Bruna i Mårsund
Bruna var eit stasdyr av gudbrandsdalsslaget. N. M. Lockert hadde kjøpt henne i Trondheim. Når ho ikkje var i arbeid, gjekk ho laus ute i Gjerdet i Mårsund. Kanskje lengta ho søretter der ho var komme frå. "Kven veit kva ho hadde i hausen?"
Ein varm julidag i 1922 la ho på søm frå Mårsundvågen rundt Mårsundneset og over Vesterålsfjorden til Hadseløya. Ho kom på land mellom Hokland og Utbjør. Det vart ein sømjetur på noko slikt som 15 km, og den gjorde ho på 5 timar.
Folk på Hadseløya fekk sjå dette uhyret som nærma seg land. - Kva i all verda var nå dette for noko? Var det verkeleg noko i dette med sjøormen som det har vore skreve om? Men så fekk dei sjå at det var ein hest.
Oppe på land sto ein hingst og knegga --
Med d/s kom Bruna tilbake til eigarmannen sin. Men ho var ikkje fullt så sprek etter den prestasjonen.