Arnipa og Trondeneskjerka
Trondeneskjerka er så gammal at ingen veit kem som bygde ho. Eit sagn fortell at det var eit troll som var byggmeisteren, og i lønn hadde presten på Trondenes lova trollet sola og månen. Då denne résen kom til Trondenes og skulle ta til med bygginga, fann han ikkje slik stein han ville ha. Dermed strauk han til A´na for å sjå om ikkje der skulle vere stein som høvde seg. Og i Arnipa, der var det stein nok, og det av rette sorten. Så tok han til å frakte stein over Andfjorden, og til dette arbeidet hadde han ein underjordisk hest. Arbeidet med å bygge kjerka gjekk godt. Då han hadde fått på taket og skulle ta til med å bygge tårnet, kom résen på at det kunne bli farlig for han å komme så høgt; han kunne lett bli ”svemmelen” og dette ned. Så fann han ut at han heller ville bygge tårnet ferdig attmed kjerka og sette det opp heilt til slutt.
Men presten, stakkar, som hadde lova résen sola og månen i lønn, han visste ikkje korleis han skulle komme seg ut av denne klemma. Kunne han berre få greie på på ka résen heitte, så ville han vere berga. Men det var ikkje lett. Sjølv om résen var ein heil pratar, så greidde presten ikkje å lirke namnet hans ut av han. Og spurte presten ka han heitte, rett ut, svara résen berre at det kunne han ikkje fortelle dersom kjerka skulle bli ferdig.
Men så var det ein dag at presten gjekk forbi kjerka. Résen låg og arbeidde øvst på tårnet, og det var straks ferdig. Presten stoppa og såg på. Då hørte han grant at det var nokon som song, under kjerka. Han tok til å høre godt etter, og då kunne han skjelne ein visestubbe:
Sulle lulle, litje gullet,
i måra kjem han Steinfinn, far din.
Han har bygd ei kjerka så skjønn;
Sol og måne han får i lønn,
Vakkert eit spell åt banet
So,ro, liten kinn,
I måra kjem han Steinfinn, far din,
Han som bygde kjerka så fin –
Med sol og måne på ryggen sin
Og pene spell til bonnan
So ro, liten kinn
I måra kjem han Steinfinn, far din –
Han som bygde kjerka så fin –
Med sol og måne i haugen inn
Til vakkert spell åt banet!
Då forstod presten at det måtte være kjerkebyggaren sjølv
Som heitte Steinfinn, og så ropa han åt han på tårnet: ”Steinfinn, akt deg!” Trollet stompa ned med det same og slo seg i hel. Slik skal det henge i hop at tårnet på Trondeneskjerka frå gammelt står attmed og ikkje oppå kjerka.