Autorisert Bytt

Det var ei fortelling etter ho Johanna Kjærdal. Det var om ei kona som hadde fått mistanke om at litjebanet hennes var bytt. Det hadde vore så snill ein unge, men nu var han blitt slik ein gallpose - reine råstutkaggen! Så ein dag fann ho ei råd, så mykje at ho skulle få detta visst: Purka som ho hadde i fjøsen hadde grisa for ei lita stund sidan. Ho tok då smågrisane og lempa dem opp i ein stor, flatbotna kopparkjel. Så elda ho godt oppunder og flytta banvøgga bort åt opningen i grua. Men sjølv stilla ho seg på taket for å sjå og høre på, kor det her vel kom til å fyke av.

Då det blei noke heitt for smågrisane oppi panna, kan det vel hende der blei låt. Det vara ikkje lenge, så hadde de vekt banet i vøgga. Då får kona sjå ein gammel mann som røyser seg opp i vøgga og tøyer seg framover for å sjå ka slags leven der var. Og då han fekk sjå ka som var oppi panna, der sette han i: «Nu e eg gammel som ti-tjue par sko og nedtrampa, men sånn blodpølsa - det har eg ennu ikkje sett!»

At de la bibel og salmebok og ei saks hos barsengkona, det var vanlig. Ho Hanna Henriksen på Saura (opphavlig frå Hadsel) hadde lagt ei saks og ei salmebok pund hauvputa, og ho blei vel bra rasande då ein gutsplint hadde vore der og lagt ein kortstokk og ein trepinne i staden!


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/21