Autorisert Dyrenavn på naturformasjoner

OKSEN

Oksen er ein stein nedi ei klip utpå Keilskaftodden på Nordmela. Han har fått namnet av di at han mest av alt liknar på ein okse som setter hornan føre seg, når sjøen kjem brytande opp-igjønna.

REINEN

Det var ein mann på Nordmela. Han skulle til Børrvågen ein dag, de hadde vore heime i helga. Då så ein annen mann på Nordmela, han Kristen Nilsa, skulle til Børrvågen litt etter og kom sørover, han og, - ken andre møter han i Semelskaret enn han som først tok på tur. Og han sa med han Kristen: «Nu skal du berre snu». «Snu?» sa han Kristen, «korfor det?» «Jau, for det e'kje kommanes der sørover.» Nei, så måtte han Kristen spørre ka detta var for slag? Jau, han hadde møtt noke der -, og han måtte berre snu. Nei, meinte han Kristen på, sånt noke ville han ikkje vere med på: «Nu skal du snu, så skal vi gå til bakers og sjå.» Og då de kom sør på vegen, så stoppa hin karen og peika: «Der har du det!» - Heh?» sa han Kristen, «e det det-der du e redd? Det e ju berre Reinen!»

Reinen, det er ein stein med to små busker oppå. Saka var at det var kovkvein om morgonen, og så syntest mannen at det her rørte på seg.

MYRAHUNDAN

Myrahundan heiter to lynghågar med litegrann kratt oppå, imella Sellevoll og Myre. Det er ikkje langt unna Bjelkan.

BUSKEBERGET

Med utmarkgjerdet nordom Buksnes ligg det såkalla Buskeberget. Der var det sagn om puskeri.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Museum Nord
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06