Autorisert Forgjengna

Eg skal fortelle det slik som eg hørte det: Det var på ein gård øvst i Kobbedalen, Øverdalen de kalte. Det var i 2-tida om natta. Ein av gutane i huset låg på loftet og hørte at det kom inn folk nede, og at de snakka åt far hans. Så kom denne opp lofttrappa. Han hadde ståande på loftet eit såkalt «russeskrin» - ei godt beslått kista - og i den hadde han sine kro­ner og øre. Han gjekk alltid med nøkkelen på seg. Nok om det, guten ser at faren kjem inn, går i skrinet og læser både opp og att. Då det er gjort, går han ned igjen. Deretter hører han faren går ut og bort åt eldhuset, der de har kvelvt ein slede. Han tar sleden og veltar han ifrå eldhusveggen, og det skranglar i skoklane på den harde marka. - Men etter det var det stilt, og guten somna.

Men om morran kjem kjerringa til ein av naboane i Melladalen og fortel at mannen er død om natta. Om de kan hjelpe ho med noken kroner så mykje ho får gå til Risehamn og kjøpe noke til liksvøp åt mannen? Jau, svarar faren i huset, det skal eg gjere. Så går han opp mens guten enda ligg; og han hører faren like eins som om natta - at han kjem opp, er i skrinet og læser etter seg. Så går han ned. Kjerringa hadde vore åt etter hest og, så han går ut åt eldhuset - og hiv han sleden ifrå veggen akkurat som om natta. Det var like tydelig alt i hop.

Då står han opp, guten, og går ned: «Eg kan fortelle deg, far, at det hérna visste eg om i natt. Då hørte eg at du kom opp, gjekk i skrinet og læste det etter deg igjen. Så gjekk du ut, og var bortmed eldhuset og heiv sleden ifrå veggen». «Åja? -» sei faren, «e det så at noken trur de eig noke utav det eg har, så skal eg nok vete å sette ein stoppar. Ho har fått pengane, men det skal ikkje bli noken hest!»

Nok om det; då dagen kom og ho var tilbake og skulle hente hesten, var det sigjen av mannen. Han våga seg ikkje på det han hadde forlovt - hesten fekk ho. Det kom for han at den døde naboen vel hadde visst om at han kom til å få hesten.

Slikt kalte de «foræng» (forgjengn) før i tida; de snakka om forgjengna også for levande folk, når de såg eller hørte de før de kom (Karl Enoksen, Bø). Det heitte forynja på gammelnorsk.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/13