Då An'a var eit hulderland
Eit sagn fortel at heile An'a var eit usynlig land ein gong for lenge, lenge sidan. Nordom Lovika på Hinnøya, eller Hinna som ho eingong heitte, var det ikkje meir land å sjå. - Andre har villa ha det til at det berre var Ytter-An'a eller «Nord-An'a» som var usynlig. Nok om det - at ho kom opp av havet til slutt, det skulle gå såleis'n til:
Det budde ein mann i Lovika. Han åtte ei sugga eller «griseporka» som hadde det med å ligge på rek støtt og stadig - det var den tid folk hadde utgangarar, som det heitte. Aldri greidde han å finne denne purka igjen, hadde ho først strøke av; og ho var jamnast borte lange tørken' om gongen. Men når ho så fann det for godt å innfinne seg, hadde ho alltid med seg ei horg med grisungar; og de skilte seg alle ut ifrå andre grisungar, både på lét og utsjånad. Dette tøkte mannen var underlig, og han spekulerte mykje på korleis'n det vel kunne henge i hop. Ein vakker dag fann han på å henge eit stålstykkje på purka.
Neste morra, då han skulle sjå etter, var ho fordufta igjen.
- Men utom Lovika steig eit nytt land av havet, med tindar, heier og myrar. Det var An'a. Trolldommen forsvann då ho fekk stål på seg.
Så fór maunen over Risevitje, eller Vitje som de ofte sa, og tok til å leite etter purka si på denne nye øya. Han leita både vélt og lenge, og til slutt kom han over ho i Dalen på Sør-An'a. Derfor er det at Dalen frå gammelt har vore kalla Svindalen, fortel sagnet.
Mange av fjelltoppane på Ytter-An'a skulle ha vore gode tilrorar før det kom stål på øya. Ein av de aller beste var Merket sørom Andnes! Både der og andre steden' fann folk sekkesteinar i bergkléftrene høgt oppi fjellet til langt fram i tida. Då var det greitt nok at havet måtte ha flødd over der, ein gong -. Ja, enkelte ville ha det til at de hadde funne skipsanker langt oppi fjellet.