Då Gustad var rorvær
Dette er skrive etter to lydbåndintervju, gjort til ulik tid: Med Paul Pedersen på Gustad seinhaustes 1974 (han var då 99 år), og med Nikolai Kaspersen frå Eidet midsommars 1983 (han er 100 år). Til saman er her mange interessante opplysningar - rett nok velkjende for folk frå Gustad, men neppe for folk flest elles i bygda.
«Eg rodde to år fiske på Gustad. som halvkar på fembøring. Det var i 1898 - 1900. Då var eg berre 15 år og far sin mann, enda til eg gifta meg i 1905. Far min heitte Rasper Hansen og hadde rodd der i masser av år. Han var skautkar dei kalla i lang tid hos han Jakob Mortensen, som var fødd i Kvalvika og hadde sønner som òg rodde båt etter han.
Det låg fire fembøringar i rad på Gustad den tid eg kom dit: Det var han Per Albrektsen på Gustad, han Oberg Jakobsen i Kvalvika, han Johan Nilsen frå Ris' og han Konrad i Husvågen. Han Per Albrektsen var romsdaling, var det sagt. Han budde på Gustad og hadde stor gård, med rorbu i enden. For resten var det berre heimfolk. Båtane låg på Gustadøyan og var både bak- og framfortøydd. - På «Gustadøya» rodde der fire andre fembøringar. Sjølv rodde eg to år på åttring der med ein som var gift med søster mi. Det var det siste eg var på sjøen».
Ja, på Gustad var det eit stort rorvær, og mykje folk. Den «øya» som ligg nærmast gården er den landfaste Gangarhaugen, der fleire hadde handel.
Så er det ein holme innføre som heiter Hjellholmen: Der stod hjellanc. Rett vestafor denne ligg Varholmen. Den har vel helst fått namn av at den gir litt var (landvar): avhald for sjøen.
Den første eigentlege øya nærmast Gustad er Hitrøya, altså den hitrastc sett frå gården. Sør for denne ligg Buøya («Gustadøya»), som er større. På Buøya var det 5-6 buer, fortalde Paul på Gustad, og dci som rodde der, hadde og fembøringane sine der: «Det var han Ol'Gjertsa, han Enevold på Klakksjorda og han Anton Spelmann vi kalla - ja eg kann ikkje hus' alle som rodde på Buøya då».
Han Ol'Gjertsa var elles namnspurd for di han var så flink ein sjømann og hadde berga mykje folk i havsnaud. Han fekk kongens gullmedalje for det same. Han budde på Rise.
Det er eit lite stykke å ro mellom Gustad og Buøya, eit smalt sund der han Ol'Gjertsa låg med båten sin. Smalt er der, og det var så vidt han fekk snu seg, så han låg rett etter sundet med bak- og framfortøyning. Nikolai Kaspersen nemner elles at det tauet dei hadde på framstemnet heitte brok: det var ei lykkja som var snop på den måten at dei berre smetta ho nedpå kryss-stokken. Og når dei skulle ta laust, slengte dei ho i sjøen. Ho var festa til jarn i botnen.
Den sørste øya for Gustad er Torvøya. Der budde det ein mann med dotter si, Johan Eriksen heitte han og var frå Skålbrekka. Han bygde hus midt på øya. Namnet på øya, det kjem av at Gustadfolk torva der: Dei stakk ovan av den mosetorva som var og hadde til brensel. Det har og vore stukke torv på Buøya. Paul på Gustad fortalde og at han var med og torva i Grubba1) mellom Spjelkvågen og Husvågen, ut imot fjorden på hi sida. Der var så godt eit torv.
Fjorden, ja: Etter både Paul og Nikolai heiter han «Åsanfjorden» - men den inste og trongaste delen heiter etter Paul Eidsfjorden, etter Nikolai «Eidefjorden» (Eide- med uttalt d).
Nikolai Kaspersen minnest at denne gamle bua på Gangarhaugen vart bygd! Her budde mannskapet hans Oberg Jakobsen i Kvalvika. Dei låg to og to i fire køyer på inste røstveggen, og sat fire og fire ved kvart sitt klaffebord på langveggane. Så var der ein lang båtomn med to ilegg, og eit enkelt skap nærmast døra. Kvar mann hadde gjerne ei kiste. - Bua hadde og budør (for-gang): ein enkel skjå med plass til torv, barkekar og bruk. Båtlaget brukte berre 10-12 garn, men fiska godt med det. Når dei kom på land, åt dei først, så var det ut å gjere til fisken (men det hendte dei grov ned ein rest til neste landlega!) Før 1913 verken bløgga eller skrapa dei fisken. På Gangarhaugen fanst også trandamperi og butikk (Ove Johnsen.) Foto: F.M.
Kobbvågen er innom Buøya. Du ror berre om ein liten tange, så kjem du inn på han. Der låg det jakter som kom sunnan ifrå og kjøpte fisk til salting om vintrane. Dei tok jamnast med folk nordover - trønderar og andre - som gjekk av i Bø og slo seg til. Ein plass å vere fekk dei seg alltid, på land eller øy. Og det var jamt så at det var viktig med kort utror. Og sidan det var ganske langt å ro frå Eidet og ut fjorden, så sparte dei mykje tid og krefter som rodde frå Gustad eller Sandvika. «Farfar min», seier Nikolai, han var bergensar - men han var ein god sjømann og fiskar».
Ljøhammaren, der er inni fjorden rett over frå Vågsberget: «Den tid vi rodde på Gustad», fortel Nikolai Kaspersen, «fór vi tett forbi Ljøhammaren. Og når vi snakka gav han gjenlyd, av det kjem namnet. Ja, mess vi var ungar og fór der forbi, kunne vi sitte lenge og snakke med «Jømannen», for dei orda som vi sa høgt, dei kom til bakers». - Namnet er altså Ljod-hammaren, rett og slett: Det er eit velkjent gammalt uttrykk at «det va berre så det jøa i fjellan», o.l.
Elles var det no så at folk oftast tok ein snarveg til og frå Gustad over land: Til Grimstad var det opp Gustadskaret og ned Grimstaddalen, og innover til Eide og Rise tok dei vegen over Gustadkleiva først - der kleiv eller klevja dei den tid det ikkje fanst veg - og så var det innover frammed Kobbvågvatnet og over Bulistrandskaret ned til Devika (nordenden av Eidspollen).
Kallane som rodde i Hovden og Nykvågen gjekk på skier heim vinters tid. «Dei kom nett som reinskokkar innover her», sa han Paul på Gustad, «så eg skyssa dei mange gonger over til hitt landet den tid eg var i min oppvekster. - Det var ikkje båt som rodde i Bø då».
Kallarneset er lenger ut, mellom Kvalvika og Sandvika. Namnet kjem sikkert av at folk har stått der og ropa etter båtskyss, men det må helst ha vore slike som skulle til Åsand - eller kanskje til Buøya? Avstanden er ikkje liten, men vi skal ikkje avvise den tanken at dei kunne greie å gjere seg hørt, iallfall når han var still i veret og ljøber (ljodberr). Dessutan brukte dei med kvart å varsle på ein annan måte og: Dei reiste opp ei kvit fjøl på Kallarneset.
Midt mellom Kallarneset og Buøya på lag ligg Koddskjeret («kåyddsjærre), eit noko uvanleg namn. Der var mykje småsei å drage om haustane, og namnet kunne derfor få oss til å tenke på islandsk kód «småfisk» (av flyndre o.a.), norsk kót tilsvarande. Men slik skjernamnet blir uttalt, må det visst heller ha fått namn etter utsjånad: Enten gammalnorsk koddi = nynorsk (ein) kodde «pute, hauvpute», jamfør «kodde (seg) godt»: «pleie sig behageligt, gjøre sig til gode» (Ross III). Eller meir vågalt: kodd eller kodde «eiste» (testikkel), som vel må vere same ord som det første, berre i meir spesiell tyding.
Til småbåtror var det brukt så mange plassar, både Åsandgrunncn, Skogsøyskallen, «med Holmen» (Floholmen), Brakanskallen og mange andre. «På Åsangrunnen», sa han Paul, «opplevde eg ein gong å sjå at der vrimla av kobbe, sånn haverter vi kalla. Det var tidlig om våren. - Og på Stikkskallen lenger ut, der har eg drigje mykje sei i ungdommen. Méda sør-nord er Pikstauren åt Kobbvågfjellet (sørom Kobbvågvatnet), og ut-inn hadde vi Storsteinan og huset hans Oluf i Sandvika. - Floholmen er ein plass som var mykje brukt om sommaren. Fiskeplassane nærmast er Fallet og Brakanskallen og Tverrskallen, Tåskallen og Innerskallen; det er mange der omkring. Ongskallen er nordom Tåskallen, som har namn av (fjellet) Tåa. Ja, etter retten har vi to Tåskalla'.
Oppund vestsida på Floholmen er det ei keila, og der brukte vi å ro opp og belegge småbåtane om nettene og kvile, for der var det så kjørr og fin ein plass å ligge».
Å vere tenåring så vidt, og bli sett til å ro vinterfiske på fembøring, det var inga søtmjølk just. Men det var ein hard skole som dei måtte igjennom. Om dette sa han Paul: «Far min mankerte ein halvkar. Og det var ein onkel av meg som sa med han at han skulle berre ta meg, for eg var så kvikk! Ja, eg var å ta med i ein fembøring og ligge og ro med dei årane - ikkje 14 år gammal». Og likeins Nikolai, som rodde fembøring på Gustad ti år seinare: «Vi som var halvkarar hadde ingen fast plass i båten, vi blei huska både att og fram, f.eks. til å stoppe på iltauet når vi drog opp ilen og garnlenka. Då blei det tungt, dei kunne ikkje greie det utan at dei hadde ein nabbe på andre sida av båten som dei slo ilen om; så skulle halvkarane stopp' på iltauet for kvart taket dei drog. Sånn var det på den tida. - Men den som blei kar, han skulle sitte «på kjempa» framme og andøve åt bruket i lag med ein eldre mann, og når det bar til å segle blei vi sittande «i halsen» og drage ned klo for klo når han var kuling, til så lenge at vi kunne ha tre klør nede. Då stod seglet midt i mastra: Då var han berre storkuling. Og der var mykje folk som trilla seg i den tida - veldig med folk».
Det var likevel ikkje sikkert at det å ro tunge årar eller slite på tunge garnlenker røynte mest på helsa. Han Paul nemnte noko om det: «I de dage var det landvind mesta heile vinteren og sny, så det var å krysse seg til lands med 6-7 klør. Der var berre ein mann som kunne arbeide, og det var han som sat i austra, for vi seggelt inn mykje sjy. Og så sat vi der med oljekleda på oss og kunne ikkje snakke, slik fraus vi i kjeften. Det var det som fekk meg til å begynne med tobakk, og sidan har eg brukt han».
Han Paul opplevde også uversdagen 25. januar 1893, som spurdest i lang tid etterpå: «Vi var ute her frå Gustad den dagen, og vi var heldige alle båtane. Den som var lengst ute då han kom med han, var han Johan Eriksa. Han var utmed Brakanskjeret, innom Floholman. Han berre sette på seglet og seggelt opp - han hadde god vind! Vi kom inn på sundet mellom Asandøyan og landet (Åsandsundet) og gjekk og kryssa. Vi hadde eit par klør sett, og det var austavind og sny. Sa kom vi pund Kallarneset på hi sida, og der vatt vi og gjekk over fjorden igjen. Då lyste han med kovet; men han var enda landvind.
Då vi kom ut på Åsandsundet og sku' vende, så spurte halskaren han far: «Ska vi vett'?» -«Nei hold an, ser du ikkje den!» sa han far, han sku' att og legge om volen, men då såg han ei svart rossa kom, eit lite spekk attføre båten. Hellest så var han stilla då. Men det sa han far: «Han kjem med ein annen vind, vi ska' hold' an». Og veit ikkje av før vi hører eit brak som av den sværaste tordengang. Han kom av sød-vest, og han var så fryktelig at vi fekk ikkje lette på segl, men måtte gå derifra og heilt på Gustadvågen med berre mastra unna vinden.
Det var ein frå Søberg, han Fredrik Olsa, som hadde ein fæl tur. Han rodde i Skårvågen og kom unna til Gustad. Då han låg på dødsleiet og presten var hos han, hadde han ikkje glømt den turen enda, men skulle fortelle presten om det heran - trur du det ha' vore han på tankane! «Nu skal du snakke om ei anna reis!» sa presten».
Men det slo han Paul fast, for sin eigen del: «Ja eg var greisk på sjyen då eg var gutunge. Eg var med i laget frå eg var på 14. året og til eg rodde båt sjølv. Far min betrudde meg åttringen då eg var på 18. året, og då hadde eg mannskap med meg og var utpå havbrua om sommaren og hausten. Vi brukte vad og fekk kveita, og så drog vi fisk på juksa ustanselig. Eg rodde og høvdsmann for Værøya i skråptida om vårane. - Ein gong kom eg unna til Hovden i eit skaver, frå Staurgrunnen langt ute; det er i djupsetta som dei brukar om vinteren. Ja då, han rauk opp med han den gongen - og eg var ute i forskjellig ver, men det er merkeleg, eg kom til lands. Det er ein som har hjelpt meg alltid. - Men så strauk eg ut då eg var 21 år, eg og ein annen, og eg var i utlanda mellom 20 og 30 år. Ikkje det, så har eg kanskje lege utfor skjera her, eg har tenkt på det».
Begge gubbane på hundre har nemnt litt om sett og méder i forbifarten, både Nordsettan og andre. Mea var eit garnsett om vintrane; så var det Grøvla ('grøvvla) og Grøvelskallen: Grøvla har «Grøveltinden» til med - det er eigentleg Jørlandstinden - og er ein slags grunn: der er hamrut, som ei egg.2)
Velkjende médfjell var Spjøten (ein av Nykan) og så Keipen, som er som eit hakk i Vågsberget ved Husvågen og var ei viktig méd, ikkje minst utpå falla. - Det var Spjøten oppi Sandvik-kamen, og Floholmen i forskjellige fjell på Lofoten. Utpå grunnen var såleis brukt både Sasponen 3) og Strøna ('strønna), og i Gjendegga var det «Sasponen åt Vågsberget» (på Værøya) og «Gjenden åt Berget» (Malnesberget). - Staven nær Hovden og Riven lenger inn i Malnesfjorden, dei er typiske méder på Innhavet og i Ytteregga, men ikkje «innpoinn». Som han Paul sa det: «Ja Grøveltinden, Pikstauren og Bonnan, det er dei fornemste mean våres hér utpå»: Jamfør «Stauran i Dalen» utpå Staurgrunnen.
1) ei grubba tyder «Hulning i Jorden». Ordet er kjent fra Hardanger, Røros, fra svenske målføre o.a. Grubba ved Husvågen går inn i åsen og er ganske stor. Mindre er den på Grubbkollen, Grimstad.
2) Jamfør grav/ n. 2) et ujævnt,: stenet. knudret, hullet Sted el. Parti - (Ross), eller med anna form: gryvle n. 1) et stenigt, ujævnt Sted - 2) en stor ujævnt og forreven (lurvutt) Tingest -».
3) Ein saspon er det vanlege nordnorske ordet for holsleiv. Han hadde truleg ei særskild form, den tid han var laga av tre og ikkje av metall som no. Ordet (og namnet) er samansett av gammalnorsk sod 'suppe kokt på kjøtt' + spónn 'skei'. (Elles er jo det første ordet no blitt til sø 'avkok').
Finn Myrvang