Bøfjerringsbygda
Frå det handskrivne bladet «Glimt» 1903.
Æg sko ha løst te a kritiser
denne bygda ein liten smule.
Æg trur det gjer dennan bygda
slett ikkje ondt at man rakka ner
på all di feil' og di lyt' man ser,
her i bygda.
Her lokta svært med dagdrivarliv
her i bygda.
Skjønt di kann bruk både sag og kniv
her i bygda,
så ser ein slendrian alle stess,
di kann kje nøtt' når ei småstunn gjes,
her i bygda.
Eit meieri ha di kosta sæg
her i bygda,
men trur di di kann vær' rang og træg
her i bygda:
Førr meierie ska få ein dråpp',
førr lat di grisan drekk' melka opp
her i bygda.
Risskogen ha di snart nakka ut -
ut av bygda.
Di ha snart rangsnudd kvert berg, kver nut
her i bygda.
Så det e vannt nok, kann du tru,
å finn' såpass ris du kan gje ei ku
her i bygda.
Russkobben e nu blidd gjetarsveinn
her i bygda.
Sjøll høgst på fjellan han fér og renn
her i bygda.
Den karen ha jo kje stellt det godt,
førr han ha ett opp kver vinterlott
her i bygda.
Enn di trur russen vil underlegg
seg Bø-bygda!
Kver kjærring hyl': Å Gud trøste mæg
førr Bø-bygda!
Vi bli førsæggelt i kver ein enn'
og sia sennt te Sibirien,
heile bygda.
Di e så åvunndsjuk og så grisk
her i bygda,
at ser di ein så får hunner fesk,
her i bygda - meir enn anner -
så bli di svart,
heile bygda.
Tobaksdrøvtyggera e di all'
her i bygda.
I skjegg' heng slevja på kver ein kail
her i bygda.
Kver gaursik-onge på 10-12 år
bær pipa me sæg kor helst di går
kreng i bygda.
«Håndgjerningsskole» det ha di fått
her i bygda.
Kver førkjefilla ska gå så flått
her i bygda,
med hækkelsaker i kle og klut.
Det e kje farlig - han far legg ut
rundt i bygda.
Derså di trur at ein mann gjer svik
her i bygda,
då går det reint så eit ramaskrik
over bygda.
Då kjem det travelheit alle stan:
Di ræva' gjer på den same mann,
heile bygda.
Men - når di ligg og dreg lina si
utførr bygda,
da e der ikkje ein mann a ti -
her i bygda -
så ikkje låntar fesk kor han kann,
Sjøl ifrå bror'n og nabomannen
i bygda.
Stæl! Ja, det gjer di så det ha skjekk
her i bygda.
Æg sko kje snakk derså di vart rik
her i bygda, -
a det di stæl; men så oftast står
kver skarven i eit førsvulte kår
her i bygda.
Ja rundt omkreng e det fattidom
her i bygda.
Men her e åsså stort hjerterom
her i bygda:
Te hedningan i di varme lann
aus' vi ut pæng' med den rike hann
her i bygda.
nøtt': nytte høvet (tida).
vannt: vandt = vanskeleg.
førsæggelt: forsegla.
gaursik-onge, vel rettare gaursig-unge (gaura = buksa).
Forakteleg uttrykk.
ræva': revar (baktaler).
førsvulte: forsvolte, utsvelt.
Vi kjenner ikkje forfattaren av denne visa, men ho gir oss eit ramsalt tidsbilete av Bø-fjerdingen i tida 1900-1905. Det som er sagt om russen (russarane), peikar fram mot den russisk-japanske krigen 1904-1905: Russland tok Mandsjuria, og det kom japansk åtak på Port Arthur i 1904. Tsaren førte ekspansjonspolitikk. Elles kan vi overlate ordet til Rolv Straume, Bø Bygdebok:
Ein vanske for husdyrbruket var det også at det vanta avsetning for produkta. For å bøte noko på dette vart det i 1900 starta eit dampmeieri på Forøy. I 1905 tok det imot 48 222 kg melk, og det vart kjerna 3 200 kg smør. Det synte seg snart at anlegget var for stort etter det melkekvantum ein kunne rekne med. Samhaldet var heller ikkje det beste. I 1915 vart meieriet selt. Aksjonærane fekk bere tapet. Frå 1948 sender bøndene melk til meieriet på Sortland . . .
Vinteren 1903 var det mykje styggever, og det var til stor hinder for fisket. Skreien var uvanleg små og mager. Hadde det enda vore noko av han, men det var det ikkje. Alt hav nordafor Lofoten var svart. I Vestfjorden var det heller ikkje noko fiske å skryte av. Når dei drog bruket, fekk dei fisk som var halvt oppete. Og dei kunne få 3-4 kobbar på garna.
Ja, så skjønte dei nok kven det var som hadde gjort svart hav. Det var kobben. Ikkje den vanlege steinkobben. Han går ikkje så langt ut fra land. Nei, dette var han frå Ishavet. Kanskje kom han frå Kvitsjøen eller frå Russland. Dei kalla han russekobbe. Han kom i svermar langs kysten av Finnmark og søretter like til yttersida av Lofoten. Og overall der han herja, var det mest ikkje fisk å få. Kva skulle ein gjere? Jau, det vart sendt nødrop til Storting og regjering om å finne rådbøter mot kobbeplaga. Og dei visste råd. Fiskarane skulle få tråd til å binde kobbegarn av. Så kunne dei fiske kobbe når det nå ikkje var noko anna å fiske. Og dei kunne få gevær og ammunisjon, utransjerte Remington-rifler frå hæren. - Kvifor skulle dei ikkje ta imot tråden og geværa når dei fekk det gratis? Kanskje var det også dei som bandt kobbe¬garn, men ikkje var det garna og slett ikkje riflene som gjorde at kobben med eitt vart borte. Kanskje vart det for heitt åt han så langt sør. Men borte var han og har ikkje synt seg her sida.
I 1895 vart det 2 veker s!øyd i kvar av 6 krinsar og 176 timar handarbeidsskole for jenter. Bø var ein av dei første kommunar i Nordland som hadde sånne skolar. Arbeidsskolen var godt omtykt, og veketallet auka, så i 1920 var det 26 veker s!øyd og 16 veker handarbeid for jenter. Men så kom det dårlege tider, og arbeidskolane var nedlagt: i 1922 for jenter og 1927 for gutar.
Det var i 1870-åra at arbeidet med misjonen tok til i Bø. Presten Kjos Hansen (1870-76) holdt møter kringom i Bø og Malnes og fekk stifta misjonslag. Presten Weenaas (1870-76) var også interessert for misjonen og holdt fram med arbeidet. Seinare har prestane jamt vore med i dette arbeidet, og ofte har det vore misjonsmøter i prestegarden. - Fleire gonger har det vore bygdestemner med fleire talarar, såleis då Alm og Synnes var prestar her.
KJELDE: Bø Bygdebok b. Ill s. 298, 321, 355 og429. Sjå òg Bø Bygdebok b. I s. 147 (om tobakk. kaffe osv.).