Autorisert Fjell-eventyret

  Autorisert

Foto: Kjell Snerte

Kilde: Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett: Bø bygdelag

Vilkår for bruk:

Ein haustdag 1977 small den første salva i Ryggedalsfjella. Bildet syner den historiske hendinga da Statens Vegvesen med dunder og brak kunngjorde for alt folket at tunnelekspertane hadde bestemt seg - omsider. Her skulle Bø-vegen gå inn i berget det blå. Med fromme ønske og geologar som kryssa fingrar starta siste akt i dette moderne fjelleventyret. Denne artikkelen tek opp forspelet til den forunderlege historia om Bøvegen.

Eingong i 1980 vil Bøvegen vere ferdig. Vi ser slutten på ei veghistorie der alt sprakk for Statens Vegvesen, og spesielt for Nordland Vegkontor. Tidsramma sprakk gong etter gong, kostnadsramma sprakk enda kraftigare, og verst av alt sprakk fjellet, slik kjentfolk hadde spådd då Ryggedalstunnelen kom på tale som vegutløysing for bøfjerdingane. Prisen er det folket i Bø og staten som får betale. Det kan neppe vere tvil om at dei endelause utsettingane og den evige usikkerheita etter kvart tærte alvorleg på tiltaksmotet i kommunen. Både ordførarar og kontorsjef kan vitne om det. Og rekninga staten får på bordet er det seks eller sjudoble av det han rekna med. I neste omgang slår dette sjølsagt tilbake på folket i Bø: Vi har brukt 25000 pr. innbyggjar for å skaffe dykk vegsamband med omverda. Det er vel nær sagt verdsrekord. Eig de ikkje skamvet, vil det heite når bøfjerdingane sit fast i gjørma og krev brukande riksveg gjennom kommunen. Dei som planla dette fjelleventyret, eller rettare sagt let vere å planlegge, sit derimot trygt og tørt på tuva si. Slik er det no eingong.

Historia om Bøvegen er ei innfløkt historie. Mykje av det endelause spelet fram og tilbake ligg skjult og er ikkje nedteikna i dokument. Ut ifrå det eg har greidd å grave til meg, skal eg her prøve å legge fram ymse sider ved dette vegprosjektet, som etter kvart fekk utnamnet skandalevegen på folkemunne.

Vegsamband til resten av Langøya har naturleg nok vore i Bø-folket sine tankar i lang tid. Like fram til 60-åra var det knapt tvil om at denne vegen skulle gå langsmed kysten forbi Grøtset og Sigerland. Folk på Sigerland kan fortelje at då dei der søkte om å få bygge vegen Sigerland- Grøtset som nødsarbeid i 30-åra, fekk dei nei. Grunnen var at der skulle riksvegen gå.

Slik kom det altså ikkje til å gå. Då det for alvor vart aktuelt å sette i gang med Bøvegen i 60-åra, var det ei ny vegline som brått hadde sterke tilhengarar i Bø: inn Ryggedalen, i tunnel gjennom fjellet, veg vidare til Skjelfjordeid.

Ordføraren i Bø, Reidar Hansen, som budde på Kråkberget, var den store pådrivaren for å få dette linevalet igjennom. Fram til 1962 hadde Kråkberget høyrt til Øksnes kommune, og Reidar Hansen hadde vore ordførar der òg. Med å legge vegen gjennom Ryggedalen ville ein rive mykje av grunnen bort for folket som budde på Nærøya, Dyrøya, Tindsøya og i grendene Grøtset og Sigerland - alt i Øksnes kommune. På den tida budde det her innpå 300 menneske til saman. Ein kunne ha tenkt seg at den tidlegare Øksnes-ordføraren, no ordførar i Bø, ville ha gjort sitt beste for å ta omsynet til desse med i rekneskapen når han skulle velje lei for Bøvegen. Det skjedde altså ikkje.

Så vidt eg kjenner til, gjekk det første forslaget frå vegvesenet ut på å legge veg langsmed kysten og så ferje til Sandset. Somme har hevda at dette var grunnen til at ein gjekk så hardt inn for Ryggedalslina. Ein var redd for å bli sittande att med ferje likevel, om ein gjekk inn for å bygge kystvegen. Dette kan ikkje vere rett. Då Nordland Vegkontor la fram dei ulike alternativa for Bø kommune, var det ikkje i noko tilfelle tale om ferje, heller ikkje for kystlina.

Andre har sagt at Bø kommune gjekk inn for Ryggedalslina fordi kystvegen ville bli så mykje dyrare, slik at vegutløysing for Bø kunne dra ut. Dette stemmer heller ikkje. Kalkylane viste omlag dei same kostnadene for begge alternativa.

Sommaren 1968 hadde Statens Vegvesen arbeidd ut alternativa for Bøvegen:
Alt. I a: Kråkberget-Sigerland - bru over Teistpollen - Ånnfjordbotnen - Urskaret - Skjelfjordeid: 25 km -ca. 20,3 mill. kroner.
Alt. I b: Kråkberget-Sigerland - bru over Teistpollen - bru over Ånnfjorden til Langneset-Skjelfjord-Skjelfjordeid: 21 km - ca. 24 mill. kroner.
Alt. II: Kråkberget-Ryggedalen - tunnel gjennom Blåtind-Ånnfjordbotnen Urskaret-Skjelfjordeid: 17 km - ca. 18,5 mill. kroner.

Alt på denne tida var både ekspertane og kommunepolitikarane klar over at Bø-tunnelen ikkje var å spøke med. I brev frå Vegsjefen i Nordland til Bø formannskap 21. 8. 68 heiter det: «Størst usikkerhet knytter det seg til nevnte tunnelprosjekt, der fjellet i overflata er meget oppsprukket og dårlig. Nærmere undersøkelser er nødvendige før behovet for eventuell utstøping er klarlagt. Dermed oppnås et sikrere grunnlag for kostnadskalkylen.»

Vegsjefen går likevel utan videre inn for Ryggedalslina, og skriv m.a. «Den planlagte trasé går stort sett gjennom ubebodde områder, og det er naturlig at en har undersøkt muligheten for å legge vegen langs kysten, der det ligger noen gårder, selv om det vel overveiende dreier seg om fraflyttingsområder. En mulig kysttrasé ... er ca. 7,7 km lengre enn traseen gjennom Rygge-dalen. På grunn av den kostbare Ryggedals-tunnelen, representerer disse 7,7 km neppe noen vesentlig større anleggskostnad enn Ryggedals-traseen. Årlig vil imidlertid den innsparte lengde representere en samfunnsøkonomisk vinning i form av innspart tid og kjørekostnad. Ved en mulig framtidig trafikk på 100 000 biler i året, vil dette tilsvare 2-250 000 kr. pr. år i besparelse ... En mener at de nevnte fordeler med traseen gjennom Ryggedalen må veie tyngre enn hensynet til de få oppsittere som måtte bli boende på kyststrekninga Rygge-Sigerland, og som vel prinsipielt (!) bør skaffes vegutløsning gjennom en underordnet sideveg av lavere standard".

Eit interessant poeng ved vegvesenet si behandling av denne saka er det at Ryggedalslina vart detaljstukke lenge før dei folkevalde i Bø hadde uttalt seg, medan dei andre alternativa berre vart «undersøkt ved hovedplan». Ingen kan påstå at det var sterke grunnar for å velje nettopp denne lina framfor den andre, jfr. den syltynne argumentasjonen ovafor. Det er vanskeleg å fri seg frå det inntrykket at motførestillingar mot Ryggedalslina vart dempa urimeleg ned, medan ein gjerne tok rikeleg i når det galdt kystvegen (rasfare t.d.). Trass i at det objektivt sett var svært få føremuner med denne lina, både for Bø kommune og for vegvesenet, var det tydelegvis mykje om å gjere å få pressa nettopp denne igjennom.

«Hovedinteressen i Bø kommune synes å være Ryggedalsprosjektet», skriv vegsjefen i orienteringa si for samferdselskomiteen i Stortinget 17. 9. 68. Å sjå til kan han ha rett i det. Bø kommunestyre vedtok samrøystes å tilrå Ryggedalslina 15. 10. 68. Men ein skal ha klart føre seg at Bø hadde ein overlag mektig ordførar som heilt frå første stund satsa heile sin prestisje på dette linevalet. Då betydde det mindre at argumentasjonen var syltynn. Ordføraren sin makttradisjon i dei vesterålske kommunestyra er vel kjent.

Dei einaste i Bø som gjekk klart og organisert ut mot ordføraren sitt syn var hans eigen krins, Kråkberget. Med få unnatak skreiv folket her under på ei protestliste som kravde vegen langs kysten (ca. 100 underskrifter). I eit brev til ordføraren i Øksnes skriv Egil Stenersen, Sigerland, om denne lista:

«Det er et skriv som har vært i Bø og som du ser så er interessen der stor for kystvei. Han som hadde det oppdraget, nemlig Karstein Andersen, han sa at om han hadde trålet hele Bø så hadde nok det blitt det samme. Og det samme sier de som er på Grødset og arbeider på kaia der. De er jo fra Bø. Om det hadde blitt avstemning, så hadde nok mesteparten blitt for kystvei.»

Men då det er blitt kjent at Vegsjefen går inn for Ryggedalslina, heiter det i bladet Vesterålen, under overskrifta «Glede i Bø»: «Gleden over at Veivesenet har gått inn for den indre trasé er påtakelig i Bø. - Vi har snakket med flere og alt utkrystalliserer seg i grunnen i Daniel Olsen, Straumsjøens spontane: Det var da koselig! Dette er rette traseen. Og ordfører Reidar Hansen uttaler at han i lange tider har gått i den største spenning, han har ikke ord for å uttrykke sin glede over det som har skjedd. - Nå har jeg behov for bare å slappe av og glede meg i likhet med mine sambygdinger», refererer Vesterålen.

Protestlista frå Kråkberget vart ille oppfatta av kommunepolitikarane. I kommunestyremøte 15. 11. 68 sette varaordførar Kåre Johnsen fram dette forslaget: «Bø kommune er blitt kjent med at det på Kråkberget og omkringliggende steder (distrikter) sirkulerer noen lister med oppfordring til folk å skrive på listene til fordel for det syn at Bøvegen skal gå langs kysten om Sigerland. Dette syn er stikk i strid med det enstemmige vedtak angående Bøvegen som ble fattet i Bø kommunestyre den 15. oktober 1968. Bø kommunestyre vil på det mest bestemte frarå at det tas hensyn til disse lister, i den sikre forvissning at den absolutt overveiende del av Bøs befolkning står bak kravet og vedtaket i Bø kommunestyre at vegen skal gå gjennom Ryggedalen». Kommunestyret samla seg samrøystes om dette framlegget.

Kva så med folket langs kysten og på øyane i Øksnes Vestbygd? Brydde ingen seg om dei? Det mangla ikkje på fromme håp. Bladet Vesterålen refererer ein bøfjerding slik: «Engang må det imidlertid komme vei over til Sunnan, og så kan man bygge bru over de smaleste sundene og hjelpe folk til bedre kommunikasjoner på den måten». Vegsjefen skreiv som før referert at «disse oppsitterne vel prinsipielt bør skaffes vegutløsning gjennom en underordnet sideveg». Korleis det skulle vere nasjonaløkonomisk lønsamt (det var mykje snakk om nasjonaløkonomiske omsyn i denne linestriden) når ein kunne ha fått riksvegen lagt her for same kostnaden som gjennom Ryggedalen og spart seg for «usikkerhetene knyttet til tunnelprosjektet», det må ein verkeleg undrast på. Svaret var nok gitt på førehand. Omtanken for Øksnes Vestbygd var enkelt og greitt politisk hykleri. Ingen tenkte seg til å bygge veg der, og ingen slik vegplan ligg då heller føre i dag. Få år etter at kystriksvegen hadde fatt dødsstøyten, gjekk leiande kommunepolitikarar i Øksnes inn for å gjere Dyrøya til fraflyttingsområde (omstøytt av regjeringa) og Grøtset gjekk inn i same dragsuget nokre år deretter.

Det mest fantastiske i denne striden om kvar Bøvegen skulle gå, var Øksnes kommunestyre sitt vedtak eingong på 60-talet som også gjekk inn for Ryggedalslina. Bakgrunnen for dette skal visstnok vere at Øksnes kommune var feilinformert og meinte kommunen måtte ut med midlar dersom vegen vart lagt langs kysten. Det blir også nemnt at det låg ein hestehandel bakom dette vedtaket - at Bø skulle stø Øksnes-kravet om Lifjordvegen dersom Øksnes gjekk inn for Ryggedalslina. Eg veit ikkje. Men i 1967 gjorde i alle fall Øksnes kommunestyre eit klart vedtak til fordel for kystriksvegen. Men både ordførar Otto Holm og Jarle Meløy, begge framståande AP-folk, røysta imot ved dette høvet òg. Det har med andre ord gått partipolitisk prestisje i saka.

I (attpåklok) ettertid blir ein berre sittande og undrast når ein studerer dette forspelet til «skandalevegen». Det må ha vore eit sammensurium av utanforliggande grunnar som talde sterkt med når ein flokk i Bø vart så hardsett i kravet om at vegen måtte gjennom Ryggedalen. Personlege motsetningar og personleg prestisje, private interesser, motsetning Øksnes-Bø blir jamt nemnt i folketalen. Nøkternt sett var det berre ein grunn til å velje Ryggedalslina, at ho vart eit stykke kortare enn kystlina. Til gjengjeld måtte ein svelje ein lang og usikker tunnel. Men kanskje såg det gildt ut på denne tida å kunne blåse gjennom ein moderne og «tidsmessig» tunnel ut or bygda?

I det heile er det ikkje vanskeleg å sjå denne linestriden om Bøvegen som ein del av det politiske komplekset som dominerer tidbolken. Ekspertveldet og det regjerande politiske teknokratiet har lagt ein heilt ny kurs for utbygginga av landet, og dei lokalpolitiske styresmennene følgjer traust i fotefaret og renner folkevetet over ende. «Mobil arbeidskraft» var det sentrale stikkordet i denne tida, og «et folk på flyttefot (bort frå alle utkantar) er et sunt folk». Ein kystriksveg kunne ha seinka «den endelege løysinga» på problemet Øksnes Vestbygd. Det heitte jo t.d. i tilrådinga frå Vestlandskomiteen at det gjekk så altfor tregt med å få folk til å flytte til høvelege sentra. «De nasjonaløkonomiske hensyn» som på sentralt hald avgjorde linevalet for Bøvegen kan gjerne ha vore dette at ein med å legge vegen gjennom villmark og fjell unngjekk å bremse opp flytteprosessen til «de få oppsitterne som måtte bli boende på kyststrekningen Rygge-Sigerland». Dei leiande politiske kreftene i Øksnes var neppe usamde i eit slikt syn (jfr. avfolkingspolitikken andsynes Vestbygda, med Dyrøy-vedtaket som toppen på kransekaka). Bø ga vel jamt blaffen i «andre» sine utkantar. Her òg tok ein kanskje til å bli «moderne» og sjå det slik at folk skulle bu i sentra og sikre seg strake vegar ut i «rekreasjonsområde» og «natureldorado», der dei kunne bygge seg hytter og ha det godt. At det var grunneigarane i Ryggedalen som gjekk i spissen for protestlista, gjorde vel ikkje mindre til å gje denne typisk sosialdemokratiske tankegangen vind i segla.

Det kan vere usemje om kven som gjekk føre da vegekspertane og styresmennene i Bø samla seg om linevalet gjennom Ryggedalen. Mange meiner det var den sterke mannen i Bø som tok ekspertane i handa og leidde dei inn Ryggedalen, andre ser det slik at dei lokale styresmaktene vart bergtekne av dårlege ekspertar. I alle høve må ein slå fast at då Statens Vegvesen valde seg «skandalevegen», var det med fast og militant oppslutnad frå eit samrøystes kommunestyre i Bø. Dei gjekk alle inn i rottfjellet for full musikk. Kva folkevetet i Bø gjorde, er meir på det uklare.

Den neste bolken i historia om Bøvegen har ein annan karakter. Her er det vegetaten som rotar einsamt og fortvila fram og attende i Ryggedalsfjella for å dempe fiaskoen og skjule skandalen, medan mistrua og vonløysa senkar seg over Bø kommunehus. Berre folkehumoren lyste opp i dette vegmørket.

Kjell Snerte

 


Denne artikkelen handler om

Historisk hendelse

Om innholdet

Kilde:
Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/02/26