefar enda hadde fembøring, vel ein 12 år; det var mest brukt åttringar på sluten. Når dei låg etter seien, volla dei nøtene oppå berga i Klakken. Dei kunne fiske så mykje sei at dei sat i fjæra heile dagen for å gjere han til: Råskjerde han og få han skylla og på hjellen. Og då var kvinnfolka nede på fjæra med kaffe og pannkaka og anna mat. Det var så triveleg. Fisken skylla dei i sjøen, og hjellane stod på Kavlhaugen i Været, utpå Vætebergan, i Klakken og i Ura og på sjølve Nakling. Det har stått ei stor rorbu og, i Ura. Det var ei som kom han Fredrik Andersa på Nakling til. Og der i Ura budde det då folk lenge, ein familie der mannen heitte Eliot.

Seien dei hengte, selte dei hos han Håkon Lockert med Vinjesjøen.

Oskar: Bror min og eg sette opp ei seihesja - det var den første hesja som var på Nakling. Det vart mykje finare sei med det, for ei hesja blir luftigare enn ein hjell.

Elles kan eg minnest at eg sat og såg på at det segla hamarøyingar ut til Værøya på firroringar og åttringar, med eg var glunt. Dei var heldige fiskarar, og dei kom år etter år. Vågen var deres plass: Der rodde dei, der volla dei og der tørka dei seien. (Sjå Bø Bygdebok, b. 1 s. 30 og 33.)

Alvilde: Attmed Preikstolen vi kalla hadde vi brynn, og der var det eit par buer der hamarøyingane tok inn. Vi kalla dei berre for Hamarøybuene. Der brukte å vere to notlag, far og son med kvart sitt mannskap. Og der var mykje liv neri dei buene, med dans på laurdagskveldane. Vi framvekstringar lura oss opp på Vardhaugen i Været for å sitte og sjå, for vi hørte trekkspellmusikken. Men å gå så nær som på Preikstolen, det torde vi ikkje. Folk der ute hadde dans til felemusikk òg. Fredrik Andersa, bror til bestefar min, han var ein meister på fiolinen. Ein gong var det dans i stua på Kulen oppfor Nakling. Då hadde dei vore og henta han Fredrik. Eg var og gløtta der òg, men eg var ikkje med - endå. Vi samlast der det var musikk, vi som var i den alderen. Ja, eg trur han Fredrik var 70 år, siste gongen han spela til dans på Nakling. Men då hus' eg han sa at han trudde ikkje han skulle vere med på det her meir, han var for gammal. Seinare var det sønene hans Ragnvald i Skjerdingstad som spela til dans.

Ja, dans kunne det vere til forskjellige tider på året, og i forskjellige hus. Men noko forsamlingshus fanst ikkje.

Og veg var der ikkje, lenge, anna enn den smale vegen fra Skjerdingstad og nordover (bygd av hamnevesenet 1904-1909). Når ungane gjekk i småskolen i Skjerdingstad, måtte vi følgje dei eit stykke på veg, så dei kom over det verste. Brua nordom Skjerdingstad vart bygd så seint som i 1936. Men han lærar Sæther var svær med det at han både gjekk imot dei og følgte dei heim, ein god bete. Han budde på skolen, for det var 14-dagsturar. Før skolen vart bygd, skola dei i den store stua hans Hagen i Skjerdingstad.

Når vi ikkje kunne følgje ungane, var vi manggong engstelege, for der er så brattlendt, og med kvart rann der vatn så det vart is på vegen. Ikkje det, så var der laussny, så dei visste ikkje ordet av før dei gleid utover. Og ofte var vi redde på grunn av brua òg, for ungar er ungar: Dei hang utføre brua etter armane for å prøve seg, og forskjellig sånt.

Han Olav vår datt eingong utføre på ein plass vi kalla for Issvullen, for der rann alltid vatn. Det hadde vore tøver, og så svall det opp ein stor haug med is tvers over vegen. Der glidde han utføre då han skulle klatre over, ein gong vi skulle på jultrefest. Han hadde mat og koppar med seg. Han var vel ni år, og eg trudde ikkje det spann liv i han meir, for det var berre ur nedafor, og mørkt og svart om kvelden. Og han slo seg litt, men det gjekk godt elles. Ja, vi var manggong redde den tid eg sjølv gjekk pa skolen òg - glidde og datt.

Under krigen var det rett som det var miner som låg og daska i steinane nedi Trælvika, tett nedfor vegen. Ein morgon han Olav skulle gå til Skjerdingstad, råka han på han Halvdan Hagen. Han stod og såg på ei mina som lag i fjæra nordom brua. Ho slo mot steinane, for det er alltid sjøburd oppi der. Og eg trur det var så han sa med han Olav: «Du skal berre gå innføre litt, du skal ikkje vørde å stå der.» Sjølv gikk han attom ein stein, i sitt eige ærend. Og han hadde ikkje før sett seg før mina gjekk av. Han fauk i veg så han visste snarsagt ikkje kor han var, og sand og anna heivst oppetter - men der kom ikkje stein som trefte dei. Det var vel det at mina slo ned, og der var sand. Men han Olav sa han hørte ikkje, endå attpå han var kommen heim.

Oskar: Det er ein stad i Været dei kallar Oppsåta. Der fann han Kåre vår ei mine, han gjekk i rakfjæra. Då kom dei heim med ho, to gutar - det var visst ei flymine. Dei trudde det var ei pakning med eitkvart godt i, og la ho i graset. Men vi var då og varskudde lensmannen.

Og ei stor hornmine rak på land i Været tett nedføre der vi budde, i ei lita bukt som du kan nå over med ei råvedstong. Der låg ho og daska og rulla mens sjøen flødde, og eg låg lenge og gløtta på ho før eg tok sjansen. Då var eg på hjellen og henta ei rådvedstong, og så til å «mate ho» så ho ikkje kom imot berget. Ho trilla jo mange gongar. Men eg mata ho til ho kom utføre ein liten odd i fjæra. Så rak ho igjennom Været, for han var synnavind. Ja, kva du trur kva miner der kom hellest, som ikkje var sprengt.

- Kva hadde måtta til for at folk ikkje skulle ha flytta?

Oskar: Ja, det var prata blant folk om at der skulle ha vore ei bru, men det ville ha blitt altfor kostbart. Der var for lite folk og for lite frakt til å ha ein båt gåande i rute òg. Det var det som var.

Alvilde: Når vi kvinnfolka skulle på Landet, måtte vi berre skippe oss etter som det høvde, med ein båt som rodde eller gjekk. Med kvart fanst det folk heime som hadde motorbåt, andre gongar måtte vi fare i lag med postmannen på ein liten sjark med motor i, ein treroring. Og då kunne vi vere mange kvinnfolk med.

Eg hus' ein gong han Karl Sannes, postmannen, skulle gå med ein sånn liten båt. Då kom han med så veldig eit ver, så det slo inn i båten. Vi var ein masse kvinnfolk. Nokre ropa og skreik, andre bad, og det var forferdeleg. Det var vinters tid og kaldt, så vi fraus, for alt at vi brukte ikkje så lang tid over Flaget. Så var det å gå på butikkane oppe på Vinje, og fare utover etter at det var blitt mørkt, som oftast. Slike turar hadde vi især før han Robertsen begynte å handle der ute, men etter den tid òg, for han førte berre matvarar. Det hendte òg vi var med oppover for å kjøpe brensel og anna, når vi var fri: Vi måtte opp og kjøpe hos desse bonan' og drage ned til Vinjesjøen, om vinteren. Så i båten med det, og bere det opp heime. Det var eit slit. Men verst var det når vi var på Flaget, og vi var manggong vel våte av sjøskvett. På sommartida hendte det at kvinnfolk rodde aleina, men også om vintrane var vi med på småbåt.

Oskar: Det letta jo folket mykje at han Reidar Robertsen begynte å handle der ute, før krigen. Men han var vel sjølv ein av dei første som tenkte på å flytte oppover. Det var ein vinterdag han kom ifrå Skjerdingstad til Nakling for å komme åt båten, og då hadde han sømt hit-ett i sny. Eg var med han då han gjekk oppover til Skagen etterpå. Attpå var vi gåande til Vinjesjøen, og du veit, her oppe var det pløgd. Då sa han: «Nu kan du sjå før non' goda di har her oppe. Vi må vær' med og betal' skatt, og vi slit oss i hel, men vi har ingen goda utav det. Det ska ikkje vær' lenge førr eg tar staven og rusla.»

Alvilde: Vi flytta hit til Fjærvoll i 1948. Vi fór frå Værøya før utflyttinga var starta for alvor. Dei som fór attpå fekk flyttetilskott, men ikkje vi. Men vi var nøydde til å fare, for borna var blitt store, og det var verken husrom eller anna for dei der ute. Då var det enda mykje folk i øya, eit par familiar i kvart hus overalt. Vi hadde fått alle våre då vi flytta, men den eldste av ungane - ei jente - var då konfirmert og inne på Stokmarknes hos søster hans Oskar. Far hans Oskar var då blitt åleina og så gammal at han måtte slutte med alt, og ville berre at vi skulle komme oppover jo før jo heller. Vi betalte terminane ei stund før vi flytta, så han kunne halde ved like det gamle huset han hadde og ikkje bli skill med det.

- Er det ikkje rart å sitte her inne og sjå utover mot Værøya?

Oskar: Ikkje Værøya, for vi sleit så mykje der. Det var der eg ikkje skulle ha vore, så hadde eg vore friskare enn eg er i dag. Men eg må jo smått ut for å drage kokning. Og sjå utover havet, det gjer eg, ser etter gutan'. Han Olav driv mykje utmed Skallan med vad og juksa om sommaren. Eg har walkie-talkie, og han må stå på heile dagen - eg må høyr' - og så brukar eg kikerten. Så eg er med !

Båten han Olav har, det er ein svær båt. Han er 41 fot og heiter . . . nei, det har eg ikkje fortalt deg om:

Det var for mange år sidan. Han Olav er den eldste av gutane våre, og han var nettopp konfirmert. Det var den 18. mai, og vi to skulle ro ut og sjå om vi fekk drage oss seikokning. Ein kar som heitte Angel skulle ut på Innhavet i lag med ein annen og drage vaden omtrent samtidig; han hadde ein vel 50 fots båt. Han var ein liten gråe, men vi strekte seglet og sat på framårane og rodde. Og han var ein heil straum då vi kom ut. Det var om ettermiddagen. Vi skulle berre ha oss kokning, og han var forferdeleg med straum. Først drog eg ein sei, og fór nærmare Braksteinen, og der drog eg ein til. Men då sa eg: «Nu har vi fått kokning, nu ska vi far' på land», for eg såg han vart så rar - han la over nord i Nykan. Eg har ikkje før sagt at vi skal fare, då ser eg at det mørknar så, og der kjem han med rokket. Og du kan skjønne for ein sjø han vart, av di at straumen bar imot. Ja, han skulle ha reve kledan av oss. Eg hus' ikkje om det var eg eller han Olav som mista huva, men fri for vottar var vi begge, for dei var gått så i hopen at vi fekk dei ikkje på hendene. Og snyfokk!

Dei to som skulle drage vaden, snudde i Hølla. Og vi kom oss pund Krasen, men kva du trur dei sjøane når dei braut ut - så det blåna igjennom. Hadde det ikkje vore det at eg var vant på sjøen og hadde sjøvett - for eg var ni år då eg begynte på sjøen i lag med far min. Så sa eg med han Olav: «Nu må du hold' an», for då klarte vi ikkje å ro unna brekningane. Så måtte vi heller ligge og vente på dei til dei kom. Vi måtte ikkje ro, for når brekningen tok oss, kunne du med kvart tru at båten kom over deg - og så la han til å renne på sjøen, mens det liksom tralla av all luften oppunder. Og når brekningen var gått over, var det å skrå inn for at vi kunne klare å «ta» Krasen. På slutet klarte vi å komme oss pund Krasen. Men eg sa med han Olav at «du må berre vær' førsektig og ikkje bryt' av åra». Skjeran vi kallar ligg lenger sør, og då vi nærma oss Krasen, trudde eg at vi skulle komme dit. Men vi rak nordover, av di straumen rann imot nordavinden.

Så lå vi pund Krasen - der er ein rund, stor stein som det bryt over - og eg auste meg då opp, for båten var mykje over halvfull av alt som kom inn. Men når eg auste og guten skulle andøve, bar det attover med båten, for han var jo aleina i årane. Så fekk vi ein lyring til, og det var på same måten - nei, det var enda verre. Å bevare deg, kor sterk han var! Eg trudde sjølv at det heran kunne ikkje gå. Og han Angel, dei kom av Hølla og gjekk tett forbi oss, men ikkje såg oss, for sonen stod med styrhuset på den sida som var unna veret, så det hjelpte ikkje at eg ranga av meg oljebuksa og vifta med ho. Og der var ein annen båt, ein 30-foting, og ein 24-fots båt som bror hennes Alvilde hadde - dei klarte ikkje å gå utfor leiane. Men den eine, han var då gått til Litløya og skulle sjå om vi var komne unna dit.

Mens vi låg der pund Krasen og andøvde på halvtridjeroringen, tenkte eg med meg: «Skal eg lat han få segl - skal eg trø noka sjy i han, og så gje han fokka pund fyret?». Eg hadde nemleg ikkje stein i båten. Han løya då litt i vinden, og best som eg ligg der, ser eg det kjem ein motorbåt. Det var han Egil Roarsa frå Skjerdingstad. Då var der ein som hadde komme sørigjennom og sagt at han måtte gå ut og sjå etter oss. Han hadde ein 50 fots båt, og der var ein kar som stod framme og heldt seg i staget, ein som var vant på redningsskøyta. Vi var tett innpund, men det var så vidt at dei såg oss, enda eg vifta med oljebuksa. Samtidig snudde han som hadde gått forbi oss, og gjekk til Braken. Da signaliserte han Egil med lyskastaren, så han forstod og kom til bakers, og opp.

Men båten som han Olav har, han heiter «Krasen».

Finn Myrvang


Denne artikkelen handler om

Historisk hendelse

Tidsepoke

Om innholdet

Kilde:
Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/02/27