Autorisert Gammel helsemåte og tiltale

Han gamle Anders Olsa på Bleik brukte å seie når han kom inn i eit hus: Guds fred i huset - god dag!

Og når han gjekk, lydde det: Bli i freden - god natt!

Den siste på Bø som helste på denne måten, var han Hans Kaspersa.   Han var av gammel Andøy-slekt, men var fødd i Roksøya, Sortland.   Når han kom inn hos folk, sa han: Fred i huset! ' Og når han gjekk der ifrå:  Bli i Guds fred!

Og skulle han særskilt seie adjø til noken, som f. eks. ein gong to yngre slektningar reiste til Amerika, sa han: Far vél - far vél og handtokest med de.

Nå har «adjø» heilt fortrengt «far vél» til kverdagsbruk, og uttalen av det siste ordet er heller ikkje så vakker lenger: «Farvæll»!

Ved sida av tiltale-ordet Dokker var det visst over heile Hålogaland vanlig å bruke det respektfylte I: «I skal ut å reise?» f. eks.

Attåt kom Ør og Jer, men det er svært usikkert i kor stort omfang desse ordan blei brukt. (Ør kjem av norrønt Ydr.)

Eigendomspronomenet Jeres (jæres) var vanlig på An'a: «Det e Jeres båt?»


Denne artikkelen handler om

Samfunnsfenomen

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/12