Brann ombord
Eit båtlag var på sildfiske i Eidsfjorden. Dei hadde kokestell ombord. Ein dag dei kokte, vart det brann, og båten fekk stor skade.
Etterpå var det nokon som sa: - Men kefør sløkte dykk ikkje brannen straks?
- Ja, vi kvelte nå på varmen det vi hadde på kaggjen.
- På kaggjen? Men dykk hadde då heile Eidsfjorden å ta av.
- Ja, men kem kunne nå komme på det i farta?