Fuglerop og fuglehermingar
Møtte de lunden med han låg på søm, kakka de årlommane hardt og fort mot ripa og ropte: Per pløy! Per pløy! Per pløy l Og lunden, stakkar, måtte så snart i vei at han ikkje fekk tida å komme seg på vengane - han berre pløydde og pløydde seg fram, velta sjøen til sides og drog plogfòra etter seg så langt utover de såg han.
Alka hadde det på det viset at ho måtte fare ein snoptur over båten for liksom å sjå om ho skulle ha kjenningar om bord. Når ho kom firande, ropte fiskaren: Galle - galle! vell - vell! tull - tull!
Eller og: I tull - i tull, tull, om tull, om i tull, i tull! Slik kunne han gje på ei lang stund i raskt takt, monotont og ustanselig. Då bar det snart i tull for alka; ho kom seg ikkje videre, men blei liksom svimmel og måtte krinse om båten, rundt og rundt. «Eidst» berre mannen å drive på med ropinga, datt ho til slutt heilt utkjørt i havet.
Men det artigaste var like vel når de segla framom eit skjær kor skarven satt og halvdorma og tok middagskvila si. Då ropte de: Bertel - løft opp! Eller de sa: Jakop - løft opp! Straks var skarven klåre våken. Og når han letta på stjerten og tok til vengane, ropte de: Det var rett, Bertel! Skjenk oss! Då strauk skarven rett over båten, og fiskaren ropte: Skjenk halskaren! - Og skarven skjenkte. Sidan tok han mann etter mann, skårungen og, til alle så nær som høvedsmannen hadde fått skjenken sin. For skarven er ikkje påholden med det han har. Men høvedsmannen var den fremste på nordlandsbåten, og med han måtte ingen drive ap.
Folk meinte at lomen hadde «ver-mål». De herma etter han i høya, når han venta tørrver: Tørk i ra! tørk i ra! tørk i ra! Då kunne de trygt ta til å riste ut muane sine på ra og vollar. - Men fiskarane hørte grant at han skreik noke heilt anna: Tørka rav! tørka rav! tørka rav! Andre igjen la det ut på ein tridje måte: Tørk han av! tørk han av! tørk han av! Og det var de fornøydd med, alle-med-seg. Men når så lomen merkte at det skulle bli regn og røytver, skreik han: Vel ha vatn! vel ha vatn! vel ha vatn!
Ramnen har visst vore kalla «klompus» over heile ytre Vesterålen før i tida; ordet er stadig i bruk i Bø. På An'a er det gått av bruk, bortsett frå at du kan høre det i tydinga «klompsmed» = treneve! - Men opphavlig har det helst vore eit løyndnamn for ramnen på sjøen, der det bl. a. var uheldig å nemne med rett namn alt som hadde klør. Og andre plassar i landet har ramnen vore kalla «krompen».
På Fiskenes bodde det ein mann som heitte Lorch. Han åtte ei stor merr, som sprakk for han. Det var berre å drage skrotten i fjæra og ta til å flå. - Men morrånen etter, sa han gamle Jakob Severin, skrik ramnen åt han Lorch då han kjem ut: Lor-r-k! Lor-r-k! god feit klomp!
Når rypa i fjellet kallar på maken sin, korrar ho: Ko-r-r-æ-tu? Ko-r-r-æ-tu? Då er ryp-steggen usein om å svare: I kjæ-r-r-an! kjæ-r-r-an! kjæ-r-r-an!
(Beskr., "Fuglefjell" av Carl Schøyen, Håkon Rydland, Kongsvinger, Peder Wilhelmsen, Fiskenes, Johan Lauritzen, Føre i Bø, o.a.)