Frå Børrvågen
Del var ei oppleving han Johan Nilsa hadde, i si tid. Vi var to gutar som var konfirmert i lag. Så døydde bestefaren til kameraten min like før jul, og den same dagen som han var gravlagt skulle det vere jultrefest på Bø. Så vi ungdommar, vi gjorde det under eitt: Vi fór ikkje heim då vi hadde vore på Haugen, vi gav oss igjen på Bø. - Nok var det, begravelse var det, men han Johan Nilsa hadde løktene i Børrvågen å passe. Så skulle han då gå først i løktene og gjere seg ferdig der. Du veit dagen imella helgene, han er ikkje lang. Han tok med seg bikkja si; det var enda blanding av samojed og jakthund. - Nok er det, der er mur, og løkta står så å seie på berget. Då han så kom inn i oljehuset, så hørte han noke som grov på døra. Og bikkja, ho Silla, var kommen inn i løkta i lage med han. Så tok han seg den tanken at det var Sugg'en, ein rakkje som kom han Daniel broren til: at han hadde følgt etter. Han var då og lukte på døra og såg - neida, der var ikkje noke.
Men det var ikkje nok med det: Der blei meir halloi, og til slutt var der «røster». Attom døra stod noken bølgeblekkplater, og dem klirra det i. Han gjorde seg då snart ferdig der, og etterpå var han i den øvste løkta. Men enda blei han visst grundig redd før han var ferdig, så han gjorde det både kort og godt og fór heim. Det gjorde så mykje at han fekk vere med å synge ut liket. Det var i siste liten.
Folk har og fortalt om den same hendinga at mannen var meir boren enn han gjekk! både imella løktene og på heimvegen - og at det han var vars på turen, var sendt ut ifrå Nøss for at han skulle rekke heim i rett tid.