Finnkongen, kong Gisle og kong Svarte
Skogvoll ligg på eit ra mellom Skogvollvatnet og sjøen. I vasskanten sørover langs Ra går det eit lompe-gjerde. Det ender i myra nedafor Vassbotn. Nordom gården finst også restar av det, delvis på innmarka og. De blir stadig færre, for vatnet marar gjerdet ut, og kretturan trakkar det ned1). Kor gammelt det er eller ka slags dyr det var bygd for, veit ingen. Men det er sagn at gjerdet blei sett opp for å hindre fienden i å vatne hestane2).
Gisløya ligg i Gavlfjorden, nærmare Langnes enn An'a. Ho skal være l mil i omkrets. Det fantest iallfall til langt fram på 1800-tallet merke etter skansar tre plassar rundt på øya. Ein gong det var folk og slo der, fann de på å sjå etter. Då kunne de utpå det eine nesset så vidt sjå ein bauta, mesta nedsigjen i jorda. - På Gisløya budde det ein gong ein nesse-konge eller jarl som heitte Gisle3). På Skogvoll budde det ein annen småkonge; han kalla de berre for Finnkongen. Desse to blei uforlikt om einkvant, og møttest til slag. Det var på Kongsvollen like sørom den nordste Røllia på Bø; de gamle kalla plassen for «Kongens voll». Der fall kong Gisle, og der haugla de han etterpå. Og det er mange gravhaugar på vollen. Der skal ha vore funne sverdblad og sverdhandtak; folk fortel at de var for små til at vokse folk kunne få skikkelig hand-feste4). - Nok er det, kong Gisle hadde hardbarka krigarar i laget med seg. De ga seg ikkje sjøl om han var fallen, men jaga finnkongen opp Finnkongskaret og attover heia på nordsida av Storklémptinden. Om ei stund bar det ned i Finnkongdalen5) med de. Finnkongen akta seg heim til Skogvoll, men ingen veit om han kom seg unna. Det er de som fortel at han blei fanga og hengt nedmed Finnkongdalsvatnan. Andre vil ha det til at det var der i dalen han budde, og ikkje på Skogvoll. Han skulle bu ved øverenden av det nedste Finnkong-dalsvatnet. Attmed elva som kjem frå vatnet ovanfor er ein fin grasvoll. Midt på den er det ein merkelig jordhaug som enten er ein ihopsigjen, svær gamme, eller også ein avlang plyndra gravhaug. - Og de fortel at det er tofter på Finnkongdalsaksla6). Før i tida var det «puskeri» over alt: På Finnkongdalsaksla, sa ho gamle Inger Kristensde (f. 1806), kom gjenferd og stakk hendene inn og letta på teltet!
Sortland i Vesterålen blei før i tida kalla Svartland - eit namn gamle folk på Bleik brukte til fram på 1890-tallet. De gamle Vesteråls-lappane sa «Suorta». Etter sagnet hadde gården fått namn av ein kong Svarte som budde der. Også han rauk ein dag uklar med kong Gisle, og de møttest til slag utpå Gisløya. Kong Gisle tapte og fall på heimebane, og de fleste av mennene hannos miste livet. Det blei ført tre farmar med falne ut på Langnesvika og søkkt ned, for kong Svartes menn ville ikkje ha ómaken med å grave ned likan av motstandarane sine. Men ikkje langt unna bautasteinen på Gisløya fann de i nyare tid like vel ei hola som var full av bein, ei heil fembøringslast. Folk meinte at det var menneskebein, og at de skreiv seg frå eit slag. Så tradisjonen kring kong Gisle er, om ikkje til å forlate seg på, iallfall blomstrande. At han slapp å døy på sotteseng, må vel i det minste være sikkert!
1) Ein Skogvoll-mann nemnte i si tid noke Nils Uhre på Nord-mela hadde sagt: Den tid han først gjekk gårdane imellom, rakk gjerdet på Skogvoll-ra han jamnt med hattebremmen. Men han var heller lågvóksen (Karl Kristiansen, Skogvoll).
2) Ikkje sagt kem fienden eller fiendan' var (berre forvansking av «finnen» el. «finnan»?).
3) Ein fortellar sa «Giske», de andre Gisle. Ut ifrå det forklarar også folk namnet på øya. Men står sagnet ikkje for historisk kritikk, kan øynamnet ha anna forklaring: Øya ligg så pass inn i
Gavlfjorden, at når havdis eller fuka sig innover langs vestsida av fjorden og skjuler fjell og haugar der, kan du like vel lenge sjå Gisløya frå Bø og Åknes. Er det solskinn austafor, ligg då ofte
haugane utpå Gisløya med merkelig lysande konturar, liksom du sómmars tid påfallande ofte ser regnbogen stå over øya når det er yr el. sol-regn der ute. Såleis kjem gn. geisli = lysstråle, og på tale. Utt. i dag er «Gjésseløya».
4) Skjelettfunn kring i landet tyder på at folk flest var mindreav vekst i gammel tid. Noke anna er at jernsaker rustar og tærest i molda, så de i enkelte mål synest mindre enn tilfellet var.
5) Folk har og utt. Finnkondalen (-kånn-). Der imot er g-en alltid med i «Finnkongskaret». Lydovergang frå kon til kong er ikkje urimelig; t. d. opplyser J. Qvigstad 1926 (Lappische Opfersteine und heilige Berge in Norwegen) om Finnkongkeila i Finnmark, at nordmennene før sa Finnkonkeila. (Det samiske namnet var Sieida- el. Sieidevuodna og viste til ein gl. offerstein der). Det er og mulig at sml. med «Finnkondalen» ved Bremnes i Kvæfjorden kan stø oppunder ein spekulasjon: at sagnet om finnkongen først oppstod etter at Finnkondalen på An'a ved lydovergang blei til Finnkongdalen!
6) Inst i dalen har vore buplass: det er tofter og slåttelier på nordsida av øvste vatnet. Folk som har sligje der, har vore frami steinar av det slaget de brukte til syllsteinar før. - Nedmed elva mellom nedste vatnet og Nøssdalsvatnet er ein plass med namn Toften: der budde finnkona Lavina Andersde (f. 1750). Ho gjekk under namnet Lapp-Lavina. Ho dreiv med sauer i dalen; sistpå hadde ho 7 svarte lam som ho ikkje naut - «ørna spente på lamman», som ho sa (Johan Fjellstad, Middagsfjellet). Derfor flytta ho til rabbane på sørsida av Børrvågvatnet og slo seg ned (Sofus Olsen, Nordmela). Førstemannen Omund (Åmund) var d. 1780, el. før. Dotter deres var Anna Omundsde f. 1775, g. m. Kristen Persa på Åbergsjorda, og Elen f. 1780. Anna var i Børrvåg-dalen til ho var voksen. Ho var 7 år då de flytta dit; trulig var det i 1782 - same året mora blei oppattgift med Jon Pålsa. De hadde sønnane Amund og Nils (Håkon Rydland, Kongsvinger). Dersom Finnkondalen er rett namn, må nok det like vel vise til ei finnkona lenger att i tida enn Lavina.