Barskogen i Bø
av Einar F. Johnsen
Det er ikkje heilt sjeldan ein høyrer spørsmålet: Kva tid kom granskogen (barskogen) til Bø? Spørsmålet er interessant, etter mitt syn, og eg har derfor henta inn opplysningar frå Salten Skogselskap, Mørkved ved Bodø, og frå heradsskogmeisteren i Lofoten - Vesterålen. Denne oversikten går fram til 1954, så vi skal derfor ikkje kome noko særleg inn på «skogsarbeidet» etter denne tida.
Den første planlegginga av barskogfelt vi kjenner til vart gjort i Skårvågen i 1908. Det vart gått ut 10 da (dekar) til planting, men der vart aldri planta, merkeleg nok så i følgje feltplanoversynet. Men sanninga er at det likevel vart planta furu i Skårvågen før 1920, men utan at skogselskapet har registrert det, om ikkje i planlagt omfang: Eldre menneske på garden fortel at det var skuleborn som utførte plantinga. - Det ser etter desse opplysningane ut til at den første barskogen i Bø slo rot i Skårvågen.
Det vart etter dette ikkje planlagt fleire felt i Bø før etter 1920, men då greip skogreisinga om seg: Det vart lagt ut plantefelt til Trygve Haug på Rise, Paul Kristensen med fleire på Vea, Paul Lockert på Eidet, Sigurd Klausen i Pollen og Trygve Sivertsen på Lynghaugen.
Før 1940 var 4 av dei først utgåtte barskog-felta i Bø fullplanta. Der var då 11 da i Veanova hos Paul Kristensen med fleire, 11 da på Eidet hos Paul Lockert, 11 da på Rise hos Trygve Haug og 6 da på Gimstad hos Karl Sjursen.
Av sortar dominerte den såkalla norskgrana. Blågrana, òg kalla amerikansk gran, har derimot hatt det vanskeleg med trivselen dei fleste stader. I Veanova finn vi også kvitgran og edelgran, men desse trea kan vi telje utan vanskar. Furua sneik seg til litt plass i den første skogreisingstida, men ho har stort sett ikkje funne seg til rettes. - I den seinaste tid har norskgrana fått konkurranse frå den meir hardføre sitkagrana, og det er også sett ut noko Picea Lutzi, ei kryssing av kvitgran og sitkagran.
Kanskje er det mest interessante barskogfeltet i kommunen å finne hos Johan Johansen på Klakksjord (Elvbakken). Dette har fått status som forskningsfelt, og kvart tre har fått sitt eige nummer på stammen. Her blir tilveksten målt år om anna, og berre det skulle vere nok til at feltet fortener omtale.
Andre som fekk utlagt felt før 1930 synest ikkje å ha kome med i skogreisinga, då iflg. oversikten fram til ca. 1955. Eg kjenner ikkje noka sikker årsak til dette. - At skuleborn stod sentralt i utplantinga her i kommunen, både i startfasen og seinare, veit dei fleste om.
Dette tar likevel ikkje «æra» frå grunneigarane eller andre som har ivra for innføring av barskog. Eg vil heller konkludere med at der i høg grad var eit samspel mellom grunneigararane og skulen om skogreisinga, og det vart sett ut ca. 130 000 plantar (gran og litt furu) fram til 1950.
Skogreising har elles vore diskusjonstema mellom fleire interesser, i delar av landet der barskogen ikkje har naturleg «feste». Tradisjonelt er det tale om tre grupper, nemleg skog-reisarar, gardbrukarar (beiteinteressene), og jegerar og miljøfolk. Sistnemnde gruppe er imot innføring av tre- og planteartar som ikkje høyrer heime i miljøet, og mot at ein ryddar/høgg lauvskog for å plante barskog. Sterkt forenkla kan ein tale om motstandarar og tilhengarar av granskog.
I Bø har ikkje dette vore noko heitt emne, men det rår sjølvsagt meir enn ei meining om saka. Også her på berget har ein og annan no og då snakka høgt om «den kunstige skogen». Som skogreisar og miljø-menneske vil eg ikkje gå meir inn på dette temaet. Det ville lett spore av til ein debatt som frå mi side ikkje var tilsikta.
Eit anna spørsmål som vi kjenner igjen er om det vil bli brukande skog av grana i Bø? Det er i alle fall blitt saga tømmer i Veanova, på Klakksjord og i Pollen, utan at eg vil seie noko om omfanget av dette. Mesteparten vart blinka ut og felt kring 1980, og i Pollen vart der bygd ein fjøs der dei også kunne bruke noko av skogen etter Sigurd Klausen. - Ein sambygding fekk ordna seg med sag tidlig på 1980-talet og har hjelpt fleire med å få gjort stokkane frå eigen skog om til bord og plankar.
Men kan vi tale om naturlag tilvekst i Bø? Vi har eksempel frå Fagerhaugen på at grana har sett rotskot, men det er også blitt mykje konglar på trea etter kvart. Kan eller vil vi gjere noko meir ut av det? - Jau, barskogen i Bø er i dag meir enn til berre juletre. Men ingen har vel noko vondt å seie om juletreet...