Eit varsel
Det er eller skal ha vore ei hustomt i sjølve Klæva, tett nordom Hestevika. Det er også sagt at der visest som ein mur.
Det var fjellslåtta i Klæva. Ein dag var han Enok Olsa på Bleik der og slo, leina mann. Best som det var hørte han noken rett oppføre seg i fjellet som ropa: «Ja....... beint ned hér!» Han såg seg om, men ikkje eit menneske. Då drog han fæla åt seg og strauk heim.
Neste dag kom han til bakers til slåtta i Klæva. Då fekk han sjå at der hadde gått skreda utur fjellet og beint ned dit kor han var då det ropa.