Autorisert Ei hulderfortelling frå Senja

  Autorisert

Huldersteinen i Høyvika. Like attmed ligg Hulderstøene.

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang

Vilkår for bruk:

Det var ein gong to mann som forvilla seg i mørkeskodda og kom ut av leia, og de ante ikkje kor de var. Til slutt fekk de då land, men ingen av de «kjente seg» der på landet. Så skulle den eine gå og sjå etter om der var folk, og i så fall spørre kor de var hamna?

Kommen eit stykkje, så blei han vårs eit stort og pent hus. Der måtte det då vere rettleiing å få, - han fekk prøve å gå inn. Som tenkt så gjort; og der i huset tøkte han godt om seg. Det var nett og nytt alt, same kor han snudde seg, så det var visst folk som hadde det berre kringt på alle måtar. Men aller best lika han den fine jenta han råka der. Han hadde ikkje møtt hennes lika.

Der blei då mindre spurt etter plassen, kor de var; men de skulle iall­fall få lov å vere der så lenge skodda vara. Det skar visst berre slik med seg at kameraten, han var lite vars skodda etterpå, så han fór ventelig så snart han ville. Men med hin karen og jenta der på gården blei det frieri og gifting, så han blei buan' der.

Ho Sigri - for det heitte kona - gav han nok lov til å fare til kjerka ender og gong; og då var han ikkje tungbedd. Men det var og den åt­varinga med at han måtte ikkje vere for lenge i kjerka, slik at «svart­baken tok til å famne snøre»: Det var presten som lyste velsigninga ho tenkte på.

Mannen var med kjerka, men han gjorde som ho Sigri sa, så ingen fekk vete kor han kom ifrå eller kor han for; og ingen visste ken han var heller. Det gjekk då stavlaust i bygda at der var ein fremmend mann som ingen kjente, som brukte å vere med kjerka, og folk snakka mykje i korleis de skulle fare åt for å bere kjensel på han.

Då var det at gammelklokkaren i bygda kom på ei råd de kunne prøve: Når den fremmende var kommen vél inn i kjerka, sa han, skulle de stille kalken med korset på ned ifrå alteret og heilt ut i kjerkedøra. - Då så mannen ville til å forlate kjerka og dem som der var samla, bar det over enda med han straks han trødde over dørstokken. De hørte berre at han jamra seg for «ho Sigri og bonnan» sine, så var det slutt.

Detta er visst same segna som den om hulderfolket i Gilbergsvika, som Arthur Brox tok med i «Folkeminne frå ytre Senja».


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/21