Egil Mårsund fortel
Eg er fødd på Børge i 1900. Han Elling på Børge var farfar min. Bror hans, det var han Rubert på Hole. Han var ein original, men fortelje kunne han, og han hadde mange interessante historier. Han Rubert rodde med han Elling, og han påstod at han Elling kunne legge fall: «Eg sat i halsen, og så varskudde eg han Elling at han mått' drag' for Hausen. Han Elling, han svara ikkje». Og han Rubert ropa fleire gonger: Han måtte drage, for Hausen braut. Men han Elling segla berre, og Hausen låg -heilt til dei var komne over. Men då la han til å bryte, heilt åt styret.
Eg var på Børge til eg var fem år; då flytta vi til den andre bestefaren min, han Ingbrekt med Kleppelva. Der var vi i elleve år; så eg gjekk på skole på Steine.
Han Ingbrekt med Kleppelva var sett på som ein stordrivar, ja han svara nokså godt til skildringar av dei gamle vikingane, for han hadde største båten, og av folk skippa han dei sterkaste. Då var det ingen som kunne ro i lag med dei og ingen som kunne segle eller drage garn i lag med dei. Så dei sa han sette der han ville. Det fortelst at når dei hadde drege ei lenke og heldt på å gjere ho grei, og var avreidd slik at to-tre mann skulle ro sør igjen - og dei så spurde kor dei skulle sette - så var det beste settet «Kvalnes på Tuven'» (det er nokre humpar på skjeret dei kallar så). «Ja, men», sa mannskapet, «der er ein som nettopp har sett der?» Men han Ingbrekt svara ikkje. Og når han ikkje svara, så gjaldt det han ha' sagt. Så dei måtte berre ro dit, og sette der. Til slutt var dei andre mesta redd han. Han var dyktig, men så stri at det vart for mykje av det gode.
Dei brørne var så sterke. Ein av dei budde med Støttsjyen. Når andre folk drog torv på kjelke, fekk han seg arbeidd ein slede til det bruk - som han drog åleina, med stor grind. Og ein gong då dei var på vårfiske uti Værøya, den tid der var brennevinshandel i Klakken, så låg der på marka ein stad ein stor stein som ei kjempe hadde løfta eit tak i tida. Men no var det lenge sidan nokon hadde greidd det, enda der saktas var dei som hadde prøvd. Så ville dei ha han Ola til å prøve, men han var ein smålåten kar og unnslo seg. Men dei fekk han då på trua, og dermed gjekk han bort-til, bøygde seg og letta steinen - og sleppte han i marka så det drønte. Då vart dei andre forfærd.
Ja, dei var kjempekarar alle dei sønene hans Ol'Ingbrektsa. Så nær som ein: Han heitte Jon Peder og var husmann inni Bø. Han rodde med ein fembøring frå Gimstadsjøen, og dei hadde ikkje bu. Så når dei kom på land, var det å få fisken på hjellen, telne garna og gå heim kvar åt seg: Då var det for han å gå heim til Bø, over Brekka, med ei sperra fisk, ei honk med hauv til kyrne og eit garn som skulle bøtes. Men han var ikkje så sterk som dei andre -. I femtida neste morgon skulle han vere på plass med Gimstadsjøen igjen, og då skulle han helst ha bøtt garnet og. Korleis folk hang i hopen, det forstår ikkje eg.
Men tilbake til oss og Kleppelva: Den tid eg var 16 år, kjøpte far min ein fjerdepart av Mårsund, hos enka etter han Ole Eriksen.
Det første vi flytta til Mårsund hadde han far part i ein kutter her på Vinje, i lag med han Bjarne Ludviksen, men den selte han. Så i Mårsund låg vi på småbåtar med søkkenot. Vi rodde der ifrå eller segla når det var bør - det var ikkje så ofte om sommaren - åt Synnbrakskjeran utfor Litløya. Det hendte og at vi først for til Fløgrunnen langt sør i fjorden, mellom Olviholman og Strandgrunnen (Longskallen er eigentleg nord- og nordvestbakken av den siste). Der på Fløgrunnen låg det ein heil flåte og tok sei i gamle dagar, ja då var det sei heilt oppå Svartskallan i Mårsund. Men når der ikkje var noko på Fløgrunnen, rodde vi heilt åt Skjeran eg nemnte. Så låg vi der og sleit og drog på søkkenot heile natta.
Tekst til bilde: Mårsund kring 1910. Lockert-brygga med tilbygg og kai i vinkel framfor, med vinde. Fiskehjell heile vegen under taket. Fiskarane leverte og gjorde alt arbeidet med fisken - berre ikkje veginga.
Rorbuene låg utanfor bileiet til h. Vi ser berre skjåen til Joakim Iversen, og brenneriet der dei brædde lever i gryter. I forgrunnen til v. skjåen til Kristian Andersen (bestefar til Magnus Andersen, fiskeriminister).
I bakgrunnen hovudbygningen - med langsida mot oss - og til v. tingsalen (2. etasje): nede var butikk og lager, m. a. velassortert med saum og spiker. Ei tid kom folk heilt frå Hadseløya for å handle i Mårsund.
Den tid det var godver, brukte det å bli austavind på morgonparten - då var det å ro mot vinden til Mårsund. Der var det i land med fisken på fjæresteinane og ligge å skrape og sløye, råskjerde og skylle i sjøen; så bere fisken på hjellen, henge han og balle garn over før vi kunne gå heim. Og klokka 3 om ettermiddagen skulle vi vere nedmed sjøen igjen, det var som ein lov der inni Mårsund.
Du store verden, eg trudde eg skulle blitt toskat! Eg var som sagt 16 år, og jamaldring med han Bård hans Søren Lauritsa; vi heldt på å bli vanvettige begge to, for vi fekk ikkje kvile. Eg hugser ein gong eg nettopp hadde lagt meg, og så kjem dei og ropar: Der kjem han Søren Lauritsa! Dei såg han innpå Risnakkan, og no måtte eg stå opp. Ja, eg kom meg opp, men eg var så urven at eg ville dette over, og tviheldt meg med begge hendene i sengstolpen. Far min, han hadde ikkje lagt seg. Og der stod eg og tenkte: «Eg kan ikkje fare på sjøen sånn som eg no er - eg må seie at eg er sjuk». Men så tenkte eg i same farta: «Du er jo ikkje sjuk, du er berre trøytt» - men det var ikkje gang i å fortelje dei det. Slik stod eg og stridde med meg sjølv, og eg skulle ikkje ha greidd å få på meg kleda. Men til slutt var det å få i seg ei brødskive, og så til sjøen og ut, eitt døgn til på den måten.
Han Lockert hadde som ei trekai med steinkar under, og der utføre brukte vi å skylle fisken og så stanse litt for å kvile oss, han Bård og eg. Og eg minnest ein gong at han begynte å bli sudvest, og vi la merke til at han vart meir og meir kvit på båretoppane. Vi fann ut at no var han ikkje sjøver, og då fryda vi oss så at vi flirte - vi stod der og halla oss imot steinkara: Nu sko' vi j u endelig sov', om så i fleire døgn.
Då vi flytta til Mårsund, var det slutt med det gamle skråpfisket på den tid han Lockert hadde ein dunge rorbuer der. Men tett innfor Mårsundneset, bortfor Kusundet, er det eit gammalt skråpsett tett i land: Det har eg fått greie på, og der kan det framleis slumpe at du får skrap på lina.
Det same Kusundet er eit farleg sund. Eg fór fleire gonger igjennom åleina, men ikkje etter at han Iver Lauritsa omkom der. Sjøen dreg ut og inn, og best som det er blir båten ståande på steinane, til sjøen kjem igjen - og fyller han. Eg vart sjølv ståande der ein gong. Men tett innføre kunne skråpen stå så tett at dei såg berre brune ryggane på han, når dei låg og gløtta. Dei sette frå Gjerdefluene og frammed Kusundet, og méda var «Hans Både-stua i kjerka». Og når vi låg med lina på havet om våren med kutteren (viss vi ikkje var på Finnmarka), og det vart uver etter at vi hadde egnt lina så vi ikkje kom oss på havet, så fanst det ikkje noko kjølerom. Då gjekk vi dit inn og sette, frå Gjerdefluene og utover. Sist året eg hadde båten, det var i 1947, då tok vi ein masse fisk, til dels på havet og til dels oppmed land når det ikkje var ver utpå. Ja, der har vore tatt eitt kilo på ongulen med lina, og det er mykje fisk.
I Mårsund budde eg til i 1938, då vi bygde her på Steine. Samtidig rodde eg fiske med Straumsjøen: Det vart til det, ettersom far min var mest vant med havet der. - Det vil seie, i ungdommen var eg borte eit par år på underoffisersskole i Oslo, men der vart eg sjuk. Så skulle eg vere heime om sommaren for å komme til krefter, og det gjorde eg - eg vart frisk. Men då eg skulle reise igjen om hausten for å fortsette skolen, vart foreldra mine fortvilte. Dei såg ikkje at dei kunne berges når eg reiste, sa dei;' men saka var at dei var sikker på at då var det siste gongen dei såg meg. Så det var ikkje anna råd, eg måtte søke om avskjed, gje meg til heime og begynne å ro fiske igjen.
Så kjøpte vi ein kutter, og eg var då 23 år. Far min var skipper i førstninga, men han begynte å bli gammal, så det vart meir og meir til at eg overtok. Båten hadde vi i lag, men til slutt kjøpte eg hans part. Ja eg kosta meir og - seisnurpenot og ny motor, og fekk båten forlengt i 1936 frå vel 40 fot til knapt 50, så det vart mykje å stå i med. Men det gjekk godt.
Båten vart likevel for liten etter kvart, den måten eg dreiv på; for eg skøytte på snurpenota så ho vart større - då vart seifangstane og større - og vi måtte ofte få andre båtar til å hjelpe oss med å føre fangsten på land. Ja, det var dei gongane at vi lasta fire båtar - i fleire høve faktisk. Det hendte på Finnmarka, og det hendte i Senja ein haust.
Her ute var det først og fremst Sørskallen og Nordskallen, og Nygrunnen: Den siste har fleire toppar på 30 famner. Så er det noko som heiter Tørrisgrunnen. Og eg har vore frami ein grunn ein times gang lenger ut imot eggtrammen, vi låg der med vad eingong. Då vi hadde sett vaden, skulle vi kaste varpen og ligge der mens vaden stod. Han var stilla og godt ver. Far min var med, og eg stod framme og sleppte dreggen: der var eitt lås kjetting til forløpar og så kokostau. Eg sleppte dreggen, og den og kjettinglåset for ut, og eg tenkte at det gjekk vel 50-60 famner kokos med - men så stoppa han. «Kva i all verda?» tenkte eg, «miste vi dreggen?» Eg trudde låset hadde gått opp. Men straks eg skulle kjenne etter, vart det tungt igjen. «Nei, vi har dreggen», sa eg, «her må vere grunt». - «Hiv ut ei juksonn!» sa han far. Eg så gjorde, og då fann eg ut at der var 32 famner. Eg méda og fekk Ongstadnyken sør over Skjerdingstadtinden; men med ut-inn var det vanskeleg å få. - Ja, så 'stakk' vi litt på kokosen der vi låg. Vi hadde to lettbåtar med, og for å få agn til vaden var vi utmed Litløya og drog småsei på dorg. Så tok vi lettbåtane og rodde omkring der med juksa, og fisk var der: vi drog enda ei kveite på 32 kilo. Og dette, det var Tørrisgrunnen, det stemte med det som bestefar min hadde fortalt om kor dei låg med juksonna i gamle dagar. Og han sa han hadde ikkje sett så mykje sei oppe nokon stad som der med Tørrisgrunnen; men den gongen hadde dei ikkje søkkenot med.
Tørrisgrunnen står ikkje på kartet, og det dei i dag kallar «Tørrisgrunnen», det er berre sørste toppen av Nygrunnen. Desse toppane går i retning nord-sør eit kvarters gang utfor Skallan.
Sørskallen, han er 22 famner når eg femner. Men der er ein topp inn og nord av Sørskallen som er berre 30 famner. Det var der eg tok første seien på snurpenot. Vi kom ut til Skallan, og så trefte vi ei seivøde. Og vi lasta båten i det kastet - han var ikkje større. Ja, når eg snakkar med gamle folk, så hører eg dei også har tatt sei på søkkenot der.
Innom Skallan ligg Balan. Det er langstrekte grunnar som går nord-sør, på godt og vel 50 famner, nærmast åsar å kalle. Der får dei allslags fisk, både brosme og hyse og torsk og så ei og anna longe, - vanleg norsklonge som dei før fekk fin tørrfisk av. I gamle dagar var det berre på håndsnøre dei tok ho, den tid det var meir av ho ute på havet; men i mine dagar var det på lina.
Der ute lodda eg berre med juksa den første tida, men der var slik straum, så eg fekk meg støypt eit blylodd på 9 kilo som vi drog opp med spelet i staden. Det gjekk likevel snarare på den måten enn å lodde med juksonn eller berre jarstein. Ekkolodd hadde eg ikkje i båten min - eg skulle utsette det til eg fekk meg ny båt, og då også sendar. Så var tanken.
Mannskapet, dei var misnøgde med at vi tapte pengar på å ha for liten båt. Eg hugser godt det vart sagt: «Snask å kjøp' ein båt som vi kann før' fangsten i land på sjøl - og ikkje berre fesk' åt anner!» Så søkte eg om konsesjon til kjøp av ein større båt, men under krigen kom ikkje slikt på tale. Men når krigen var slutt, då rekna eg med å få konsesjon og gå laus for alvor, for eg var berre 45 år då. Men jammen fekk eg nei, og det var administrasjonen i Bø som stod for det: Dei fann ut at eg hadde stor nok båt, eg trong ikkje større. Og det til tross for at eg då i fleire år hadde vore den i Bø som betalte mest skatt av fiske, men andre fekk konsesjon som dreiv mykje mindre. Saka var at det gjekk etter politiske linjer. Der var dessutan ei anna side: Det vart ikkje alltid likt når du fekk eit fiskhundrad eller to meir enn dei andre.
Vi var for øvrig første båt som sette torskgarn med ytteregga, etter mykje strid. Eg fekk attest hos dei gamle høvedsmennene med Straumsjøen at eg var tullat, som kunne finne på å gå i ytteregga og sette torskgarn: Eg kom ikkje til å sjå noko igjen av det. Men vi berga bruket, og der vart ein masse fisk. Så før vinteren var gått, var dei i egga alle såman. - Der er fiska for millionar sidan.
At vi begynte i egga gjekk slik til: Eg var formann i Vinje fiskarlag då, og vi søkte om statstilskott til forsøksfiske etter torsk i ytteregga, der vi hadde tanke om at det var fisk, i ein periode då det var dårleg fiske med øveregga. Det gjekk to heile år før vi fekk svar - vi fekk tusen kroner: For det skulle vi gjere minst åtte forsøk med 30 garn! Slikt såg dei fleste på som vanvett, som sagt, og vi var mødde før vi fekk ein båt i lag med oss; far min var ikkje det minste glad i opplegget han heller. Så det var ikkje greitt. Men eg fekk då han Ole Olsen i Steinsvika med, og vi gjorde eit forsøk: Vi gjekk ut frå Straumsjøen og han kom ifrå Skagen, for han rodde der. Så gjekk vi i Gjendegga. Det var sidan vi drifta med Straumsjøen - ikkje det, så hadde det blitt i Hestskoen lenger vest. Vi trudde at fisken kom tidligare der enn 'opp-med', og derfor forsøkte vi før jul i 1935. Men han var ikkje til svars, og vi fekk berre nokre få. Dessutan vart det uver, så vi måtte ta garna og gå på land. Så vart det ikkje til meir før på nyåret i 1936. Men då var der fisk i massevis, så det vistest resultat.
Men under krigen vart det så mange miner, og vi måtte omtrent slutte å drifte i Ytteregga. Då flytta vi til Steinesjøen. Så vart vi verande der, og det gjekk også bra. Vi dreiv på Longskallen og til dels lenger vest, på yttersida av Lofoten ein stad dei kallar Hovsegga; der var det betre fiske med kvart. Då hadde vi bu hos han Ole Straume. Han Eliot Bentsa hadde kjøpt seg grunn og bygd brygge i 1936. Eg hugser godt at han heldt på å bygge, og så var vi ute og tok last på Skallan: Brygga var så vidt påbegynt, og kaia var ikkje heilt ferdig ho heller. Men han kjøpte seien, som vi leverte usløydd, og leigde sløyarar så vi skulle komme oss snart ut igjen. Og då vi var ferdige og skulle gå, sa han ifrå om at når vi fekk sei, måtte vi berre komme tilbake. Javel, sa eg.
Vi ut igjen og gjorde eit kast - då var vi lasta, og så var det på land igjen åt han Bentsen. Ja, spurde eg, han skulle vel ha sei? «Nei, e du galen!» svara han, «vi e ju kje ferdig med den si' i morest!» «Ja, men du bad ju meg at vi sku komme igjen-?» «Kjære velsigne deg», sa han
Bentsen, «eg trudde vel ikkje du kom fleire gong' i dagl» - Så måtte vi gå til Lofoten for å få seien seld.
Han Bentsen vart gammal, ja han var gammal alt då i 1936, og nokre år seinare ville han selje fiskebruket. Eine svigersonen var lærar og seinare skoleinspektør Bjarne Wiik, og han var interessert i å kjøpe. Ein annan var han Torvald Olsen med Gimstadsjøen: han og Ole Olsen eg nemnte hadde båt i lag. Dei var og med på å kjøpe, og dei hadde funne ut at dei ville ha meg med på å levere fisk der. Der var om å gjere å ta imot så store kvanta at det kunne lønne seg. Såleis vart eg med på å kjøpe ein tredjepart av bruket, og han Wiik skulle styre det. Han meinte han skulle greie det, attåt skolen. Men vi fann ut at det han Bentsen hadde ført opp kunne vi ikkje gjere oss nytte av, så vi reiv alt og bygde nytt. Det var i 1946 og vanskeleg om material, men vi skrapa no i hop så mykje at det vart ei etter måten bra brygge. Og kaia hadde han Bentsen nettopp sett i stand - men då vi la material og støypsand oppå, rydde alt i hop!
Dermed måtte vi først berge materialen på land - sanden var det ingenting å gjere med - og så var det til å bygge kai av nya.
Men det gjekk bra, og i januar 1947 begynte vi å kjøpe fisk. Det var berre det at når han Wiik var på skolen og eg på sjøen, då var arbeidarane for seg sjølve, og dei sa ifrå om at vi kom med for mykje fisk: Dei ville skjere ned på fiskekjøpet -. Vi kunne berre ikkje forstå dette, så mykje folk dei var på tal. Og Bjarne Wiik fant snart ut at han hadde ikkje høve til å vere styrar og ha tilsyn, det skjedde alt første vinteren, så han meinte det var best eg overtok hans part. Han ville berre skilje seg med den. Han hadde lagt ned ein god del arbeidsinnsats til då, og han ville ha meir for parten enn dei pengane han hadde skote inn. Det var berre rimeleg, men eg var ikkje heilt mota på dette, for det var tale om mange pengar. Men då vi hørte kven han tenkte å overlate parten til dersom ikkje eg ville, vart vi fortenkte, og dei andre to bad meg innstendig om å kjøpe.
Så vart det til at eg gjekk på land, og han Hjalmar Paulsen som passa maskinen, stilla i styrhuset. Men han var flink kar, så det var ikkje farlig med det; eg var på land for at vi skulle få prekavert fisken. Og eg kom meg ikkje derifra sidan, enda det berre var meininga at eg skulle vere der utover vinteren. Då ville eg på sjøen igjen, for det var mitt yrke. Men på land vart eg verande, og meir og meir fisk vart det, så vi utvida smått og bygde buer og damperi, ja nothus og egnarhus med. Og omsetninga auka, enda det var skiftande vilkår for å få selt både tørrfisk og saltfisk, så dei fleste åra hadde vi overskott. - Båten, som heitte «Mårsund», selte eg i 1948, og så nota. Dei som kjøpte, greidde å finne plass til både ekkolodd og sendar, og båten er framleis i bruk.
I 1964 bygde vi eit lite fryseri: Det var ikkje så stort - vi syntest det var forferdeleg at det kosta ein kvart million! - men det var den vegen utviklinga halla. Vi kunne fryse reker og agnsild og hadde lagerrom for anna sild, og vi meinte vi var godt hjelpne til å begynne med. Men så vart det meir og meir vanleg med filétfrysing, og vi fraus litt uerfilét som vi skar for hand, men det var no ikkje store greier.
Det hadde lenge vore planar om fryseri i Skagen, og dei trumpa meg til å vere styreformann i det lottlaget som skulle stå for det. Vi søkte samtidig med dei på Myre om statsstøtte: Dei fekk, men ikkje vi. «Melbu og Myre dekker behovet i Bø», fekk eg høre av han Jens Steffensen. Eg vendte meg då fleire gonger til han Reidar Carlsen, ja var ein gong i Oslo hos han og, og ville ha greie på om vi kunne rekne med statsstøtte til det filétfryseriet som var påtenkt i Skagen. Til slutt fekk eg greitt at det kunne vi ikkje, i nærmaste framtid, og så gjekk eg ut av det laget: Det var då vi bygde det litle som eg nemnte. Men fiskeridepartementet visste om korleis sakene stod, og dei sendte ein tremannsdeputasjon først på 1963 for å undersøke korleis forholda låg til rette for eit filétfryseri i Bø. Dei var då rundt på alle fiskebruka og undersøkte kor mykje fisk som vart kjøpt og forskjellig anna; og eg hugser at eg hadde innkjøpsjournalen framme og sat og la i saman for byråsjef Oppedal og Anders Aune, som seinare har vore direktør for Utbyggingsfondet. Han var tilsett der den gongen og, men i lågare stilling.
Desse tre gav då ei innstilling til fiskeridepartementet som gjekk ut på at einaste muligheita dei såg for eit filétfryseri her var «i tilslutning til A/S Sjøbruks igangværende anlegg». Då eg så ville vete korfor, svara dei at det var for di vi dreiv mest rasjonelt og hadde skikkeleg rekneskap.
Eg meinte på at ikkje var eg nokon ekspert på filétfrysing, og ingen ungdom heller - 64 år gammal - så vi burde sjå oss om etter ein yngre mann til å vere styrar. Nei, det vart det ikkje spørsmål om, sa dei: Viss ikkje eg ville fortsette som disponent for A/S Sjøbruk, var det oppdraget over som dei hadde. Dei hadde fått ordre om å sikre seg at eg fortsette, kva grunn dei no hadde for det. Men eg sa ja til det; og då måtte eg reise rundt på andre filétanlegg for det same, for å prøve å lære. Men eg fann ut at her i Vesterålen og Lofoten var det ikkje så mykje å hente; dei dreiv ikkje så praktisk. Eg var ikkje fagmann, men såg no likevel at mykje vart tungvint gjort.
- Den einaste staden der eg såg at dei dreiv praktisk var i Hammarfest, på Findus: Der forstod eg det gjekk rasjonelt for seg. Men det var så stor ein fabrikk at det var ikkje godt for oss å ta den til mønster.
På bygda fekk eg høre at filétfabrik på Sjøbruk var mesteparten av bøfjerdingane imot. Sjølvsagt. Blant anna vart det sagt i eit møte om saka i formannskapet at skulle dei bygge noko slikt i Bø, måtte det bli i Åsandfjorden, for der var det hamn. Det var noko som ikkje Steinesjøen hadde. Det stakk meg, og eg sa straks ifrå om at byggeløyvet hadde vi uttrykkelig fått i tilknytning til det anlegget som alt var i gang, for A/S Sjøbruk si rekning - og eg kunne forsikre om at vi kom ikkje til å flytte til Åsandfjorden! Og kva hamn gjaldt, kunne det vere som det ville med Åsandfjorden, men den siste prøven på kor båtane greidde seg best hadde vi hatt i 1956, då det nærmast var orkan: Den gongen låg der fullt av båtar på Steinesjøvågen, og alle låg der etter uveret også. Med Eidssjøen låg der på same tid to farkostar, ei frakteskute og ein fiskarbåt, og dei hamna begge oppi eit potetland! Eg var jo klar over at årsaka var den dårlege haldbotnen der nord: hadde dei berre hatt godt nok feste i land, kunne dei saktas ha lege trygt der og. Men det eg sa, var at skulle der bygges, måtte det bli med Steinesjøen slik byråsjefen hadde lagt til grunn.
Så skjedde det ikkje meir då. Men litt seinare vart det ordførarskifte, og formannskapet gjekk då inn for utbygging med Steinesjøen, slik planane var. Den nye ordføraren hjelpte til det han kunne, også då vi skulle utvide aksjekapitalen med over 600 000. Eg måtte til Oslo på eit møte der vi var over tjue mann, frå Statens Fiskarbank, Utbyggingsfondet, fiskeridepartementet osv. Då vart utbygginga endeleg vedtatt, seinhaustes 1964. Finansieringa vart likevel noko forandra, slik at staten og kommunen tok aksjar for 200 000 kvar, Råfisklaget for 100 000; resten tok private hender. - Og det tok nye to år før vi vart ferdige med finansieringa og planane. Anbudet frå Normann Pedersen for sjølve husbygginga vart godtatt, og i 1966 kom vi oss til med bygginga.
Teknisk avdeling i Fiskeridirektoratet teikna gratis for oss, og det spara mange pengar, men det var likevel ikkje alltid enkelt å bli einige med dei i alle ting. Det var om å gjere å unngå den interne transporten som eg hadde sett enkelte stader: mottak ein stad, skjering ein annan, så pakking og frysing i eit tredje og kanskje eit fjerde rom. Nei, det heile måtte gå av seg sjølv til neste rom - der kunne ikkje fare folk og drage produktet på vogn gjennom fleire dører. Det går i vaskemaskinen og på band inn i magasinet, der dei tar det frå skinne- og filétmaskinane (men no har det kome maskinar som både skjer og skinnar).
Folka i Fiskeridirektoratet hadde ikkje vore med om eit anlegg på den måten, men eg fekk det no trumpa igjennom nokolunde slik eg ville ha det, for at det skulle bli lettvint og lønnsamt. Det var ein av grunnane til at det tok tid før vi fekk starte bygginga - planane måtte vere utteikna i minste detalj først. Så tok det nye to år å bygge og å skaffe maskinar. Overslaget var 2½ million, og det var sagt greitt ifrå om at der måtte ikkje bli kostnadsauke: Vart det dyrare, fekk vi betale det sjølv!
No kom det på eit par hundre tusen meir, det var ikkje til å unngå, for vi hadde brukt opp kapitalen då vi var ferdige med bygginga og skulle starte opp. Men det var klart, der fanst hjelpemiddel av ymse slag som vi måtte ha for å kunne drive rasjonelt - det kom ikkje på tale å stå med tollekniv der ein maskin kunne utføre arbeidet. Så vi måtte ta dei 200 000 av drifta, av kassakreditten, vi hadde ikkje anna. Men det gjekk, og i juni 1968 sette vi i gang produksjonen. Det var ikkje mange dagane før han gjekk for fullt.
Det kom ein frå Melbu hit og leidde eit kurs: Det var om å gjere at arbeidarane vart godt opplærte frå første stund. Og mens vi heldt på med dette, vart vi bydd ein banklinefangst på 50 tonn, mesteparten blåkveite; det hadde ikkje vi handsama før. Men han som var kursleiar, Sverre Nygård, meinte at vi skulle berre kjøpe fangsten, vi skulle greie å produsere. Noko kveite fraus vi rund og noko skar vi filet av; og gjekk gjorde det, for han var veldig flink. Folket fekk ei hard opplæring, men det måtte til. Eg trur det var ca. 40 mann med den gongen.
Men av di vi måtte ta av driftskapitalen for å betale noko av utstyret, så vart der i 1968 underskott på 70 000. Så kom det ut at vi hadde underskott i rekneskapen, og då rekna dei snart ut på bygda kva tid det kom til å bli auksjon hos oss. Men i 1969 dreiv vi for fullt, og vi lærte f.eks. snart kor mange prosent filet vi kunne få av kvart innkjøpt råstoffkilo: Det har veldig mykje å seie. Og når vi først oppnådde nokre ørar i overskott på kvart kilo, var det berre om å gjere å få ut så mange kilo som mulig! Og sjølvsagt avgrense utgiftene på alle baugar.
Det monna, så dette første heile driftsåret fekk vi fleire hundre tusen i driftsoverskott. Det kunne trenges, for i bankane gjekk dei med mistru: Sjefen for Nordlandsbanken i Bodø hadde tatt til å halde igjen på kassakreditten då det 'gjekk over enda' på Andenes. Eg var der ute for å finne ut årsaka, og det var at kontrollen var for dårleg - dei dreiv vel eitt års tid før dei i det heile rekna ut kor mange prosent filet dei fekk av innkjøpte råstoffkvanta. Og då dei endeleg skulle til med det, viste det seg at ein filétmaskin dei hadde, gav 38% filet av sløydd torsk - men du må helst ha 50%, ja vi har vore oppe i 56%.
Dette og forskjellig anna fann eg ut på Andenes, og det sa eg til banksjefen. Slike feilar som drog resultatet ned skulle vi prøve å unngå. Men eg forstod han hadde vel så god tru på folket der; han kunne ikkje tenke seg at vi ville gjere det likare. Så då vi hadde gjort opp rekneskapen for 1969, tok eg papira med meg og reiste til Bodø og la dei fram, for det var alt anna enn bra at banken hadde mistillit til oss. Og banksjefen vart ordentleg rørt, tok meg i handa og sa han var glad at han hadde tatt feil. Om eg trudde dette kom til å fortsette? Ja, sa eg, eg skulle gjere mitt beste for å få det til. Og det var klart at vi helst måtte ha eit overskott på fleire hundre tusen, for det trongst stadig nye maskinar som var betre enn dei gamle, sjølv om også dei var i god stand.
Ikkje minst har det stadig kome nye filétmaskinar i handelen som skjer finare filet og reinskar beina betre. Vi har nettopp kjøpt ein ny filétmaskin - eg seier «vi» ettersom eg er med i styret enno - og eg trur han kosta 600-700 000. Eg syntest det var dyrt, når vi hadde maskinar nok; men vi kunne rekne ut at dersom vi med det fekk ut halvannan prosent meir filet, så betalte maskinen seg på kort tid.
Det gjekk berre godt med Sjøbruk, heilt til eg vart så gammal at det tok til å røyne på; for med to skift begynte vi kl. 7 og heldt på til kl. 23. Og eg var der mesteparten av tida, sjølv om eg fór opp til mat og kvilte middag etter som eg hadde tida til. - Så eg sa ifrå om at når eg vart 75, måtte vi finne ein annan, og styret gjekk med på det. Eg hadde då alt snakka med han som vart min ettermann; han var då disponent for Fi-No-Tro sitt anlegg i Vardø. Eg hadde skaffa meg etterretning om han og forstod at han var flink; og så møtte eg han på årsmøta i Frionor, salsorganisasjonen. Han overtok frå nyåret 1975, og det har gått veldig bra sidan den tid og. Om filétproduksjon hadde eg ikkje noko å lære han, for han hadde gått gradene i Findus: Han begynte å skjere filet med kniv og endte som inspektør når dei reiste rundt for å kjøpe råstoff eller halvfabrikata. - Sjølv var eg i Lofoten i to år etter at eg slutta på Sjøbruk og styrte eit fiskebruk i Risvær for eit firma i Bergen.
Anlegget her er medlem i Frionor, men Frionor har ingen del i Sjøbruk; vi har tvert imot del i Frionor. Når Frionor får stort nok overskott - og dei har hatt bra overskott dei seinare år - så får medlemmene utbytte, på det vilkåret at ein del av det skal bli ståande inne som innskott frå medlemmene, til god rente. På den måten sikrar dei seg framtidig kapital, og dei har i dag mange millionar ståande av slike midlar.
Sjøbruk begynte produksjonen i 1968 med to fryseskap, med ei utviding først på 70-talet. No er der 10-12 skap. Vi tok sikte på 2 millionar kg råstoff for året, men kom snart opp i 4-5 mill. med to skift. Meste talet på arbeidsplassar i mi tid var 106 på to skift; det var like før eg slutta. Då dreiv vi med reker og. - No blir det investert 7-8 mill. kr for å få den same råstoffmengda på berre eitt skift.
Ved Finn Myrvang.