Autorisert Beingrindane på Skottberget

Den tid presten Gloppestad kom til Dverberg (1887) var det ikkje andre veiar over blautmyrane enn gang- og ridestiar1). Over Skottberget var det berre ei elendig sti. Etter ei kort stund blei presten og klokkar Krogstad enig om å få oppar­beidd ein brukbar bete vei over berget. Den stubben kom på 100 kroner, og var kan hende første skikkelige veistykkje mellom Risøyhamn og Andenes. - Men på høgste Skottber­get fann arbeidsfolkan beinan av ein mann og ein hest, under grastorva. Då han gamle Andreas Sellevoll (f. 1831?) fikk høre om funnet, kunne han fortelle noke han hørte som ung glunt: Langt att i tida skulle ein mann ha frose i hel i lag med hesten sin på Skottberget. Så det var vel frå den hen­dinga beinan skreiv seg (O. I. Krogstad, Nesna).

1) Prost E. A. Colban skriv 1817 («Beskr. over Lofodens og Vesteraalens Fogderie») om turen til kjerka på Dverberg «der for mange af Bjørnskind sogn vil beløpe sig til 3 mile» og fortel at anneksreisene blir gjort til lands. Folk regnar distansen frå Dver­berg til Andenes eller Bjørnskinn for berre l mil; «men denne mil er saa lang, at en rask hest i fuldt trav neppe kan tilbagelægge den i 4 timer», enda veien er slett og tørr unntatt vår og haust.


Denne artikkelen handler om

Historisk hendelse

Kommune

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/25