Autorisert De ville ha sitt i fred

Det var to brør ifrå Bjørnskinn, to peningar. Særlig den eine skulle vere nokså uvørden i ord og gjerning. Ein gong hadde han fått tak i eit stort daudingsbein på kjerkegården, og det tok de og la i senga hos seg.

- Om de var somna då, skal vere usagt, men om natta kom der inn ein stor mann. Huset de låg i var berre eit stabbur, og fritt for loft, med ein tverrbjelke i midten: Og enten det var for at bjelken var så låg eller man­nen var så høg, så stod han og stødde seg til bjelken og skotta ned på gutane. Då fann den eine på å true han med kniven, som han hadde med handa. Først var det liksom det ikkje våtta han det minste, men så gjekk den eine broren fram av senga og ville verje seg med kniven. Då blei de av med han, og etter det såg de han ikkje meir. Men der var noken som drog i dyna, og det gjekk ikkje likare enn at de sleit dyna i filler seg imella, de usynlige og de to brørne. Og de måtte fint gå på kjerkegården med beinet de hadde tatt.

Så var det ein annen gut, som også budde i Bjørnskinn ei tid i sin ungdom. Han òg var litt av ein ravbelling: Ein gong så var der kasta opp ei gammel grav på kjerkegården, og det var nokså mange bein i oppkastet: Fann så han på å kaste noke ut over muren, slik at det ikkje kom med då de kasta grava att.

Natta etter kom der ein heil skare, det var vel slike som hadde «del» utom muren; det var som om ein stormvind ville ta stua og maskemale ho. Og dagen etter måtte han fóle seg på kjerkegården og sanke i hop og grave det ned på innersida av muren. Sidan det fekk han vere i fred.

Han Ove Bålsa (Bårdsa) på Storsandnes skulle ein gong ta opp eit stykkje potetesland nord på Neset. Mens han så dreiv og spadde opp marka, kom han frami ei beingrind, og då gav han seg ikkje om å arbeide meir den dagen. - Men om natta drømte han der kom ein mann til han og klaga seg over at han var såra over eine auget og trengte påbinding. Andre dagen gjekk han Ove dit og skulle sjå nærmare på bein­grinda: Då viste det seg at den eine ognebruna var blitt skadd av spaden. Han la straks beinstykkjet inn-åt og til rettes, slik han trudde det skulle vere. Og eigarmannen slo seg visst til ro med det, for han Ove hverken såg eller hørte noke meir til han.

Om han Kasper Isaksa sa folk at han skulle ha noken daudingsbein i ei bumma; det kunne nok vere for å få folk til å tru at han «kunne noke». Ein gong der var grove opp noke bein ein stad, tok han Kasper kjekebeinet og la åt sitt eige. Så meinte han på at det var beinet av ein aktveidig mann, nemlig kong Gisle frå Gisløya. Han hadde vore på Nøss og ført krig, og så var han fallen i slaget.

Sør på Nøsstranda er det grove ned mykje folk langt att i tida, då især i sandmelane sør på Laneset: «Han Karl, som var oppfostra hos han far, det var nu ein villbaldus. Han var å stad og grov opp ei sånn grav. Det var vel skattar han hadde tenkt seg, men det han fann var båtsbre og menneskjebein. Og det sa de andre ungdommane, at han hadde ikkje heve ned dessan beinan igjen.

Så var det skikk og bruk i den tida at ungdommen gjekk på Stranda om søndagskveldane. Han hadde dessan sakerne der, og då alle var for­samla, var han og henta og viste fram - og fór med beinan etter vekjene, som rente og skreik. Han viste enda kor stor mannen hadde vore, for han målte med kjekebeinet hannos på sitt eige kjekebein. Då de andre strauk derifra, sletra han berre beinet bort i ein eineklung. - l den tida var Stranda åvoksen utmed nesan av eineklungar og vidjekrullar og lyng.

Det sa ho mor og, at han Karl blei plaga utav overnaturlige makter etterpå. Men ho fekk høre om det derana og varskudde han: Det var så mykje han visste det, han hadde å komme seg på Stranda og greie opp etter seg, med det han hadde greve opp og forkumla! Om ho sa at han skulle be om forlatels òg, det skal eg la vere usagt. Nok er det, han var på Stranda, og han blei visst enda møydd før han fann det siste beinet».

I Bakkan på Fiskenes er det flust med bein, både menneskjebein og andre. - Det kunne vel vere kring 1885 eller så at det budde eit par folk på Bakkan. De hadde poteteshage frå huset og nedover. Ein dag kjerringa skulle molde blomstrane sine, var ho der og henta mold.

Om natta - ho syntest sjølv ho var klare våken - hørte ho at der kom folk inn nere. Huset stod like attmed gammelvegen, og de hadde aldri dørene læst i den tida, for der kom ofte folk innom og skulle ha skyss eller overnatting. Ja, der kom folk inn, og de kom opp, like inn på rommet der ho og kallen låg. Ho kunne etterpå fortelle så nøye ka de hadde på seg, både kledan og fothyret. Det er nu for det meste glømt, men iallfall var det slik at karen som gjekk føre, han hadde hatt på hauvet, brun trøya og røysertar på føtene. Det var han som førte ordet og sa kor de var ifrå: De var innan av Sundan - det vil seie Risøy-sundet og der sørover - og de skulle segle til Andeneskjerka, han sjølv-tridje. På turen forliste de utføre Fiskenes og dreiv i land i Støa. De var blitt gravlagt i Bakkan; og den molda ho hadde hatt på blomstrane, ho var utav dem.

Kjerringa, ho rista molda av kver ein blomster dagen etter. Ho var vel 79 år då ho dø', men ho sa til ungane så lenge ho levde: «Nu dokker ikkje gå dit og ta mold!» Det var den same poteteshagen ho meinte. - Seinare blei han lagt.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06