Autorisert Ein uversdag på sjøen

Eg var 14 år då eg rodde mitt første vinterfiske som halvkar i 1910. Eg var med far min - Søren Lauritsen, Mårsund - på åttring i Nykvåg.

Vi begynte fisket i første halvdel av januar og brukte både garn og line. Det var smått med fisk på garna, men på lina var det storfiske. Vi brukte mårralina, som dei kalla det. Om mårran sette vi lina utfor garnhavet. Når det var gjort, drog vi ei lenke garn, greidde så lenka i atterskotten og sette ho igjen. Då hadde mårralina stått i 3-4 timar, og så drog vi ho. Sånn dreiv vi på, og det gjekk godt utover til sist i månen.

Men så kom uversdagen den 31. januar. Det var bra ver om morran, bris av sødvest og ei og anna snøfilla. Vi hadde ståandre vind ut, men ikkje meir enn at vi måtte ro under seglet. Då vi hadde sett lina, begynte det å lysne av dag. Men ute i havet stod ein svart kovdam. og tungalda begynte å rulle frå nord. Då såg han far seg omkring, og så sa han: - I dag treng vi å hiv oss skal vi få bruket snudd og med oss på land, for i dag lys han ikkje denne kovdammen i stilla.

Vi rodde til garnilen, drog ei lenke og fekk ho også sett. Som vanleg var det lite fisk på garna. Så rodde vi på spreng utover for å få fatt i lineilen før han la over med han. På lina var det pent med fisk. Men vi hadde ikkje drege mange stampar før uveret var over oss. Det kom som det var slope av ein sekk. Vi måtte alle mann i åran så nær som dei to som drog på lina. Så bar lina fast i botnen, og vi sleit av. Men då var andre ilen ikkje lenger unna enn at vi såg han. Men for eit slit det var for å nå fatt i han! Endeleg hadde vi han, ogvi fekk han opp. Men nå greidde vi ikkje å andøve lenger. Sjø og storm slo båten på tverra, og unna bar det. Lina drog vi etter oss som ei dorg, tre av karane halte inn med dei vann, og vi fekk ho med oss.

Nå først sansa vi for eit forfælande ver det var blitt med kov og rokk og sjøar som fjell, og sjøane trua hvert øyeblikk med å begrave oss.

Høvedsmannen ropa gjennom stormen: - Opp med mastra og ein lapp segel, så eg får styr unna dei verste skavlan, så dei ikkje søkk oss!

Eg skal seie det bar fort i veg, endå ikkje større segellappen vi kunne føre. Vi hadde ikkje segla mange minuttan, så fekk vi sjå eit brått til luvart. - Det er Fallet som bryt der, sa han far, - eg kjenn det på brytinga. Nå greier vi ikkje å komme inn Nordleia, vi må inn Sørleia, om vi kann greie det.

Men der er tre fall, Orja, Hella og Kvalpen, og på desse falla bryt leia ihop ein dag som i dag.

Høvedsmannen ropa: - Kvell lina utav ein stamp, så vi har han grei til å måke ut sjø med om vi får søkkan! Straks etter var vi ved leia. Det eine fallet braut på det andre fram føre oss. Vi segla i grønnålen etter falla inn gjennom leia. Men endå var vi ikkje berga. Finneset var siste knipetaket. Der var dragsua og sjøboren så grov at det trua med å sette oss på land. Men Søren Lauritsen var alltid snartenkt og snarrådig på sjøen. Han ropa: - Gi opp fire klør! Så fatta han om dragje og heiste opp seklet, og såleis pressa han båten framom neset - og vi var berga.

Oppe på land stod folk og speida utover sjøen etter dei som ennå ikkje var komme på land. Vi var siste båt som kom opp til Nykvåg den dagen. Men ein båt kom aldri meire til Nykvåg. Høvedsmannen var Hans Henriksen frå Hadsel. Han sette til med heile mannskapet den dagen.

Morten Sørensen.


Denne artikkelen handler om

Gård

Om innholdet

Kilde:
Rolv Straume/ Bø bygdebok, bind III, 1964
Opphavsrett:
Bø kommune
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2007/10/01