Frå ei gammal smie: Dei viktigaste reiskapane og korleis dei vart nytta
av Odd Thorsen
For nokre år sidan arva eg ei gammal smie etter eine bestefaren min. Denne smia hadde til då vore i drift på om lag same måten i over seksti år, men tradisjonen med smedar og smiing i familien går like langt tilbake som det har vore mulig å følgje denne greina av slekta.
Ønsket om å take vare på slektstradisjonen er viktigaste årsaka til at eg vil gje ei mest mulig samla oversikt over namnebruken. Eg vil ikkje at namna på reiskapane skal gløymast eller at bruken av dei skal bli ukjend. I tillegg håper eg at skoleelevar og andre skal få ei oppleving som gir dei respekt for det arbeidet som dei gamle gjorde, samtidig med at dei kan få sjå kor fort utviklinga har gått dei siste tiåra.
Dei siste tjue åra har det nesten ikkje vore verksemd i smia, og dei gamle smedane er døde. Det som vart laga der tar til å bli historie, og det same gjeld framgangsmåten som vart brukt ved enkelte arbeidsoperasjonar.
Litt mytologi og historie
Smeden var ein av dei få handverkarane som hadde eit «skite» yrke, men som likevel ofte vart høgt verdsett i gammal tid. Ei av årsakene var at han kunne lage våpen, og den som trong våpna kunne ikkje syne forakt for han som laga dei.
I gresk mytologi er Hefaistos smedguden. Han er ein «andre-generasjons» gud som skal ha kome frå austerlanda, sjølv om foreldra var gudar frå Olympen. Dette kan tyde på at smedkunsten hadde opphav ein stad i aust. På særskilde stader har han smie med store blåsebelgar som gjev mektig glo i kola når han arbeider. Då står eldmørja høgt til vers, og kyklopane (dei store einøygde oppslagarane) slår på jarnet med slegger så jorda skakar. Kyklopane har mist synet på det eine auget, på grunn av glospruten når dei stod og hamra ut det varme jarnet. - Etter kvart blir det og plass for smedguden i den romerske guderekka. Her heiter han Vulkan(us) og held til under jorda.
I jødisk tradisjon er smeden ein meir skummel kar som ein helst ikkje skal lite for mykje på.
Her i Norden var dvergane (svartalvane) dei ypparste smedane. Dei høyrde til dei underjordiske, men hadde ikkje status som gudar. Men dvergane hadde laga alt det gjævaste gudane åtte. Eit eksempel på dette er Tor sin hammar Mjølne (dvs. «han som møl»: knasar). Kan hende er dette at svartalvane var smedar eit uttrykk for at smeden i dei eldste tider var ein noko tettvaksen kar, som kom frå område der hamleten var mørkare enn her hos oss? Mystikken vart nok forsterka når han stod i den sotsvarte smia og det raude ljoset frå avlen understreka inntrykket av noko overnaturlig. - At smeden kom langvegs ifrå kan nok ha mykje for seg, ettersom det og blir sagt at han ikkje høyrde med til dei slektene som «alltid» hadde budd på staden.
Om smeden kom på kant med dei som stod over han, fekk han hemn til sist: Volund smed er eit døme på dette. Også i den seinare eventyrtradisjonen er smeden noko for seg sjølv: Her er han ærekjær og hovmodig - slu, men også fåtenkt. Det ser ut som om smeden i dei fleste eventyr ber i seg desse kjenneteikna.
Innreiinga i smiaSmiene rundt om var ulike av storleik og utsjånad, men dei hadde sitt særpreg enten dei var store eller små: I smia må der vere ein avl, ein belg, ein ambolt, eit par hamrar og ei slegge. Elles skil det seg kva som vert laga på staden, kor mange som arbeider i smia og om det er eit allsidig eller spesialisert arbeid. I den smia eg har, gjekk det føre seg (det vi i dag kallar) serieproduksjon, men vart og laga ting på oppdrag frå folk som trong det. På grunn av dette vart det etter kvart laga eller kjøpt inn mangslags reiskap til smia, der iblant tunge, fastmonterte «maskinar» som vart drivne med hand- eller fotkraft. Og sjølv om bygda fekk elektrisitet kort etter 1945, vart det halde på det gamle. Rett nok kom der ein heilt ny maskin (ei vifte) i staden for belgen, men han vart ikkje fjerna for det. Han kan brukast i dag og, om straumen skulle falle ut. Likeins vart boremaskinen elektrifisert. Men elles står alt i smia slik ho var, etter kvart som dei enkelte ting vart kjøpte og plasserte.
Avlen var den gogna eller reiskapen smeden hadde oftast bruk for. Det er eldstaden i smia, der emnet vart vermt før det skulle formast. Avlen er og kalla «esse», men dette ordet ser ut til å vere reint litterært: I flg. ei undersøking frå Institutt for folkelivsgransking blir nemninga «avl» brukt over mest heile landet. Likevel heiter det esse om ein flyttbar avl - ei feltesse. Her i smia vart «avl» brukt om både sjølve eldstaden og den oppmura steinsettinga ikring.
På avlen - altså utanfor varmen - står fyrspydet, eller avlstikka som dei sa her. Ho vart brukt til å stikke opp kola som klumpa seg, og til å reinske ut slagg med. Også kolskufla låg på avlen, med kol i, eller ho stod i kolkassen på golvet attmed avlen. Smeden, eller læreguten helst, gjorde opp varme i avlen ved at han laga kaurar som han tende på. Når dei fatna godt, hadde han kol over - meir og meir etter som varmen vart større og sterkare. (Kaurar er trefliser som blir smia med kniv, av tørr ved. Hadde dei den [rette] fasongen, var det lett å få dei til å brenne når du tende på den oppflisa enden. Fem-seks kaurar var nok til å kveike god varme.)
Belgen gjev luft til elden. For den som ikkje har kjennskap til smia kan belgen samanliknast med ein særs stor peispustar med to etasjar: Du brukar han for å tilføre luft med jamt og høgt trykk, så du får sterk nok varme av kola. Han er laga av tre store treplater som er bundne såman med skinn. I dei to nedste platene er det hol med ein klaffe over - eller kall det ein ventil. Her kjem lufta inn, når nedste delen av belgen blir senka. Når han så blir løfta, blir holet stengt og lufta blir pressa opp i den øvste «etasjen». Her blir holet stengt når den nedste delen atter går ned. Samstundes blir lufta pressa ned gjennom luftrøyret og fram til elden. Den nedste delen gjev altså luft med ein gong du dreg i hornet, eller stigbøylen som handtaket og blir kalla. Den øvste delen kan pumpast opp og gje ein jamn straum av luft medan smeden passar nøye på å få rett temperatur på arbeidsstykket.
Lufttrykket blir regulert av eit spjeld (ei dyse) eller ein krane ved inntaket til avlen. Denne reguleringa brukar du og når elden så vidt blir pusta til, av di han alt er sterk no. Oppå belgen legg du tyngnad av jarnbitar og stein for å auke lufttrykket, og det er berre å auke denne når det trengst vid og kraftig varme.
I smia på Steine var steinkol det einaste dei brukte til brenne. Kola måtte vere av høvelig storleik, slik at dei brann jamt over heile arbeidsfeltet. Det trengst ein høg og vid loge når du skal verme store flater, og ein liten og sterk til det som er smått eller avgrensa på anna vis. Store kolbetar gav ujamn varme, og støv og mask gav lite att: Høvelig store kol var om lag som litt store sukkerbetar. For å nytte kola best mulig, dynka smeden dei med vatn der det ikkje skulle vere flamme - også for å halde varmen nede i glohaugen, for ein høg loge over avlen var sløsing. Til denne vatninga hadde dei ei sekkefille som var surra fast til ei jarnstong, 60-70 cm lang. Denne reiskapen låg enten på avlen, eller stod i brya: Noko særskilt namn har eg ikkje fått greie på.
Brya er ein uthola trestamme. Ho var alltid godt fylt med vatn, og dette hadde fleire funksjonar enn berre å dryge kola (sjå seinare).
Ambolten er ein stor jarnkloss med særskild form (skap). Han står på ein stabbe: Det er ein tjukk trestokk som er saga av slik at banen (toppen) på ambolten kjem i høvelig arbeidshøgd. Mellom stabben og den eine ambolten i smia ligg det ei korkplate; under den andre ambolten ligg det ei taukveile. Dette er for å gje eit fast og jamt stød for ambolten, men og for at der skal verte ein liten svikt og eit motslag når du formar arbeidsstykket med tunge slag.
I smia er det som nemnt to amboltar. Dei er like store og har om lag same fasong, men der er skilnad på banen og horna. Amboltar har nemlig ein fot eller bane - eller «anlegg» som fleire kallar det - og to horn. På overgangen mellom banen og horna er der eit hol. Det eine er kvadratisk, det andre er rundt. Også horna er forskjellige - det eine er rundt og det andre er firkanta.
På banen la du jarnet når du skulle smi ut tinga. Horna nytta du når arbeidsstykket skulle ha ein særlig fasong: Eit emne vart f. eks. forma over det runde hornet: Skulle det vere ein stor runding, vart han gjord inne på hornet, og skulle han vere knappare, berre flytta du arbeidsstykket utover mot enden eller spissen på hornet. På det andre hornet kunne du lage ein skarp innvendig kant.
Dei hola i ambolten som er nemnde framfor, hadde ulik funksjon. Det runde vart først og fremst brukt når du skulle setje hol i eit stykke jarn. Dette kalla dei å «lokke eit hol», eigentlig rett og slett tysk lochen: «lage hol i». Når dei lokka (hol), sette dei eit rundt stålstykke med skarp kant der holet skulle vere, mellom endeflata og sida, og slo gjennom det gloraude jarnet. Når jarnet så kolna, vart holet ein tanke trongare enn tjukna på lokkdoren. Tynne jarnplater kan du slå hol i utan å verme dei først. - Det hendte og at smeden stakk jarn som skulle ha ein skarp vinkel ned i det runde amboltholet og bøygde det mens det enda var raudglødande. Då var det snøgt å forme resten over det skarpe hornet.
Ned i det kvadratiske holet stakk dei ymse reiskapar dei fekk bruk for. Den delen som passa i holet vart kalla tangen og var sjølv firkanta. På denne måten vart reiskapen ståande støtt, enten langs med eller på tvers av ambolten, alt etter kva som høvde smeden best. Men den reiskapen som oftast stod i dette holet var avhogget. Det er ein slags meisel som smeden legg jarnet over når han skal hogge det av, enten for å gje emnet rett lengd eller for å forme det vidare. På kaldt jarn høgg han eit spor på motståande flate, eller kant mot kant på rundjarn. Når han har gjort det, er det ganske lett å bryte av emnet akkurat i hoggsporet.
Ei senke er ei form der det gloande jarnet vert hamra til ein viss utsjånad, enten det no skal vere eitt eksemplar eller fleire. Også ymse slag senker vart sette i det firkanta holet.
Når smeden skulle smi, brukte han hammar og slegge - alt etter kva slags arbeid som skulle gjerast. Her i smia hadde smeden enten læregut eller oppslagar: Desse skulle slå med slegga etter som smeden gav teikn. Smeden viste føre med ein anslaghammar der oppslagaren skulle slå, og det var særs viktig at oppslagaren følgte god med og stod rett til. Han måtte treffe der han skulle, for eit gale slag kunne sjeldan gjerast om att. Smeden var sjølv ansvarlig for å halde det gloande jarnet slik at det fekk rett skap.
Den største av hamrane var smihammaren. Denne brukte smeden når han skulle smi ut store ting utan oppslagar. Til småting brukte han anslaghammaren, som er noko mindre og lettare. Andre hammartypar er klinkhammar med penn og klinkhammar med kule. Med pennhammaren klinkar ein utanpåliggande og med kulehammaren forsenka naglar. - Ein stor kulehammar vart og nytta til ymse slag formsmide. Plan- , slett- og setthammar er ikkje til å slå med, men til å slå på. Dei vart sette på emnet, og så slo du på den andre «banen» med slegga eller smihammaren. Desse hamrane vart såleis nytta til å jamne ut skjemmande slagmerke, eller du brukte dei til å lage ein markert overgang på emnet: Det kunne dreie seg om ei særlig avgrensa flate, eller noko anna som skulle vere særs nøyaktig.
Når smeden skulle halde fast eit ganske lite emne, var det manggong så heitt enda at han brente seg om han greip det med fingrane. Derfor trong han tong å halde med. Smietengene er i utgangspunktet enkle: Dei har kjeft til å gripe emnet med, og armar som smeden held i. Smeden laga smi tonga sjølv, etter kva han hadde mest bruk for. - I ei smie er det elles tre forskjellige tenger, jamt over. Frå smia det her er tale om viser eg fire hovudtypar (store og små, alt etter emne). Namna fortel kva smeden for det meste brukte dei på.
Meislar er ein annan reiskap som det etter kvart vart stort utval av i smia. Også desse laga smeden etter som han trong dei. Meislane vart brukte til å kutte eller klive jarn med, eller til å hogge ut stykke frå emnet, eller til å lage ymse bordar og merke. Nokre av meislane var til å «merke» med, i kaldjarn (andre til gloande jarn). Dei hadde ulike former og var framstilte av stål med forskjellig herdsle. Nokre av dei hadde fast skaft, andre kunne du halde med ei smitong eller med berre nevane. Det var etter kva som høvde best.
Boltsaksa er også eit verkty til å kappe jarn med. Det ligg i namnet at jarnet helst må vere rundt. Og det må ikkje vere så heitt at kjeften på saksa blir skadd.
Jamsaksa vart mest brukt til å klippe tjukt platejarn med, men du kan også kappe boltjarn (rundjarn) med ho. Det var eit stort framsteg å få ei slik saks i smia. Ein annan måte å kappe jarn på var å bruke ei særskild sag. Ho blir kalla baufil, eit namn som kjem frå engelsk bow file: Tennene på bladet har mykje til felles med ei fil, så namnet gjev seg nesten sjølv.
Ofte skulle det vere hol i dei tinga som vart laga, men å få det til har ikkje alltid vore like enkelt som i dag. Først må ein setje merke der holet skal vere, med ein kjørnar av herda rundstål. Han er heilt spiss i eine enden, om lag som ein blyant. Smeden set spissen der sentrum i holet skal vere (kjørnar kjem av 'kjerne'), og så slår han med hammaren på andre enden: Svakt eller kraftig merke, det skil seg berre kva kraft han legg i slaget.
Doren var frå først av einaste verktyet til å lage hol med. Som oftast er han rund og kon, det vil seie at han smalnar kjegleforma av mot eine enden. Han kan og vere kanta eller oval, det spørst kva slag hol du vil ha. Det er før fortalt korleis dei brukte dor når dei «lokka hol»; her skal eg berre nemne at dei først la eit lo (jarnstykke med hol i) under sjølve arbeidsstykket. På den måten vart det lettare å fjerne jarnet som dei slo ut. Der var lo til mange slag arbeid, liksom der var dorar av mange sortar. - Du kan også bruke ein dor til å utvide eit hol, du kan sette doren mot ein nagle eller bolt som står fast i eit hol og så slå han laus utan å stuke eller utvide det som skal ut. Ein slik dor bør ikkje vere kon, men skal helst ha ein litt innhol bane.
Arbeidet med å lage hol i platejarn på opptil 10 mm vart mykje enklare då det vart kjøpt ein lokkemaskin. Han var handdriven, men gjorde arbeidet snarare og meir nøyaktig enn doren og slegga.
Boremaskinen var likevel den mest nøyaktige maskinen når dei skulle lage hol, og han hadde størst kapasitet. Det vart nærmast som ein revolusjon i smia då han kom på plass der.
Bøyemaskinen gjorde arbeidet lett når dei skulle forme noko heilt rundt. Her vart jarnet drege over to stålrullar medan ein tredje rull var framdrivar, samstundes som han pressa jarnet ned mellom dei to andre (sjå eige bilete). I denne maskinen vart emnet rulla fram og tilbake og pressa til det vart trillrundt.
Dei verktya og det utstyret som er nemnt til no er på mange måtar sterkt knytte til kvarandre: Dei er liksom den eine «halvparten» av smia (enda dei tek meste plassen). - Det er som å ta til med eit heilt anna arbeid når du skal gjere noko attmed
Filbenken. Det er ein arbeidsbenk som står innåt eine langveggen. På veggen over heng det verktyet som trengs når du skal arbeide på filbenken. Noko utstyr ligg og i skuffer under benkplata. På filbenken står skrustikkene og rørstikka. I skrustikka eller skruvsteet sette smeden det som måtte stå ekstra godt fast. Det er eit velkjent uttrykk om den som ikkje kan røre seg at «han sit fest som i ei skrustikke». I stikka, som dei ofte sa, spente smeden fast så mykje av tingen som råd var, når han måtte ha begge hendene fri til sjølve arbeidet. Det var f. eks. når han skulle file, snitte skruvgjenge eller sage med baufil.
I mi smie er det to forskjellige skrustikker, ei stolpe-stikke og ei parallell-stikke. Stolpe-stikka er sjeldan å sjå i dag, medan parallell-stikka har vorte meir og meir vanlig. Det seiest at skrustikka var smeden sin gjævaste reiskap. Den som då hadde to forskjellige skrustikker, var altså særs godt utrusta. Namnet på dei to stikkene fortel tydelig kva som var særmerkt for dei: Stolpestikka er festa til ein kraftig stolpe som står fast i golvet, og som også er festa oppe under filbenken. Kjeftane i stikka opnar seg etter ein sirkelboge. Kjeftane i parallell-stikka opnast derimot parallelt. Dette (som har gjeve ho namnet) gjer at du i dei fleste tilfelle får best feste med ei slik.
Rørstikka er ei vertikal parallellstikke som særlig høver til å feste rør i. Med fire punkt for feste vert det godt hald og liten fare for å gjere skade på røret.
Fila er ein reiskap smeden mest nyttar til finare arbeid, slikt som han skal tilpasse nøyaktig. Filene har ulik fasong og storleik, alt etter kva dei skal brukast til. Det gjeld også for grøvda og fasongen på hogginga: korleis tennene på fila ser ut: Ei grovhogd fil har store tenner som tek mykje av emnet for kvart drag du gjer. Ei finhogd fil har mindre og tettare tenner. Er fila krosshogd, har ho ei ekstra rad tenner i vinkel med dei som også finst på ei.
At det heiter hogging skriv seg frå den tid filene vart laga for hand. Då vart tennene hogne med meisel og så herda etterpå. Som oftast var det smeden sjølv som laga dei filene han hadde bruk for. - Fila er ein skjerereiskap, liksom baufila.
Ein annan viktig skjerereiskap i smia er gjenge-verktyet. Det er for utvendig og innvendig gjenging. Til utvendig gjenging, «boltgjenging», brukar du ein snittbakke (eller berre «bakke») som står i eit svingjarn. Snittbakken er eit stålstykke med hol i, med skjeregjenge inni som lagar tilsvarande gjenge på utsida av bolten. - Til innvendig gjenging brukar du derimot ein gjengetapp: Han er som ein vanlig oppgjenga bolt, men har i tillegg tre langsgåande, utfresa spor som gir plass til metallsponen som losnar etter kvart som bolten skjer ut tilsvarande gjenge ned gjennom holet. - Svingjarnet er handtaket på gjengeutstyret og er såpass ulikt for bakke og tapp at du ikkje kan ta feil, om du så aldri har brukt slikt verkty før.
Kva vart det så arbeidd med i smia? For å seie det kort: Smeden laga alt jarnsmide det var mulig å få til, av alle dei ting folk hadde bruk for. Han var ein altmuligmann innafor området jarnarbeid. I denne smia var smeden mest opptatt av å lage utstyr som trongst i jordbruket, men også til det vi i dag kallar anleggsarbeid. Noko hadde og fiskarane bruk for. Elles laga han dei ting folk kom og hadde meir tilfeldig bruk for.
Å lage hjul- og vogn-skoningar, eller beslag som dei og vart kalla, var i mange år det viktigaste arbeidet i smia. Det gjekk føre seg på den måten at ringar av flatt jarn vart lagde på alle flater som var utsette for slit eller store påkjenningar. Før der kom sveiseapparat med gass og elektrisitet vart desse skoningane sveiste såman i avlen: Jarnet vart bøygd til så det passa akkurat til hjulet. Så vart endane vermde i avlen til dei vart kvitglødande (då er jarnet nett i ferd med å smelte). Så strødde smeden på eit lag boraks for å reinse flatene. No var det om å gjere å få ringen på ambolten og hamre dei to endane hardt saman, slik at den seige, nesten flytande jarnmassen smelta i hop. Dette måtte skje fort, for dei batt ikkje saman om temperaturen vart for låg. Etterpå måtte sveisen hamrast ut slik at skoningen vart jamtjukk heile vegen og fekk rett diameter. Litt trong måtte han vere, for han skulle presse og halde hjulet saman. Når sveisen var ferdig, vart heile skoningen heita opp. Han skulle vere så varm at det rauk av treverket når han kom på. Også dette arbeidet måtte gå fort, så det ikkje vart svi-skader på treet. Nøyaktig skulle det og vere, for etter avkjølinga i brya måtte det ikkje vere mulig å rikke skoningen.
Den same framgangsmåten vart nytta på ringane på hjulnavet, kalla hjarta. Inne i hjarta vart sett ein børsing, eit kort røyr som skulle gli om ein tilsvarande kon på akslingen, som stod fast på sjølve vogna. Til sist vart der bora hol gjennom skoningen og gjennom treverket i kvar skøyt. Her skulle det stå eit skøytebeslag, eller ei hjulklipe som det og vart kalla. Ho vart festa med ein skruv som hadde hovudet forsenka i skoningen og gjekk tvers gjennom hjulringen. Så bukka smeden hjulklipa over kanten på treverket, for å hindre at delane i trefelgen (hjulveden) skulle gå om einannan dersom treet tørka og kraup laust frå skoningen.
Ikkje berre ymse slag vognhjul fekk skoning, men og meiane på kjelkar og sledar - eller draget som det helst heitte i smia: Det skulle både spare treverket og gjere at sleden glei godt. - Det vart og ofte laga drag til kjølen på småbåtar, som gjerne vart dregne opp i fjæra; her vart draget også kalla sponga, fleirtal spenger. Orda drag og spong gjekk mykje om einannan.
Forutan skoning og drag vart der smidd særskilde beslag til vogner, og til skjækene (dragarmane) på vogner, sledar og annan hestereiskap. Det kunne vere hjørnebeslag, tippbeslag osv.
Fiskarane kom og fekk laga korter, det vil seie rullar med øyre på endane til å lette draginga (trekkinga) av utsett fiskereiskap. Kor stor korta var, det skilte seg båten og bruket. - Kleppar og høttar vart laga i seriar for kvar sesong, men skafta laga fiskarane som oftast sjølve.
Ile-steinringar var og noko som fiskarane hadde mykje bruk for. Ein slik ring er ein kile med mothakar på, med eit rundt auge på toppen. I dette auget vart festa ein ring som vart sveist i hop på same måten som hjulskoningen. Men for å forstå kva ilestein-ringen skulle vere til må vi kanskje meir inn på fiskaryrket enn på smeden sitt felt: I ein høvelig stor stein vart der laga eit ca. 25 cm djupt hol med minebor. I holet sette dei inn ein tørr treplugg, og slo så kilen inn midt i pluggen. Mothakane gjorde at kilen ikkje losna frå pluggen, samtidig som treverket vart godt festa til holet i steinen. Det sat enda betre når det kom i sjøen og trutna. Smeden laga sokner og: Ei sokn er ein slags krok som fiskarane slepa langs botnen for å få tak i tapt garn- eller linebruk. Krokane stod kvar sin veg, slik at der alltid var ein som fenga (krøykte).
Hauv-trearnål er ein reiskap dei brukte til å træ toskhauv (fiskehovud) på henker med, før dei hengte dei til tørk. Hauvtrearnåla er om lag 1/2 m lang og skapt som ei diger stoppenål. Hovudet på nåla er slege flatt og har nærmast knivsegg på begge sider.
Å sko hest var eit viktig attåtarbeid for smeden, så han måtte både kunne handverket og vete å handsame hestane på ein heldig måte. Verktyet til skoinga stod i ei trekosje under smibenken: Kosja er ein kasse med to rom og med handtak i skiljeveggen mellom romma, og der var det hóvrasp, hóvtong (ei kliptong med noko særmerkt utforming), hóvkniv, treklubbe og hæljarn. Med hóvkniven reinsa han hóven og skar bort det som hadde vakse til sidan sist hesten vart skodd, og brukte då treklubba til å slå på kniven med. Når det var gjort, brukte han raspa til å slette undersida av hóven, heilt til skoen låg støtt - og slo han så fast med saum: Det er ein spikar med ein fasong som både held skoen fast og er med på å gripe i underlaget når hesten trør, enten det no er is eller avberre. Saumen har ein svak boge ut mot spissen, slik at han tar retning ut av hoven når han blir slegen i. Ikkje det, kan han i staden ta vegen innover i hoven så det ikkje vert feste - og dessutan kan han skade mjukdelen i hoven og i verste fall sjølve foten.
Dei gjekk imot frå yttersida med eit mothald av jarn når dei slo saumen i. Når han så kom ut, vart han nøkt, det vil seie bøygd nedover hóven og banka heilt inn. Men dei skar ofte ut eit spor med holjarn først, der saumen kom ut, før dei bøygde han nedover og slo inn spissen, for då var dei sikre på at han ikkje bar fast i noko og fekk hesten til å snåve. Var saumen i lengste laget, klipte dei av litt før dei nøkte.
Det meste av arbeidet i smia kan reknast som sesongarbeid - etterspurnaden følgte årstida. Då måtte tinga enten vere ferdige, eller smeden måtte ikkje ha noko anna å gjere enn straks å ta dei oppdraga som meldte seg. Eit slikt arbeid som ikkje kunne vere ferdig på førehand var sau-klavane. Det er halsbånd av jarn som sauene fekk på seg før dei vart sleppte på beite om våren. På klaven var namnet åt eigaren stempla inn. Ettersom sau-eigarane ikkje hadde fullt oversyn over buskapen sin før lamminga var over, tinga dei heller ikkje klavar før i siste lita, det vil seie like før dyra skulle til fjells.
Denne tida vart overlag hektisk i smia. Ein del emne til klavar var kappa på førehand, men det mest tidkrevjande arbeidet kunne ikkje ta til før tingingane kom. Framgangsmåten var:
1. Kappe klave-emne til sau eller lam. 2. Kutte av hjørna på emnet. 3. Setje hol i begge endane på emnet: Der skulle klaven bindast saman når han kom om halsen på dyret. 4. Brette øyra på klaven. 5. Stemple namn i klaven. Det vart gjort med bokstavstempel av stål, som smeden slo mot emnet med hammar. 6. Så vart klaven syla (fekk sule). Det vil seie at begge kantane vart bøygde utover, på langs, slik at midten kom til å kuve innover mot halsen på dyret: Der måtte ikkje vere skarpe kantar som kunne gjere skade. 7. Etter sylinga vart klaven også runda til, så han passa til halsen på sauen. - No var han ferdig.
I sommarhalvåret vart der ein god del kvessing av mineborar og pikker (hakker). Desse reiskapane vart ofte ukvasse, og då måtte smeden ta hand om dei. Han vermte opp i avlen til smi-temperatur, 900 - 1100 C, og han såg det på leten kva tid stålet var heitt nok: No forma han boren eller pikka slik dei skulle vere, og så let han dei ligge og kolne på smiegolvet. Dette var for at strukturen i stålet skulle verte utjamna av den varmen som alt var i det.
Men når reiskapen var kolna nokolunde, var det til å herde (å hær' på bømål): gjere egga hard og slitesterk. Det var ein vanskelig prosess, så ein dyktig herdesmed fekk mykje arbeid av det slaget. Herdinga gjekk føre seg på den måten at han vermte opp stålet til ovanfor egga eit lite stykke: Det skilte seg stålet i reiskapen om han skulle venne mykje eller lite. Etterpå duppa han egga (eller spissen) i vatn eller anna væske - alt etter kor hard han ville ha ho. Men til slutt måtte han «anløpe» eller blå-elde ho: Det var å la noko av heten ovanfor egga komme tilbake. Han pussa då av gløskal slik at stålet vart blankt, og det fekk då ein særskild ferge etter som varmen åt seg nedover igjen - heilt åt egga. Då dukka smeden heile reiskapen ned i brya og bråkjølte han. Det gav ei høvelig hard og slitesterk egg som gjorde gagns arbeid.
Smeden måtte også i enkelte høve herde knivar og ljåar når dei vart ukvasse utan rimelig grunn. Herding av slike ting utførte smeden som oftast når ingen andre var til stades, og det gjorde sitt til at det vart noko mystisk og spennande over det han hadde føre seg.
Smia som samlingsstad
Til smia kom der folk frå alle samfunnslag og frå alle kantar av bygda. Ein hadde kanskje rodd eller sigla heilt frå Hadseløya eller ein av fjordane i Bø, ein annan hadde køyrt med hest. Ein tredje hadde kan hende tatt snarvegen over myr og haugar, mens fjerdemann hadde følgt kongsvegen og drege «ærendet» med seg på ei trillebår. - I alle fell kunne det til tider vere folksamt i smia; og der folk møttest, vart det fortalt bygdenytt og snakka politikk. Alt mens praten gjekk, vart smeden godt informert om alt som rørte seg i bygda, i mange høve også om hendingar utanfor kommunen. Smia reiv på mange måtar ned dei sosiale skilje folk imellom - du måtte rekne med å få ein kolflekk på deg enten du stod høgt eller lågt på rangstigen. Ja, slik var det vel heilt frå dei eldste tider.
Om kveldane samla mange av naboane seg i smia, særlig om vinteren når det vart for mørkt til å gjere anna arbeid. I smia var det ganske varmt, og bra med lys. I slike høve gjekk praten ekstra livlig, og mange emne vart bringa på bane. Det var nok ikkje heilt fritt for at det kunne bli slarva litt ei sein kveldstund!
I dag er smia og smeden historie. Mange kan nok framleis handverket, men no er det uråd å drive som smed på gammalmåten. Smia heiter no verkstad, og smeden kallar seg mekanikar eller spesialarbeidar. Nye materiale og nye teknikkar er komne til. - Dei som veks opp i dag, kjenner derfor lite til kva folk hadde å hjelpe seg med for berre få tiår sidan: Ei smie med mesta berre gammalt utstyr og med prøver på kva som vart laga der kan såleis vere lærerik, både historisk og teknisk. Namn og uttrykk som var vanlige i smia for eit par generasjonar sidan kan og ha verdi for nye slekter.
Etterskrift
Smedane Villads og Johan Sivertsen, far og son, var begge døde då eg tok til med dette arbeidet, men mykje av det eg såg og høyrde då eg var gut kom fram i minnet under skriveprosessen. Villads Sivertsen var bestefar min, og eg var ofte i smia medan han enda vann å smi. Dette var på første halvdel av 1950-talet. - Dei andre som er nemnde som heimelsmenn er (med unnatak for Toralf Wikhaug, Andenes) nære slektningar, og dei har gjeve mykje bakgrunnsstoff som er frå før mi eiga tid. Rolv Thorsen og Toralf Wikhaug er utdanna smedar, no pensjonistar begge. Den sist nemnde var læregut hos Villads Sivertsen om lag 1925. - Andre informantar har vore Lovise Pedersen og Lydia Thorsen, begge Steine.
Så langt om smia og smeden på Steine. Men dette gir seg ikkje ut for å vere noka fullstendig historisk framstilling av alt som gjeld smier og smedar i Bø - så det er fritt fram for alle som veit