Frå gjetartida i Andnes-marka
Ei gammel kona som var ifrå Andnes, snakka om ein gong mens ho var ung - ho gjette kyrne. Det var vest imot Klæva, i holene der. I laget med seg hadde ho ei lita søster som ho skulle passe. Mens ho satt der, fekk ho plutselig høre slik ein vakker sang. «Det var som om den kom ifrå himmelen», sa ho - og ho tok til å høre etter. Men best som det er, legg kyrne rompa på ryggen og til rennings det litje de orkar. Ja, ho måtte berre springe opp, ta litjesøstra i handa og renne etter; for hvis ho var så uheldig at kyrne kom ned i Andnes-været, ville ho bli «evig uløkkeli» - få skjenn og påpakning. Då de så hadde rent eit stykkje, ho og søstra, kom de fram på kanten av ei stor hola. Der fekk ho sjå at det låg ein mann på kne nedi, liksom han bad. Og det var vel han som song. Det såg ut som det var ein vandringsmann, for han hadde skreppa på ryggen og ein nokså lang stav i handa. På føtene hadde han så rare sko: de hadde liksom spenner eller sporar atte, slik de gamle brukte. Då ho sansa han, sette ho i: «Hér legg det ju ein mann!» Men om han «merka seg» med det eller låg der som før, det visste ho ikkje etterpå. For ho var så forfjamsa og måtte berre skynde seg vidare; ho var mykje meir redd Andnes-karane enn hulder og drag!
Kyrne fann ho til slutt igjen på den andre sida, langt inn imot Haugnes-gården. Der stod de med rompen' i veret, i ein krull.
Ein gong for lenge sidan var det ei kona og gjette vestafor Merket. Ho hadde litjebanet sitt med seg; og i eit skómmskott ho ikkje følgte med, kom banet bort. Som alle kan skjønne, blei ho harm over å være skilt med banet, og ho leita og leita. Det var ein rund liten haug like attmed. Folk sa det var hulder i den haugen, så derfor kalla de han Hulderhågen. Der var det ho såg banet sist, så der leita ho mest. Men ho fann ingen ting. - Ho måtte til Andnes, der det var klokka og prest. Andnes-karane tok då ned klokka, fortel sagnet, og frakta ho bortover til Merket. Klokkene i den tida var ikkje så store og tunge, så det gjekk lettvint. Der vest hengte de ho opp på ein haug som i dag kallest Klokkeberget. Om presten var med eller klokkaren, det tør eg ikkje å seie; men de ringte med kjerkeklokka slik at de underjordiske skulle bli nøydd å gje ifrå seg det de hadde tatt. Denne gongen gjekk det bra: Banet kom til rettes, så mora fekk det igjen. Men haugen der de fann banet, han fekk namnet Banhågen; og i dag går veien midt imellom den og Klokkeberget.
Rundt Klokkeberget var det ellers i lange tider så mykje spøkeri - på Toften like så. Etter at det blei bygd hus på den siste plassen, hendte det iblant at folk overnatta der. De hørte då at det pékka på dørene uten at noken kom inn, og mykje anna. De som fór forbi Toften, var ofte varst eitt eller anna: Enten skreik det ein unge, eller så skvatra det ei skjur - det kunne være så forskjellig.
Olai Olaisen heitte ein kar. Han var yngste bror til Aron, Peder, Daniel og Markus Olaisen. Han reiste til Amerika.
Ein gong - han Olai var vel ikkje så gammel då - var han vest i marka og gjette i lag med ei de kalla «ho Bergens-Helena»1) Og best som det var, kom det ein kvitmala båt roande til lands vest-med Spanna. De visste ikkje ka det kunne være, og blei redde, for det var fullt av folk i båten. Så gjømte de seg under Storhallaren, kor folk brukte å sitte i skjul for uver.
Men då de keik fram igjen om ei lita stund, såg de hverken folket eller båten meir. Så de var like kloke på ka det kunne ha vore. - Men det var ei tid det fór mykje farkar på båtar.
Så var det ein gong seinare. De gjette vest-med Rambergs-elva, ei jenta som heitte Lorenze og som seinare blei gift i Bodø2), og ei Sandra som var eitt år yngre - ho var konfirmert i lag med meg. Så fekk de sjå ei ku borti eit skogkratt, og sa med einannen: «D'e ikkje våres ku, det der - d'e ei hulderku! Nu skal vi gå bort og legge stål på ho. Kua var blodrød, sa de. - Men då de var på tur, røyste det seg ein borti kjerren. De blei forskrekka - at det vel var han som eidde kua - og la på spranget heimover. Og det var umulig, meinte de på: de gjekk ikkje dit meir!
Men så var det ein som heitte Fredriksen. Han hadde bodd attmed oss, men fekk seg hus «uti gården» etter brannen i 1885; dette var i Kiil si tid, men før de reiv Lind-gården. Han måtte gå med de vestover, for ellers torde de ikkje.
1) Uttalen var alltid 'hellenna.
2) Fortellaren hadde ein rettare uttale av bynamnet enn den folk har i dag, nemlig Boddø.