Autorisert Då dekksbåten og dampskipet kom til Bø

I 1869 kom den første listerbåten til Lofoten, fortel Rolv Straume i Bø Bygdebok (b. III s. 323), og dei fann at til garnbåt var han betre enn fem­børingen. Men til line- og juksabåt heldt dei endå på nordlandsbåten.

I 1895 kom dei første dekka seglbåtar til Bø, og snart vart det ikkje så få av dei. Fleire vart seinare motorbåtar.

I bygdeboka er nemnt ei lang rekke slike båtar og motorbåtar. Vi skal av særlege grunnar berre ta med dei første, som kom i 1895: «Tistrand», bygd i Saltal, 42 fot. Kjøpt av Einar Rusing i Skorvågen for 1300 kr, seld til Vik på Langøya i 1898. - «Hagleik», bygd i Rana, klinka 42-foting. Kjøpt av Ludvig Wiik, Per Bentsen, Søren Pedersen, Utskor. - «Teisten», kjøpt av And­reas Olsen i Vikan og Kristoffer Andersen med Straumsjøen (etter Rolv Straume). Etter ei an­na kjelde vart «Teisten» kjøpt på Sunnmøre i 1897 eller -98; Joakim Martinussen på Forøya og Abraham Gundersen i Smååsen var også parthavarar (Karl Fjærvoll, «Frå gard til grend» s. 156-157).

Karl Fjærvoll fortel elles at den første dekks­båten som kom til Bø, var ein engelsk 'brynnbåt' som Peder Gjertsen Rise (= Johan Peder Olsen) kjøpte i Grimsby i England. Han segla denne båten over Nordsjøen og til Rise i Bø med ein gamal fyllik av ein svenske som einaste mann om bord. Det var sjømannsstreik i Grimsby, så det var uråd for Gjertsen å få hyre seg mannskap på vanleg måte. Men denne svensken som gjekk og dreiv i Grimsby og var arbeidslaus, hadde ingen ting imot å ta ut på Nordsjøen med denne farkosten. For han var det eitt feitt anten han drukna i Nordsjøen eller svalt i hel i Grimsby. Desse to karane kom heilskinna fram til Rise med brynnbåten. Det var i 1895 eller -96. (Nikolai Kaspersen, som fyl­te 100 år i 1983, kallar den same båten for «slupp», og seier at der var ein dam med krabbe og skjel og anna, til å ha levande fisk i. Han meiner at Peder Gjertsen kjøpte båten første gongen han kom heim frå Amerika, men veit ikkje årstalet. - Derimot har han hørt at Peder Gjertsen var innom Bergen på turen nordover, og der selte han så mykje fisk at han betalte bå­ten. Så kom han og svensken til Eidssjøen.)

Svensken vart send i retur; han skulle ikkje bli Bø kommune til byrde. Men kor han vart send er ei gåte.

«Eg kan godt hugse at Peder Gjertsen var heime hos oss like etter at han var kommen heim med denne båten», fortel Karl Fjærvoll vidare. «Som unggut var eg interessert i å få høre litt om denne reisa som eg syntes var ikkje så li­te av eit eventyr. Eg spurte han ut om turen og om dei hadde hatt stygt ver. På det siste svara han berre: «Å du veit, ho smaug litt». Om tu­ren elles fortalde han: «Då dei berre var to mann, så var det berre ein mann på dekket, når den andre skulle kvile litt. - Ein gong det var Gjertsen sin tur til å kvile, vakna han med at han syntes at han hadde sove heller lenge. Han ropa opp til svensken og spurte om han hadde sove lenge? Var det likt! Nei, han hadde nett­opp lagt seg nedpå. Så tok Gjertsen seg ein blund til. - Men då han no vakna, kunne det ikkje vere tvil om at han hadde sove ei øve. Så kom han til å hugse på noko: Han kjende attom hovudgjerda* etter ei brennevinsflaske som han hadde ståande der. Ho var borte! Som eit lyn var han på beina og opp på dekket. Der stod svensken på knea og styrte, men full og blid som saligheita sjølv. - Meir fortalde ikkje Gjertsen om den hendinga. Men vi som kjende han, vi visste resten, og det var at svensken fekk ein herlig omgang med pryl.

Det er fortalt om Peder Gjertsen at ein gong på Finnmarka då han heldt på å krysse seg opp til eit fiskevær, tok han i hop - han firte seglet - i 5 klørs vind, sprang fram i båten og daska til ein av karane som han ikkje syntes var snar nok under vendinga. No, denne soga treng nok ik­kje å vere 100% riktig, men ho fortel likevel ein god del om sjømannen og høvdsmannen Peder Gjertsen.

Kva som kom ut av denne prøven med den engelske brynnbåten, er det vanskeleg å ha noka sikker meining om. Men Peder Gjertsen selde båten til Rikard Sannes. Brynnbåten «Mariana» var med på sildfisket i Vestfjorden haust­en 1900. Eitt år seinare sprang «Mariana» lek på Andfjorden og sokk som ein stein. Ho var visst lei heile greia. Eller han som åtte ho «Ma­riana» vart lei av ho».

Fjærvoll seier også: «Desse seglskøytene utan motor som kom i bruk ved hundreårsskiftet, kunne ein som før nemnt ikkje bruke under vin­terfisket med garn. Men dei vart bruka til linefi­sket om våren, både med øver- og ytteregga. Skøytene var liksom 'moderskip', og ein drog li­na og vaden frå fangstbåtane, doryane. Det var vanleg å ha to doryar på kvar skøyte eller kut­ter. Som nemnt... var desse dekksskøytene bru­ka under seifiske med søkknøter. Jamført med nordlandsbåten, fembøringen og andre opne båtar var dekksskøytene hendige båtar til sei­fisket. Ein hadde hus om bord, kunne kvile seg litt og få seg litt kokamat. Vart det litt ruskever, kunne ein liggje over og vente på betre ver, el­ler på at seien skulle 'komme opp'. Og vart det ein kuling, var ein ikkje så nøye på det om ein fekk ein brottsjø innover dekket. Han gjekk ut på den andre sida, så ein slapp å ause sjøen ut - eller søkke ned. Om hausten vart skøytene bru­ka til drivgarnfiske etter silda. Tilværet for fiskarane vart mykje betre i desse dekksbåtane enn i dei opne nordlandsbåtane.

Når vinteren kom, vart skøytene lagt i opp­lag. Det hende og at ein rusta ut for lofotfisket med lina når det leid ut på vinteren. I dei siste åra før ein gjekk over til motordrift, var nok det vanleg. Ein var og ute på Senjabankane, på Sveinsgrunnen, når heimefisket med garn var slutt eller når det var lite å få på garn utfor Bø». Så langt Karl Fjærvoll.

Ei avismelding frå 1897 (Vesteraalens Avis 11. juni, signert S.M.K.) gir nærmare tidend frå fisket slik det kunne arte seg i denne tidbolken: «Efter et tildels daarligt Vinterfiske og mislyk­ket Skraapfiske foregaar det for Tiden et Fiske herude som lyser lidt op i de triste Forholde og Udsigter, og som paakræver Opmærksomhed i videre Kredse. Det er Kveitefisket. Dette fore­gaar fornemmelig fra Skaarvaag, hvor der lig­ger omtrent 35 Ottringer og 2 Dæksbaade. Udbyttet har hele Tiden været jevnt godt, men Pintseaften kom endel Baade ind efter at have ligget ude paa Bankerne i 2 Døgn med en Fangst af ca. 11.000 Kg eller 600 Voger *** Kveite foruden Lange, Brosme, Haakjærringlever etc. Heraf fik den ene Dæksbaad, som tilhører Handelsmand Rusing, 3.200 Kg; men saa havde den ogsaa været ude indtil 10 Mil tilhavs og paa hidtil ukjendte Banker. De aabne Baade tør som Regel ikke vove sig længere ud end 5-6 Mil. Dette er antagelig det største Parti Kveite, som paa en enkelt Dag er bragt iland her i Vesteraalen.

Afsætningen er ogsaa letvindt, da 2 Russefirmaer konkurerer stærkt i Skaarvaag. Som Følge af Konkurancen er Prisen, som tidligere var 10 Øre pr. Kg, nu steget til 16 Øre pr. Kg for Kveite paa over en Vog. Under en Vog betales der med 10 Øre. Sættes nu Prisen til gjennemsnitlig 13 Øre, var den Dags Udbytte alene i Kveite ca. 1400 Kr. Lægges saa hertil Fangsten af de øvrige Fiskearter, som ikke var saa ubety­delig, blir det i Sandhed et vakkert Udbytte.

Men forat et saadant Fiske kan blive af Be­tydning for Fremtiden, tiltrænges der større Baade med helt Dæk som kan holde Søen i længere Tid og søge ud til de yderste, fiskerigeste Havbanker. Et Bevis herpaa er Hr. Rusings Dæksbaad. Den har en Besætning af 4 Mand og er ikke særdeles stor. Men som Følge af at den er helt overbygget og kan taale stærkere Seilføring end de aabne Baade, har den nu været længere ude end formodentlig nogen tidligere har været, og ved at træffe ukjendte, fiskerige Banker faaet et større Udbytte end de andre. Forresten vilde vist fangsten været større, hvis Baaden ikke havde maattet søge til Land for Nordenvindsstorm».

Så kjem det eit avsnitt som vi skal legge særs­kilt merke til: «Det vilde være ønskeligt, om Interessen kunde vækkes i videre Kredse for Bankfisket her udenfor. Hvad vilde ikke her kunde udrettes med Fiskedampere eller større søgaaende Baade? Store, rige Banker ligger her upaatvivlelig udenfor, som maatte kunde nyt­tiggjøres i en ganske anden Grad end hidtil, naar det kun blev taget paa den rette Maade. Men der maa Energi, Foretagsomhed og - Penge til!»

Dette kunne vi i dag tru var svært framsynte tankar, i 1897, men eigentleg skildrar det berre ei utvikling som då var i godt gjenge, og det visste fiskarane: Eitt år seinare, 3. juni 1898, melder same bladet at reiarar i Grimsby har planar om å få sett i gang fiske nordpå med 50 kutrar under norsk flagg (frå 50 til 90 tonn), og med fleire store damparar. Bladet melder og at torsdag 19. mai passerte 12 Bø-fiskarar Bodø med hurtigruta, hyrt av Jørgensen frå Hiskjo nord for Haugesund: Dei skulle til Grimsby, og ein av dei var Tobias Rasmussen frå Snarset. Han var tinga alt under Eidsfjordfisket sommaren før, liksom han våren 1898 telegrafisk fekk i oppdrag å skaffe is. Tobias blir i same bladmeldinga nemnd som første los for ein engelsk fiskedampar frå Bø og ut på fiskebankane.

Ei slik utvikling var det liten grunn til å gle seg over, og 14 dagar seinare kjem fiskeriin­spektør J.A. Johnsen i Bodø med ei sterk og kritisk åtvaring i «Vesteraalens Avis», over­skrift « Udlændinger paa vore Fiskepladse: «Hr. Jørgensen fra Stavanger, forhen Eier og Besty­rer af Hisken Kogeri, er fortiden her i byen. Efter sikkert forlydende er det denne Mand, der iaar har bragt os Englænderne paa Halsen med sit Fiskeri paa Bankerne udfor Lofoten, Vesteraalen, Senjen og Tromsø. Det er denne Mand, som allerede afvigte Sommer under sit Ophold i Eidsfjord ved Sildefisket traf Arrangement med en Mand i Bø, Tobias Rasmussen Snarsæt, om at gaa ham tilhaande med Lodsning til Fiskepladsene etc. Nu er denne Mand reist til Grimsby.

Den 6te April sidstleden passerede Hr. Jør­gensen her forbi med den første Fiskedamper 'Gaelic' til Bankerne. Dette Dampskib er sene­re etterfulgt af flere andre, hvoraf de fleste er gaaet direkte til og fra Bankerne. Nu lader det imidlertid til, ifølge 'Tromsø Amtstidende', at vi faar en hel Flaade herop, idet et af Grimsbys største firmaer har besluttet at starte en Filial i det nordlige Norge med Hovedstation i Harstad under Firma «Hiskens Aktieselskab».

Det er Meningen til en Begyndelse at drive Bankfiske med 50 Seilkuttere og 3 Dampskibe samt 4 hurtiggaaende Transportskibe. 3 store Skibsskrog er anskaffede til Oplag af Kul, Is og Redskaber.

Jeg tillader mig at spørge, tror nogen at dette Arrangement vil blive til økonomisk Fordel for disse nordlige Landsdele eller for Landet i det heletaget? Aanei, Englænderne arrangerer kun for egen Indtægts Skyld, og antagelig bliver det kun Straamanden, som fra norsk Side høster Nytten.

Og forøvrigt, hvorledes tror man vel de Fi­skebanker vi hidtil har holdt for vore, vil se ud naar en Masse engelske Fiskedampere og Kut­tere har overfaret disse med sine 10 à 15 Kvartmile lange Liner og tildels med Trawl, hvor denne kan anvendes? Desværre, jeg tror at der tilslut vil blive lidet igjen til os Nordlændinger.

Jeg pligter derfor at udraabe et Varsko: «In­gen Nordlænding bør støtte denne fremmede Invasion!» Lad os være ligesaa forbeholdne i vor Fiskeribedrift, som Englænderne gjennemgaaende er i sin, og jeg tror at det vil gavne os bedst».

Som bøfjerdingar får vi kanskje lyst til å seie med Sivle, at 'støtt der nordmenn lyt vera med når Noregs merke skal hoggast ned'. Trålarplaga var som kjent aller verst så seint som i tiåret før og etter 2. verdenskrig. Men bøfjerdingane i 1890-åra låg slett ikkje og venta på å bli tatt på senga - les: eggakanten. Utruleg nok var dei så tidleg ute som ca. 1890 med å skipe eige damps­kipsselskap. Informasjonane her er sparsame, men Rich. With hadde ein finger med i spelet, og dette «første Selskab var grundet for den største Del paa udenbygds Kapital - og da især fra vor driftige Nabobygd» (for å sitere eit avi­sinnlegg litt seinare). Selskapet tinga i 1891 eit nybygg hos Aker Mek. Værft som var på 101 fot og av jern; maskin 324 hK. Men alt på eit tidleg tidspunkt var det klart at d/s «Eidsfjord» med sine 165,50 bruttotonn «var for kostbart og ikke egnede sig for de lokale Forholde» (Vesteraalens Avis 2. feb. 1893), og generalforsamlinga i Bø Dampskibsselskab 13. des. 1892 valte å gå inn for samanslutning enten med Hindø-selskapet i Sigerfjorden eller Haalogalandske i Har­stad. Dr. Thode i Stokmarknes og sakførar Kildal førte forhandlingane, som synest å ha blitt avslutta i Svolvær 9. febr. 1893. Formannen i «Likvidations-komitéen» for Bø Damp­skibsselskab, handelsmann Joh. Rusing i Bø, vart vald inn i direksjonen i Haalogalands Dampskibsselskab, som kjøpte d/s «Eidsfjord» for 78 000 kr. Aksjane var truleg på 100 kr stk.: Iallfall sa rykta at dei var nede i 50 kr før overfø­ringa - då steig dei til 130 kr (Vesteraalens Avis 5. og 12. jan. 1893). Harstad-selskapet fekk med «Eidsfjord» sitt sjette skip, i 1897 verdsett og trygga for 55 000 kroner -. Skipet vart offentleg registrert så seint som 27. feb. 1904, og hørte lenge heime i Harstad. I 1949 vart det - av alle ting - selt til den tyske marine. Det var iall­fall forlenga ein gong mens det tilhørte Haalo­galandske.

Bø Dampskibsselskab a/s vart såleis eit mellomspel, men ikkje verre enn at der enda fanst risikovillig kapital i bygda. - I fem år er det stilt om saka i avisene, så melder Vesteraalens Avis 14. jan. 1898 at lensmann Christensen har sett seg i spissen for aksjeteikning til ein 70-fots dampar til bankfiske og agnføring. 25. mars og l. april blir det meldt at båten alt er kontrahert hos Akers mek. Værksted 'gjennem Hr. Contorchef With' for 27 000 kroner. I Akers byggeliste står K.M. Christensen som reiar, altså lensmannen.

27. april 1898 vart det så atter skipa eit Bø Dampskibsselskab med aksjekapital på 30 000 kr. Lovar vart vedtekne, og med i styret var dr. Rusing, handelsmann Ole Pedersen i Litløya og gardbrukar Karl Kristensen på Gimstad, mens formann og disponent var lensmann Christen­sen. Det blir no gjort kjent at dampen skal heite Braken «og skal specielt indredes for Havfiskeriet, dog saaledes, at den ogsaa egner sig for al anden almindelig Fart. Skibets Dimensioner er 74 + 14 + 71/2 Fod, og Farten blir ca. 9 Knob. (Etter byggelista var maskinen på 78 hK.) Det var et ønske at det nye Foretagende maa gaa godt og være heldigere end det første 'Bø Dampskibsselskap'».

Dette fromme ønsket gjekk ikkje i oppfyl­ling: Skipet skulle vere ferdig tidleg på hausten same år, men 23. sept. melder Vesteraalens Avis at d/s «Braken» «tilhørende Bø Damp­skibsselskab og netop paa Tur fra Værkstedet grundstødte og sank forleden Dag l Mil søndenfor Florø. Skibet var assurert for 30 000 Kr. De nærmere Omstændigheder kjendes ikke».

Seinare meldingar viser at skipet må ha blitt heva; her kom sikkert assurandørane inn i biletet. Vi veit ikkje meir om dette, heller ikkje kor lang tid det tok å sette skipet i stand att. - Det hørte i alle fall til 'på Bygda'.

Så skjer noko nytt: I Vesteraalens Avis 3. feb. 1899 averterer Carl Hustad i Namsos til sals «Dampskibet Trio lastende ca. 250 tønder sild. Indrettet saavel for gods som passagerfart», og 28. juli same år melder bladet at «Trio» er kjøpt til Bø for kr 12 000, som fiskedamp (til Straumsjøen). Og som ein forteljar uttrykker det: «Han Martinussen skulle ha ein finger med i spelet, kor det no var, for det var klart at dei såg på dette som eit nyttig tiltak for bygda. Dei var med lina i ytteregga med Trio, men ser du - dei dreiv med doryar, og å drage med handmakt på doryar, det måtte vere tortur; dei øydela då også nevane. Ja, det er straum og elendigheit der ute: Når han er mykje straum og dei ber fast i botnen, så enten slit dei, eller det blir vanskeleg å komme laus».

Den første som førte «Trio» her i Bø var ein helgelendar som heitte Rohde. Etter han lever det ei herming: En søndag då «Trio» låg for svai med Straumsjøen, inviterte han familien Marti­nussen til middag: Saman med frøken Anny Martinussen var også frøken Scheistrøm bedd, men ho kom ikkje. - Ein dag seinare møttest dei, og han spurde korfor ho ikkje kom? Nei, det regna så den søndagen, sa ho. «Eg visste ikkje du var ein sukkerklump!» svara Rohde.

Også med Trio strauk dei grunn: Vesteraa­lens Avis 26. april 1901 melder at «Fiskedampbaaden Trio fra Strømsjø grundstødte 23. ds. paa Frubøen ved Skagen. Ved Høivande kom den af». Kor det fauk av med denne grunnstøytinga, eller for den del - med sjølve fisket - får vi vite svært lite om. Men pengefolket i Vesterå­len har iallfall ikkje tapt trua på fiskardamparen som investeringsobjekt: 17. mai 1901 melder same bladet at Frederiksen på Melbu kjøper to nye dampbåtar, «Fiskeren» og «Alken», pris 40 000 kroner kvar. Og 26. mars året etter mel­der bladet like eins: «Et Rederi, bestaaende af Fiskere paa Strandlandet, er dannet med Formaal at indkjøbe en Damper af Størrelse som 'Alken' og 'Fiskeren'. ... Ogsaa paa Utbjørg i Hadsel paatænkes Indkjøb af en lignende Dam­per...».

Kva så med «Braken»? Han kom i sjøklar stand etter den ublide jomfruturen, men heller ikkje her får vi vite så mykje om korleis fisket gjekk - truleg høvde ordtaket at der gjekk mykje smør i ein heit omn. Alt 13. juni 1902 måtte Bø (nye) Dampskibsselskab overlevere si eign som konkursbu - aksjekapitalen og meir til var gått med, og 1. august same år skulle det vere tvangsauksjon over «Braken» (meld 13. juni). Men det vart òg meldt om ny generalforsamling i det gamle selskapet, med tanke på å skipe eit nytt som kunne kjøpe skipet, som i mellomtida var avertert til leige fleire gonger. - 22. august 1902 kjem meldinga om at «Braken» er seld, for 24 200 kr, til eit interessentselskap i Bø, og 10. oktober heiter det at aksjonærane har von om å få att 30% av det aksjane lyder på.

15. desember 1905 var det skiftesamling i Bø Dampskibsselskab, og atter 2. mars 1906. Men å vere medeigar i desse båtane var ikkje til å bli feit av. Om Anton Ellingsen i Vågen i Værøya heiter det såleis: «Han var parthavar i d/s 'Bra­ken', men det sleit han som andre ondt av. I 1905 skriv han: - 'Braken' tar største delen av fortjenesta. Og i 1909: - Betalt i 'Braken' 130 kr». (Bø Bygdebok b. II s. 194.)

I denne samanhengen er sjølve namnet ne­sten symbolsk: Braken er eigentleg eit fall på eit par meter. Når veret var stilt, hørte folket i Væ­røya tydeleg at han braut. Til namnet var knytt både sorg og glede: Her var det han Tobias på Nakling sette til med mannskapet sitt 13 år før fiskardampen vart kjølstrekt - men Brakklakken var også ein av 'hovudplassane' under oppsigfisket seinhaustes, saman med Skjerodden og Synnbraken. Og nettopp Anton Ellingsen skriv om Braken, i samband med dei gamle søkkenot-fiskarane frå Hamarøya, Steigen og Tysfjorden som brukte å leige buer i Været under seifisket i juni og juli, kvart år heilt fram til 1922: «Den siste av disse fiskere fra Hamarøy er ikke mer. Han slutta for noen år sia. Det var så vanskelig å komme i veg nå, det var så få som ville reise på nordlandsbåt, og motorbåter blei for kostbare i drifta; sjølv var han nå gammal og sjukelig. Men for noen år sia gjorde han seg en tur hit ut - for som han sa, å sjå ut over havet, sjå Braken braut. Det var siste gangen. Det hadde vært årvisst i over 40 år...» (Lofotposten 20. januar 1930).

Kor det no enn gjekk med det økonomiske, så er det iallfall eitt minne om den same båten som står i ein særskild glans. Egil Mårsund fortel: «Det var marknad først i Stokmarknes og så i Kabelvåg, og 'Braken' skulle gå til Kabelvåg. Så tok han så mykje båtar med seg på slep frå Stokmarknes at han ikkje greidde å andøve då han trefte motstraum i Raftsundet. Straumen rann som ei strid elv. Då gjorde han heilomven­ding - det var ein Maan frå Andenes som fortal­te meg det, ein gong eg møtte han i Narvik. Han sa det var ein freidig manøver han Nikolaisen gjorde den gongen, men bra gjekk det. Dei fekk snudd og kom seg derifra, og så venta dei til straumen skifta».

Det er også fortalt at «Braken» ført av Niko­laisen var inne på Saltstraumen med turistar. - Og under brannen i Ålesund i 1904, då 200 hus brann ned, gjorde «Braken» under Nikolaisen sin kommando ein strålande innsats med å ber­ge branntrua farkostar ut av hamna - men det skulle vere andre som hausta æra. Han nemnte det ikkje sjølv.

Men det er meir dramatikk knytt til namnet «Braken»: Under storstorm natt til 23. januar 1907 rak han i land på Snarset, slo hol i sida og vart liggande delvis på sand og delvis på steinbotn med maskin- og akterrommet fylt av sjø. Dukkarskip vart tilkalla. - Seinare vart han visstnok selt (som vrak?), og både namna Gisken Jakobsen (Narvik) og 'tsaren i Stamsund' er nemnt i den samanhengen. Men det vara en­da nokre år før parthavarane i Bø var heilt fer­dige med sitt økonomiske ansvar.

Så må vi sjå kor det gjekk vidare med «Trio», som var bygd ved Charlottenlund Værft i Trondheim 1876. Heller ikkje denne dampen vart den store forretning: Så tidleg som 28. april 1905 var det tvangsauksjon over denne dampen hos sorenskrivaren, etter krav frå Karl Blix i Ålesund, etter at det først hadde vore ekseku­sjon 8. februar hos disponenten, W. Martinussen. Og det må vere no vi får det kortvarige mellomspelet med Peder Gjertsen, som vender heim frå Amerika for andre gongen: «Då kjøp­te han seg ein damp som heitte «Trio» etter at selskapet ved Straumsjøen gjekk konkurs, men så såg han at det var ingenting å tjene på den heller. Han var vel betre van borte i Amerika. Så fekk han selt «Trio». Så kom han heim tredje gongen, og då fekk han kona med seg» (etter Nikolai Kaspersen).

Peder Gjertsen var åleina-eigar av «Trio», et­ter kva som blir sagt, og førte han sjølv. Han dreiv torskefiske med garn både for Bø og opp­etter Finnmark-kysten.

Heller ikkje «Trio»-reiarlaget med Straum­sjøen vart altså nokon økonomisk suksess, men i dette tilfellet har det vore mindre snakk om nedtrykte og svevnlause kausjonistar enn den tid det gjaldt «Braken». Og bøfjerdingane heldt på sitt ry som flinke fiskarar: Nettopp i konkurs-året 1905, den 20. oktober, melder Vesteraalens Avis: «Til ordføreren i Bø, hr. W. Martinussen, er det fra den russiske konsul i Kristiania paa den russiske regjerings vegne kommet forespørgsel om mulig hyring af 8 fis­kere fra Vesteraalen. Fiskerne skulde i tilfælde afreise til Sachalin, for der at oplære befolk­ningen i torsk-, sei- og sildefiske. Underhand­linger om hyringsvilkaar, lønninger etc. paagaar. - Lignende underhandlinger skal ogsaa føres med Stavanger-fiskere, der i tilfælde skul­de gi russerne lektion i brislingfiske». Men seinare er det heilt stilt om denne framstøyten frå russisk side.

Kor vart det så av «Trio» då Gjertsen selte han? Truleg har dampen hamna i Stokmarknes etter kort tid:

20. des. 1907 melder VA at «Trio» no har vore innom etter eit verkstadopphald i Harstad, som måtte til på grunn av ei grunnstøyting på tur frå Finnmarka. 4. september året etter har same båten vore ute i hardt ver og lidd ein del havari på dekk, men leverer likevel 8 000 kg småfisk og 2 500 kg kveite i Tømmervika.

18. desember 1908 går så båten atter til tvangsauksjon: «Fartøiet, der er bygget av træ paa jernspant, har en drægtighed av 82,83 reg. tons brutto og 27,03 reg. tons netto, længde over dæk 90,9 fot, bredde 16,4 fot og dybde 10,22 fot. Maskinen indikerer 100 h.k. nom. 25. Skibet er nyoppudset...» Og utetter våren 1909 er «Trio» stadig til sals, «fortrinlig skikket til notslæb og agnfart. Sammen med skibet eller særskilt sælges endel gode fiskeredskaber, som lofotliner og bankliner med iler og fløt, havsildgarn med kabel og kagger m.m.»

Omsider vart «Trio» seid til Melbu, der om­døpt til «Blåkvalen». - I 1908 er Namsos Dampskipsselskap eigar, og båten var også inn­om Bodø og Svolvær, som slepebåt m.m. Siste gong han er nemnt i registeret er 1923.

Og Bø Dampskibsselskabs konkursbo? Her var det skiftesamling 29. november 1911. Største dåverande kreditor var K.M. Christensen m.fl. Snipp snapp snute, så var dampskipssoga ute.

* = sette «nasen» under bårene innimellom.

** = sagt 'haujæra'.

*** l våg = 18,5 kg.

Finn Myrvang.


Denne artikkelen handler om

Historisk hendelse

Om innholdet

Kilde:
Bøfjerding 1985
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2009/02/24