Autorisert Fåfengt varsel

Ein haust for mange år sidan gjekk ein mann frå yttersida i Bjørnskinn sogn - andre fortel at han var frå Skjolda - til Leirbogen for å grave makk. Han skulle ut etter julefisk, og trengte agn. Det kan være det same ka mannen heitte.

Då det leid utpå ettermiddagen og det tok til å skjømmes så smått, fekk han med eitt sjå tre fremmende karar nedmed fjæra. Han syntest det var merkelige folk, de kringgjekk han i langsamelig tid uten å seie eit steins ord. Han kom då til det, at enten måtte det være underjordiske, eller så var det folk som hadde sett til på sjøen som viste seg for han. Men han sa ikkje eit einaste ord, og ikkje hørte han noke frå de andre heller. Då han var ferdig med å grave makk, gjekk han heim.

Men «mella helgen'» det same året var det ein Sellevoll-båt ute på Langegga i Andf jorden og skulle drage ei garnlenka som stod der. Den eine av mannskapet var «medhjelpar» i Dverberg. Då de skulle i land, fekk de vestanveret på seg og kollseggelte. Medhjelparen, sønn hannos og ein til kom bort. Berre ein av mannskapet blei berga. Han levde mange år etter det, og nådde ein høg alder. - Sognepresten, Andreas Hart­vig1) holdt ein minnetale over den bortkomne medhjelparen og de andre som sette til.

Sommaren etter dette forliset gjekk han på ny til Leirbogen2) ei natt for å grave makk, den same mannen. Men då var det sjølsagt heilt lyst, både natt og dag. Då han hadde stide i makkeleira ei stund, fekk han like fullt det same selskapet som han hadde hatt den forrige hausten. Denne gongen bestemte han seg for å snakke til desse underlige skapningane - om de ville han einkvant? Men då blei det vel liv der på leira, - de hoppa og sprang og bar seg åt med alle slags fakter! Så kom ein av de bortåt han og sa: «Du veit vel ikkje nu kem du snakka' til? Vi er slike som har sett til på sjyen. Vi var hos deg den forrige gongen du var her òg, men vi hadde ikkje makt til å snakke til deg - når ikkje du snakka til oss først. Det hadde vore likast for deg om du ikkje hadde snakka åt oss denne gongen heller, for då hadde du vore oss kvitt. Men sidan du snakka åt oss nu og ikkje forrige gong, så skal du få oss til selskap heretter, - og det til gagns!»

Mannen blei som han var ovandotten, men så kom han seg så pass til hektene at han spurte de ka de vel hadde villa han forrige haust. Då svarte ein av dauingane: «Vi ville ha deg til å gå til Sellevoll og be folket der om ikkje å fare på sjyen den dagen, vi visste det kom til å skje ei ulykka. Det blei ikkje gjort; og de reiste ut. Sjyen tok de slik som han har tatt alle oss som er samla her i Leirbogen nu. Og vi skal følge deg - til kanskje sjyen ein gong tar deg òg! Du skal sjå og høre oss, men ingen andre levande skal kunne legge merke til oss».

Og mannen måtte gå heim ifrå Leirbogen - skrekksligjen - med ei heil horg døde folk etter seg. De følgte han til alle tider, inne i huset og. Dette selskapet blei meir og meir uhyggelig for han, og han tenkte på korleis han vel kunne kvitte seg med det. Så herda han hógen i seg, og spurte de tre som han møtte først i Leirbogen om ka han vel kunne gjere for å bli skilt med de. De svarte: «Du kan bli skjélt med oss hvés du går med på våres velkår». Han ville då g jerna høre ka slags vilkår det var. Ja, det skulle han få vete, sa de. Men så måtte han og rette seg etter det, for ellers kom det til å bli verre for han etterpå: «Du skal gå til Dverberg ein av de tre første torsdagsneten' i adventa. Når du kjem på sørsida av Skottberget, møter du presten Bang.3) Han kjem imot deg med eit stort følge av ånder og tar deg med. Er du lydig, kan alt gå godt».

I mellers tid kom hausten. Mannen hadde ikkje stor lyst på fot-turen over Andmyran ei mørk natt i adventa; og den første og den andre torsdagsnatta både kom og gjekk - han var heime. Men då den tridje kom, våga han ikkje å dryge det lenger, men gjekk. Då han langt om lenge kom til sørsida av Skottberget, kom presten Bang imot han og sa: «Nu har jeg stået her to nætter og ventet på dig, og var du ikke kom­met nu, ville det været forsent for dig!»

Mannen syntest det aula av ånder frå Skottberget og heilt til gammelkjerka der innom porten på kjerkegården. Og dess nærmare de kom, dess fleire døde var det å sjå, og til slutt var det tjoke fullt både innom og utom kjerkegården. Då han Bang og mannen frå Sør-An'a kom så langt som på auster­sida av kjerka, tok han Bang til med ein lang tale for de døde, ein tale mannen ikkje forstod noke av. Men han såg at pres­ten knytte høgerneven alt med han snakka, og liksom hota imot flokken av døde.

Då talen var slutt, tok presten mannen i handa og leidde han med seg att fram tre gongar rundt kjerka. Då de kom på austersida av kjerka for tridje gong, song presten med klår og høg stemme den gamle og kjente salma «Bort Verden af mit Sind og Øie». Med det same han sa amen! forsvann alt i hop. Og mannen hverken såg eller hørte noke meir til de mystiske «vennane» sine seinare ("Bautastene i Det Høie Norden" av O. M. Nicolaissen 1897 (BN) i "And-Ungen", julehefte og årsskrift 1922/32 for Andøy Ungdomsfylking (AU).4)

') Andreas Peter M. Hartvig, prest på Andøya 1817-25.

2) Leirbogen er sørom Bø.

3) Jakob Severin Bang, prest på Andøya 1788-1804. Han døydde på Dverberg.

4) "Fra Nordlands Fortid II" av O. M. Nicolaissen, Christiania 1891 (NF II), har med same fortellinga under overskrift «Faafængt varsel». Der er ikkje nemnt namn anna enn at hendinga skriv seg frå «en af Nordlandsøerne». Men det er nok same heimstamn. Det my­tiske drag i vår variant er det same som det NF II formulerer: «Vi havde ikke magt til at tale først til dig, og du mælede ei et ord; derfor maatte vi drage vor vei med uforrettet sag; og nu, nu hjemsøger de hedenfarnes aander dig for din ligegyldighed».


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/12