Eggrekking og dunsanking i Svinøya i 1920-åra
Far min, Eliot Bentsen, kjøpte Nordgården i Svinøya i 1918. Eg vil no fortelje frå Svinøya slik som eg hugser ho, og startar med Sør-Svinøya. I tankane går vi dit på fjære sjø, for då kan vi gå tørrskodde over Kalverumpa og heilt sør til Skarvholene.
Når vi ein dag i eggrekkingstida om våren gjekk tre på rekking, måtte dei frå Vestergården sende ein rekkar. Gjekk dei to, måtte vi gå seks stykke, for vi skulle ha 3/4 av egga. Men vi måtte gje 1/10 til «kåret», som ikkje hadde rekkingsplikt.
Eggrekkinga begynte først i mai, og det var mest egg kring 17. mai. Vi rekte annankvar dag, og der varp stormåse, småmåse, skarv og tjeld, og så é. - Det meste vi fann på ein dag var 650 egg. Det var nokså ulendt på Sør-Svinøya, men vi gjekk frå nord til sør på våre faste teigar. Og når det var lite egg og vi gjekk berre fire, rekte vi dobbel teig. - For eit stormåseegg fekk vi 30 øre då.
Viss der låg berre eitt egg i reiret, tok vi det mellom to fingrar og krota på det med ein kopiblyant som vi hadde i ei snor rundt halsen, så la vi det ned igjen. Neste gong vi kom, tok vi det umerkte egget og let det merkte ligge igjen. - For å få til å rekke inni Skarvholene, hadde vi skeier snurra til riveskaft som vi stakk inn i hola, så kom vi ut med eit egg på det viset. Skarven legg berre to egg, men når vi tar frå han det eine egget, så legg han eitt til. Slik held han på lenge. - Kviten i kokte skarvegg er som storkna fiskekraft, men dei er gode i pannekaker.
Når vi går heim igjen, må vi skynde oss, for sjøen flør, og då fyllest leira mellom Sør-Svinøya og Kalven. Der står sommarfjøsen som vi og dei i Vestergården eig i lag. Over Kalverumpa er det masse tjeld som er ferdig å ta hovudplagga våre. Han skrik og skrålar slik at vi høyrer ikke kvarandre: Alle fuglar skrålar når dei vil verje egga sine. Nedover Kalven er også spora etter gravfunna som O. Nicolaissen gjorde der. - Så kjem vi heim, trøytte og slitne etter som veret og fangsten har vore, og deler slik som før er nemnt.
Vi er no komme til sjølve Svinøya. På nordsida, mot Gimstadsjøen, er ein høg berghump som vi kallar Kleftertindan. Der ligg ein stor potetåker, før vi kjem til den store steinfjøsen som er bygd rundt ein djup, djup brynn, med brynnhus over.
I potetopptakinga hadde vi mange leigefolk, for vi sette rundt 10 sekkar potet, og ein mann kjørte potet til kjellaren i eitt kjør.
Vi hadde nokså mange dyr: 30 sauer som mest gjekk ute, okse og 5-6 kyr, hest og 2 grisar, men dei hadde vi i eige hus, - grisehuset. Der var vognbu, og borgstue som «tjenerskapet» hadde budd i før vår tid. Vi og hadde alltid dreng og ei hushjelp, men dei budde i huset saman med oss andre. Der var ingen forskjell, for der var arbeid nok til oss alle. Men vi barna var nå så heldige at vi fekk gå dei skolane vi hadde lyst til, for far min var det vi kallar ein «heldig fortjenar», og foreldra våre ville oss så inderleg vel.
Var far min ein god fortjenar, så var sannelig mor mi ein god styrar. Du verden kva ho hadde å rå med! Heimen vår bar preg av å vere gudfryktig og smånøgd, og arbeide måtte vi alle - ein god heim. - Når du skal ned til Skagen, står Svinøy-stua på venstresida av vegen, likeins utvendig som ho stod i Svinøya, berre at det var ark på ho der.
I Svinøya var der ein liten hage mellom huset og vegen som gjekk ned til sjøen. Når du har gått 50 m, er du ved kårstua. Der budde frk. Olsen, dotter av John Olsen. Gjekk vi eit par hundre meter til, var vi ved sjøen. Der hadde vi butikken, som vi leigde ut til rorbu, og to rorbuer til, og så brygga. Dei høvedsmennene som leigde rorbuer av oss var Ole Olsen, Reinholdt Ingebrigtsen og Søren Ellingsen. - Vel 100 m lenger vest låg Vestergården, som hadde ¼ av alle rettar.
Ærfuglen - ea som eg vil kalle ho - heldt mest til på øya der vi budde. Vi bygde hus til ea, røyste trekanta båt-pliktar opp mot steinar. Vi hadde omtrent 100 reir på eigedommen vår. Det var så morosamt å sjå når ea og ekallen leita seg reir om våren, og fleire og fleire fann det trygt å hekke på øya.
Dunreinsinga hugser eg derimot som eit ufint arbeid: Etter dunsankinga la vi duna utover eit buloft-golv. Der låg ho til tørk. Før potetopptakinga tok vi så til med reinsinga. Først fyrte vi omnen passe varm, så la vi duna på ei rist over omnen, for ho måtte vere knusktørr. Etterpå tok vi den tørre duna over på eit stort baksterbord der vi stod to jenter med kvart sitt kjevle og «bakte» kvar dunbolle slik at alt rusk vart knust - heilt knust måtte alt vere.
Etterpå vart dunbollane kasta til dei to som sat med ramma. Det var ei firkanta ramme som det var strekt fleire stramme snøre over. Dei to jentene som sat med ramma, spella med trespiker på snøra slik at alt rusk datt ned på golvet. Så vart duna kasta til dei som sat med «brødspøene». På spødene vart duna trædd, og spødene vart rulla rundt mellom hendene våre heilt til duna viste seg å vere klår og rein. Alle vi som reinsa dun, måtte ha tørkle bundne om nase og munn. - Lever der nokon av dei velsigna hushjelpene våre frå den tid, må dei få seg eit takkens ord!
Det vart betalt 70 kr. pr. kg dun den gongen. Ei ordentleg dundyne skulle vege vel l kg. Vi born fekk med oss ¼ kg dun - nok til ei barnedundyne - når vi flytta heimanfrå.
Natt til ein søndag sist i januar 1924 tok storstormen den 370 m lange trebrua over Svinøyvalen som Ludvik Restad hadde bygd like før 1900. Og skøyta til Reinholdt Ingebrigtsen hamna i potetlandet oppmed fjøsen: Stormen hadde ført ho over Kalverumpa og dit. Men heile Vinje møtte opp, og dei greidde å få ho på sjøen igjen med mannemakt.
Far kjøpte Steine-gården og selte Svinøya i 1927 til Daniel Tingstad, som heldt ut der til i 1947. Kristian Hansen selte Vestergården i 1949. Sidan har det ikkje budd folk fast på Svinøya. Men nokre på Gimstad eig øya og røktar eggværet, som ikkje er det det eingong var.
Elisif Jensen,
Haugsnes.