Den første postføraren i Bø
Elsa heitte ei veikja som var fødd på Rise i 1804. Om henne fortel Bø Bygdbok (b. 3 s. 103): «Ei t sagn vil vite at Else var frå Hamarøy, og at Østen rømte med henne frå Hamarøy til Bø, då foreldra hennar ikkje ville ho skulle gifte seg med han. Det vart då sendt folk etter dei. Folka følgde sporet etter dei til Grimstad, men der mista dei sporet, ga opp og snudde heiman. Dei rømte var då komen til Hovden. - Kjerkeboka slår fast at Elsa var fødd på Rise. Ein kan då ikkje forklare seg sagnet på annan måte enn at foreldra var flytta til Hamarøy, og at Elsa var med dei dit. Østen som var blitt hugtatt i jenta, fór til Hamarøy for å få foreldra sitt samtykke til ekteskapet, men då det ikkje lukkast, så rømte dei. Og lukka står den dristige bi».
Østen Eilert Hansen var fødd i Nykvåg 1808 og sette til for yttersida saman med to andre i 1847. Han og Elsa hadde sønene Johan og Eilert Eilertsen, som var berre 7 og 6 år den tid dei vart farlause. Johan vart bortsett og fostra på Åsan. Han gifta seg med Anna Maria frå Vik i Sogn og slo seg ned på Auvåg.
Seinhaustes 1980 fortel den tredje av døtrene til Johan og Anna, 'ho Helga på Elvbakkan' (fødd i 1890) i eit lydbåndintervju om faren, som i følgje Bø Bygdebok var den første postføraren i Bø og hadde ruta frå Steinesjøen til Hovden frå 1883 til 1900, eit verv som han skjøtta på ein framifrå måte:
Han far budde på Auvåg. Sidan han var postførar for heile bygda, kjente han kvart eit menneske som var i Bø. - Først måtte han fare til 'Stene', til han Krum som var ekspeditør der, for å hente posten. Vegen rundt Bø var ikkje kommen enda. Med kvart kunne han ri; og han hadde sal. Så hadde han ein hund som heitte Rapp; og når han kjørte med hest og slede om vinteren og var inne nokon staden, då var det ingen som kom åt sleden - hunden han passa på.
Men ofte gjekk han berre, frå Steine og langs vestersida forbi Gimstad - Fjærvoll - Føre -Straume, og over Høgmyran til Husvågen. Der var alldeles slett over myra, men hus fanst ikkje då. Frå Husvågen hadde han båt over til Eidet; og når han kom til Bøna, var det atter i båt derifra og til Hovden.
Ein gong - eg veit ikkje om det var mørkt eller uver - men nok var det, han hadde trilla seg og vore i havet. Så kom han seg opp, eg minnest ikkje om det var på kvelvet eller på eit skjer. Men kor som var, hunden han sømte til Hovden. Og der skjønte dei at når hunden var våt og mannen ikkje kom, då var det noko gale på ferde. Så kom dei roande og berga han. Postveska - ei skinnveska - den hadde han berga sjølv.
Når han hadde gjort turen til Hovden var han ferdig med ruta, då var det same vegen til bakers: over Husvågen til Straumsjøen. Der hendte det han låg over, hos han Martinussen. Så var det å fare vidare innover bygda til Steine og hente posten som skulle til Mårsund - Snarset -Ramberg. På Straumsnes (Sortøyan) var det å gå på Rophaugen og hoie åt Ringstad-karane at dei måtte komme og hente med båt - det har eg vore med på sjølv, også ropinga! Så bar det endeleg heimover til Auvåg, og dit kom dei frå Haugsnes og henta posten til han Widsten.
Ein gong var han ute for eit overfall, men kor det var eller ikkje, så hadde han lovt at han ikkje skulle seie nokon ting. Og det heldt han, ikkje tale om, om der var nokon som kom inn på det. -Elles hadde han ein slags spaserstokk til å verje seg med, men den brukte han visst aldri: Der var skruving på handtaket, og når du drog ut, var der tre kvasse horn eller kantar.
Så vart der den forandring at dampen tok til å gå innom Ringstad, og der kom postopneri, så han slutta som postførar.
Eg gjekk på skolen, og det var i 1902. Då hadde vi fri, for di dei skulle kjøre rundt bygdavegen var ferdig. Og eg minnest så godt «Pollelv Bro bygget i 1902»: Ho var kvitmalt, og det stod med store bokstavar.
Då dei hadde fått vegen rundt bygda, begynte dei å bygge sidevegar, til Pollen og Ringstad og Ringstadåsen, til Auvåg - og frå Nova til Engeneset. Folk bygde veg sjølv, dei fekk ikkje noko tilskott den første tida. Men når det var sikkert at dei hadde komme i gang, fekk dei visst to kroner timen.
Det er ikkje til å tru at folk kjørte over Bøbrekka før den tid. Men der var no blitt kjørande med at dei hadde busker og anna unna veg. - Og der som vegen no går til Auvåg, var det berre berg: Der sat dei og bora og skaut, bora og skaut. Før var der som ein veg også lenger vest oppi skogen, Stor-Hestsprenga dei kalla.