Då presten Borch mana hinmannen i Kabussteinen
Kabussteinen ligg ved Kabussteinløyken nord for Straume. Han var på skap som ein kabuss, eit slag huve dei brukte før i tida, derav namnet.
Ein dag var den myndige presten Borch på tur til Malnes for å holde messe. Han gjekk på ski, og det var godt skiføre. Men då han kom til Kabussteinen, vart skiene så tunge som bly. Han tok dei av og så på dei, men det var ingen ting å merke på skiene. Så til å gå igjen, men skiene ville ikkje av flekken. Då han gløtta bakom seg, fekk han sjå eit styggelse som låg over skiene. Presten skjønte straks kem det var, for den karen lika vel ikkje for vel at det skulle bli holdt messe.
- Kor skal den karen hen? spurte presten.
- Eg skal til Malnes og kreve toll.
- Du skal ingen toll få i Malnes. Pakk deg inn i den steinen, befalte presten. Og hinmannen måtte lyde.
Sia trudde folk for visst at fanden var i Kabussteinen.