Autorisert Birger Martinussen

  Autorisert

Birger Martinussen

Kilde: Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett: Bø bygdelag

Vilkår for bruk:

Magna Martinussen, Tromsø, fortel om bror sin i eit brev dagsett 10. mars 1976:

«Birger Martinussen tok middelskole-eksamen i Trondheim på eit år, men hadde då lese middelskolepensum med ein student heime saman med seks andre. Det var Anny og Birger Martinussen, Alf Hole (tannlege), Hans Hole (dyrlege), Paul Vea, Aslaug Haug og Ida Klausen Fagereng. Første året budde studenten og heldt skole bos lærar Simon Haug, Forøy, andre året hos oss på Nygård (Straumsjøen). So reiste heile flokken til Trondheim og tok eksamen etter eit år.

Etterpå reiste Birger til Oslo og byrja på eit privat gymnas, «Hauges minde», og i 1905 tok han eksamen artium ved Det kongelige Fredriks universitet som privatist. Same året byrja han å studere jus.

Han kom tidleg med i Bondeungdomslaget, og Studentmållaget, og no skreiv han berre nynorsk. Han var republikanar, men har ikkje høyrt at han var med på noko statue-sprenging. Husagitasjon dreiv han med, og han var svært skuffa over at far og heimbygda stemte for kongedøme.»

Det kan knapt vere tvil om at det er atterklangen av denne striden vi merkar i eit dikt Birger Martinussen skreiv ved dette leite, nemleg «Ungdoms eldhug»:

Her raser ein Storm her inne.

Her bruser ei Blodbylgja varm.

Ho er ikkje kveikt av Sinne,

men av Ungdoms Eldhug og Harm.

 

Harm yver Urett i Livet

og Vonbrot og Svikting av Ord,

- yver Saar som i Hjarta hev rive

og paa Barnehugen gjort Mord.

 

Eldhug for alt som kann bana

vaar Ætt mot Høgderne Veg,

for støtt under Framgangsfana

vil Ungdomen fylka seg.

 

Eldhugen det er vaar Styrke.

For Ungdom er Uro og Eld.

Men Alderdom er den myrke

og rolege Livsens Kveld.

 

Magna Martinussen fortel vidare:

«Studietida vart ikkje lang. Alt vinteren 1906 vart han sjuk, fekk nyretuberkulose og kom heim. So frista han å få tida til å gå med lesing, litt felespel, treskjering og skriving. Han «anmeldte» bøker frå Norli og Det norske samlaget, fekk mange småskrifter som han freista få ut. Han fekk både Olav Duun og Hans Selands første bøker til melding, minnes eg.

Han var med i det frilynde ungdomslaget vi hadde på Straume då, heldt foredrag, las opp og song viser. Og no tok han til med «Målet i Bø». Huldresegnene fortalde mor frå Svinøya. Her freista han jo å syne likskapen millom Bø-målet og nynorsk. Eg kan ikkje minnes noko serleg målstrid på denne tida.»

Redd for å egge til målstrid var Birger Martinussen likevel ikkje. I u.l. «Fram» hadde han 27. januar 1907 - og på ny to veker seinare - ei innleiing til ordskifte om målsaka. Her står det m.a. i hans eige, handskrivne manuskript:

Men her staar striden um kva veg me skal gaa. Motparten vil no saa norske fræ paa dansk kulturgrunn. So meiner dei smaatt um senn aa faa norske kulturvokstrar. Dei vil fornorske dansken. Dei staar liksom og skrævar over Skagerak med ein fot i Danmark og ein i Norig. Men det skulde ikkje undra meg um dei ein vakker dag rivna eller datt paa rev i Skagerak. For det er ikkje so greidt med ei slik stilling.

Det er også klart at han veit kva som er norsk mål: ikkje eit «oppkonstruert» skriftmål, som motparten elskar å kalle det. Nei, norsk mål - det er dei norske målføra. Og dette er ikkje noko tillært, eller ei slags akademisk oppdaging for hans del:

Det er kann henda ikkje mange av dykk, som kjenner til dette; men det gjer eg, for eg har sjølv vore uppe i dette og kann henda lide under det meir enn dei fleste. Det fyrste eg kom til Kr(istiania) paa gymnasiet gjekk eg slik innestengd, torde ikkje koma ut for lærarar og kameratar; men eg lærde ikkje spraaket, kor lenge eg bala. Det vart meg fyrst heilt klaart ein gong eg skulde halda eit fyredrag i klassen um Grækenland. Eg freista paa riksmaal; men det gjekk ikkje, og sidan hev eg baade i skrift og tale hevda mitt eige norske maal (maalet hennar mor), so godt eg hev kunna.

Han har med andre ord opplevd målkuing, eller språkleg diskrimering som vi så ofte seier no. Men kua er han ikkje blitt. Og han er heilt ut klar over at det er ei vanesak å skrive på norsk, og å lese det. Og det gjeld for eit målføre like eins:

Eg har freista aa skriva sogor paa bømaal og late bøfjerdingar lesa upp; men i fyrstningi fyrr dei vart vante med det, høyrdes det (som) naar ein renner paa treklompar paa harka. Sidan vart det derimot heilt fint.

Då han heldt dette føredraget, hadde han alt - hausten før - gjort ferdig manuskriptet til "Maalet i Bø i Vesteraalen». Og der gjer han greitt kva han vil, i forordet (her sitert på moderne nynorsk):

Det har vore den vanlege meining at Nordland var ein riksmålprovins. Nordlendingane tala vel ikkje riksmål til kvardags, men når dei snakka «pent», skulle dei kome det nokså nær. Og store og små riksmålprofetar kunngjorde at Nordland høyrde dei til, der var dei gamle bygdemåla gløymde, for der snakka folk pent -.

Jamvel målkunnige folk trudde på dette. Dei tok unna Helgeland og Salta (Blix var jo saltværing !) Men nordaføre - ja der var det berre armodsdomen i målvegen. Der skulle det vere reine målanarkiet. Dei som ikkje snakka «pent», tala berre noko rotihop som korkje var fugl eller fisk.

Denne læra har vore så utbreidd at jamvel folket sjøl har trudd så. Dei fleste her oppe - mellom dei mange målvennar - som høyrde at eg arbeidde med målet i Bø, sa beint ut at det var bortkasta arbeid, for målet i Bø var ikkje noko mål. Dei som meiner dette vil eg vone må lese dette skriftet. Dei kan nok desse reglane før, om dei kan hende ikkje veit det sjølve. Det nye er berre at dei får sjå reglane og lovene for målet i samanheng, og då kunne det hende dei fann at målet vårt ikkje er så lovlaust likevel, og at det er eit mål.

Birger Martinussen vona nok at han skulle få helse og levedagar nok til å oppleve framgang for dei saker han brann for. Han hadde så mykje ugjort. Vi siterer atter Magna Martinussen:

«Vedlagte foto er fra hans siste leveår, 1909. Han friskna til siste sommaren, og om hausten reiste han til ein morbror i Bergen som hadde kurbad. Han syntes kuren der gjorde godt, og søkte so redaktør-stillinga i avisen «Nordmør» i Kristiansund. Den fekk han, og over jul reiste han dit. På vegen vart han sjuk, men fekk ut eit par nummer av avisen. So måtte han gje opp, og ei sjukesøster fø1gde han nordover. Anny (også søster hans) møtte han i Svolvær, og han døydde på lokalbåten ved kaia i Skagen januar 1910.»

Birger Martinussen døydde 18. januar. To dagar seinare stod det minneord i «Nordmør»:

«Student Birger Martinussen er Tirsdag afgaaet ved Døden paa Reisen til sit Hjem Strømsjø i Nordland. Han var Søn af Handelsmand og forhenværende Stortingsmand William Martinussen. Han var Student fra 1905, men maatte avbryte sine Studier paa Grund av Sygdom (Nyresyge). Imidlertid frisknet han til igjen, og det saa ud til, at han skulde bli bra, efter at han nu en Tid har opholdt sig ved Kurbad i Bergen. En Læge erklærte ogsaa at han trodde ikke, der var noget iveien for, at han kunde overta Posten som Redaktør for «Nordmør», som han hadde søgt. Han hadde i længere Tid syslet med Journalistik og hadde gode Anbefalinger. Da han ved Nytaar kom hertil fra Bergen var det Meningen, at han skulde arbeide i «Nordmør» en Tid uden dog at være ansat som Bladets Redaktør. Sygdommen hadde imidlertid tiltat, der var ogsaa kommet nye Ting til, og efter et Par Dage maatte han gi tabt, trods sin store Lyst og sin sterke Vilje til at arbeide. Av herværende Læge fik han den Besked, at han ikke kunde leve længe. Skjønt Sygdommen tog hans Kræfter meget hurtig, vilde han svært gjerne reise for at se sin Mor og de andre Kjære hjemme før han døde.

Der blev truffet de bedste Foranstaltninger for hans Reise, en Sygepasser sendtes med ham, og man hadde Haap om, at han skulde komme sig hjem i Live. Men igaar telegraferer hans Far hertil: «Birger døde igaar nær Hjemmet. Tak for alt! Meddel Dødsfaldet kjendte der. Martinussen.»

Det var et trist Budskap. Birger Martinussen var en sjelden god, evnerik Mand, som vi i den korte Tid, han var her, fik det bedste Indtryk av. Men just som han skulde begynde at ta fat her, kom Budskabet over ham. Reis hjem og dø. Det er med inderligt Vemod, vi siger ham det sidste Farvel. Det var noget saa ærligt og godt over Birger Martinussen, at man uvilkaarlig følte sig draget til ham. Og det var ogsaa saart at se denne unge forhaabningsfulde Mand knækkes sammen av Sykdommens haarde Grep. Han tok det selv merkelig roligt og resigneret; «men det er Mor», sa han, «jeg er hendes eneste Søn». Og Tabet var visselig haardt nok for hans Forældre og Søskende, det forstaar vi saa godt og har vor inderlige Medfø1else.»

Slik endar då soga om den evnerike, unge bøfjerdingen. Det ropar som kjent ikkje, det rommet som tomt er - og vi kunne tru at det litle opplysningsskriftet om bømålet kom til å gulne og støve ned ganske fort. På ein måte, ja. Men den som kjenner litt til norsk språkvitskap, vil vite at «Maalet i Bø i Vesteraalen» fra 1907 er ein klassikar, sitert eller vist til av målføregranskarar som bl.a. Sigurd Kolsrud, Olav T. Beito og Ingeborg Hoff. Og den sistnemnde omtalar skriftet som eit pionérarbeid:

«Da «Målet i Bø i Vesterålen» kom ut i 1907, var det eitt av dei fyrste arbeid i sitt slag: ein grammatikk over bygdemålet i jamføring med normalmål, som skulle visa at dette nordnorske målføret var eit mål med grammatiske reglar og lover på line med andre målføre, og ein lekk i det norske talemålet, som i sine skiftande målføre-utformingar vert nytta av vanlege folk over heile landet.»

Derfor kan vi, utan å ta for hardt i, seie også om Birger Martinussen:

Og det er det store, og det er det glupe, at merket det stend, um mannen må stupe.

Finn Myrvang


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/02/27