Ein tjuvhallar - Klæve - Ein munk?
Like innmed fjellfoten nordom Bleik ein stad skal det vere ein hallar med ei hola oppunder. Taket er på let som om der har vore gjort opp bål. - Det finst ei fortelling om denna same hallaren: Folk var møydd av at de blei skilt med så mange sauer, men ikkje at de fann ut kor de tok vegen. Aldri fann de òrmòlan heller, slik som når ørna har spent på lamman.
Så var det ein dag at det hadde vore folk på Andenes og gjort julreia, og kom på heimtur roande. De fekk sjå at der rauk så, oppunder fjellet ein plass. Så rodde de i land, og noken av de strauk oppover for å sjå etter ka det var som rauk. Men då de kom fram, såg de ingenting anna enn ei kokande gryta med kjøtt. Tjyven eller tjyvan' sjølv hadde lagt på hardan'.
Spanna eller Spannkollen er ein hump nedpå stranda vestom Oksebåsen på Andenes. På sørsida skjer Spannvika seg inn og på nordsida Andvika, så Spanna er mesta laus av land.
Innimella bergan i Spanna er det gamle hustofter, på Spannvollen de kallar, og det heiter at det er ikkje så fælt lenge sidan der var buer. Det skal og vere fleire gamle støer i Spanna. Likeeins er det tradisjon at det rodde og budde folk i Spanna lenge, og at plassen heitte Klæve (etter fjellet Klæva). Det er iallfall sikkert at ein buplass 'Kloffuen(n)', 'Kløffuen' og 'Kleven', er nemnt ofte i rekneskapslister frå første halvdel av 1600-tallet. Og noko anna namn 'Klauva' el. 1. finst jo ikkje.
På Bleik seiest det til og med at der budde folk i Klæve før det kom folk til Bleik. Det er òg tradisjon at den første biskopen i Nordland budde i Klæve, men i så fall må det visst vere meint den første biskopen i Nidaros etter reformasjonen, Torbjørn Olavsson Bratt frå Andenes, for far hans var bergenskjøpmann på Andenes.
Litt innafor Søstern' på Bleik er det ei li som beiter Munkan. Ingen veit å forklare det namnet, - eller for den del: korfor det heiter Munkevatnet ute på Andenes. Men ein Bleiks-mann fortel:
«Far min fortelle det - de rodde åtte mann på ein fembøring eller åttring frå Andenes til Bleik - at den tid de kjem nordom Klæva, så ser de ein mann som går oppover Geitbakkan. Det vistest for dem som at han hadde gammeldagse kleda, og de fann ut at det måtte vere ein munk, etter kledrakten å dømme. De såg han alle mann. Men så kom han i skjul for ein stein, og der blei de skilt med han.