Autorisert Følgje daudingane

Det var ei tru at enkelte følgte daudingane, som det heitte. Einstøingar og særlingar fekk lett ord på seg for slikt. Det gjaldt visst i det heile alle som strauk av gårde i ei utid, og som rente og jagstra etter eitkvant som ingen andre enn de sjølv forstod.

Såleis frå ein gård på vestersida: «Vi har hatt folk her som - når dei kom opp i åra - tok turar oppover myrar og ra og kom varme og sveitte tilbake. Desse turane var kort og godt utslag av åreforkalkning. Eg har tilmed hørt folk med den gode gamle (over)trua ymte om at desse men­neska rente etter daudingar. Om dei meinte det, skal vere usagt».

Det var ein mann som var fødd i Bergen i 1808, men kom til Stave. Han flytta imella Dverberg- og Øksnes-sokna fleire gongen'. Han hadde vore glad i brennvin all si tid, saest det, så han gjekk godt blekka rett som det var. I visse høvan - som om jula og i bryllup og i slaktetida om hausten - kunne han gå i ein rus fleire dagar i strekk. Og den man­nen, han måtte følgje daudingane så mang ein gong, når de forlangte det.

Slik var det og den gongen då han i lag med fleire frå Skogvoll skulle over myra til Dverberg-kjerka. Best som det var, stakk han å stad nord­over myran' så langt at de såg ikkje hyren utav han. Han var lenge borte; og då han endelig kom til bakers, var han så gjønnavåt av sveitte og så avkjèlt at det var ei gru. Han hadde måtta ta ein tur med de døde, kunne han fortelle.

Det var sagt at bror hannes, som også kom nord i jektetida, han hadde det på same måten. Han var ein villing, og ein gong var han i veg og gløtta igjønna nøkkelsholet i eit hus der det stod lik. Då fekk han evna til å sjå de døde, liksom broren.

Om broren, han på Skogvoll, heiter det òg at han frå først av var og keik i eit nøkkelshol i eit hus der det var lik. Det var i eit kalas, og han slo vadd for brennevin om at han skulle våge å gjere det. Og derfor blei han plaga og forfølgt av de døde seinare.

Ein gong han var roen, sa han plutselig ifrå om at de måtte ro han i land med ein gong. Og då han kom på land, fór han som ei pila til kjerkegården.

Likeså var han på fiske på Langenes, og de sat på bua og åt mølja. Best som det var, spratt han opp og sa at han måtte heim! Då han om­sider kom til bakers, var han heilt utmatta -.

Men andre fortel at det var i Nøkksundet han rodde den gongen, i lag med noken frå Strengelvåg. Best som han sat inne i bua i lag med kameratane, meinte han på at nu måtte han ut, for «nu e der femti i dørra!»

Ein annen dag hadde de vore ute og drigje ei garnlenka som var i ein ball. Då de kom i land, velta de berre garnballen opp i stø-vorren slik han var, før de gjekk opp og fekk seg noke til livs, for sjøen var mesta oppe. Då de så hadde stelt seg med mat og drikka og skulle ned og greie, fann de garnan til den same mannen: De låg for seg sjølv, ferdiggreidd, enda de var like mykje i vase som de andre, den tid de gjekk opp i bua.

Så var det den vinteren han lensmann Svenke i Dverberg døydde: Den same mannen frå Skogvoll rodde i Nøkksundet då og. - Og den dagen lensmannen døydde, var det landlèga og eit himmelsk ver. Å ferdest opp i landet frå Nøkksundøya var det ikkje tale om, langt mindre noke lenger. Telefonar fantest heller ikkje i den tida. Men mannen, han kunne både fortelle at lensmannen var starva og ka tid det hadde skjedd.

Ein vinter rodde han i Stø. Så var det ein kveld like før heimfartid, at ein som hadde ærend til Langenes fekk han til å gå i staden for seg. Men han kom ikkje igjen til den tida de venta han, og det både varte og rakk. Høvedsmannen tok då til å bli ilskjen mot den som hadde andre til ærendsvein så seint på kveld: Kom det noke åt mannen på turen, var det han som skulle få stå til svars. - Men langt om lenge kom han då, kledde av seg og gjekk i køya og la seg. Men då fekk de og noke å kjenne på, for det var liksom heile bua ville fyllest med liklukt.

Då song høvedsmannen ut at her skulle han ikkje vere, så sant han berre blei sjøsett over fjorden neste dag! Men då fekk de vete at daudingane hadde vore etter han som var den turen på Langenes: De tok på han, og de la han under seg imella to tuver eller graver så han ikkje kom seg av tverre flekken. Ikkje fekk han til å rope om hjelp heller. Men lykka var at der kom ein annen mann gåan', og han sparka borti han som låg der med eine foten, for han såg ikkje at der låg folk. Då måtte daudingane gje på taket, så mykje han kom seg laus.

Til slutt, heiter det, kom den same mannen i drømme med far sin, som var død borte i Bergen. Faren sa då korleis han kunne bli kvitt følgjeskapen med de døde, og etter det var han dem kvitt.

Det var ei enka. Ho blei oppattgift med ein mann i Bjørnskinn. I bryl­lupet var der mange gjestar, og dans og leven skulle de ha. Til spellmann fekk de ein kar som gjekk for å vere nokså rett fram, når han sa noke: Han la ikkje sine ord på gullvekt enten han omtalte levande eller døde. Høvde det så slik at han hadde ein liten gut med same namn som den mannen enka hadde vore gift med. - Det her laga då spellmannen moro utav: ordla seg slik at folket forstod at det nok eigentlig var meint førstemannen, og ikkje guten.

Men just då de skulle rydde stuegolvet for å ta til med dansen, - her kjem førstemannen sjølv inn; og kanske han hadde noken i lag med seg og, enda om ikkje alle såg det. Men kona til spellmannen, ho sansa seg med ein gong og heiv forkledet over guten. Spellmannen sjølv la ifrå seg fela i ei viss fart, så måtte han følgje med førstemannen ut. Og det gjekk ei god stund før han kom til bakers. Men då var han bra sveitt i kledan. Enda var det i høgda berre eitt kvarters tid å gå, att og fram frå bryllupshuset og til kjergården.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06