Gammel-juten på Bleik
Gammel-juten blei vel kalla så for di han var jyde. Kan hende var han styrar av lagmannsgården på Bleik. Bleik hadde fleire lagmenn, både etter skrevne kilder og munnlig tradisjon. (Lensregnsk. 1567 nemner på Andenes ein Oluf jute; to år seinare blei Aksel Fredrikssøn lagmann i Bergen, han budde på Bleik). Det verkelige namnet til gammel juten blir ikkje nemnt i tradisjonen. Men det er hevda at han «opererte» på Bleik så seint som på 1700-tallet ein gong. Andre har sagt at han åtte heile Bleik (Antonius Nordeng, Bjørnskinn). Denne juten var i alle fall ein argsint herremann, og han hadde ein flokk arbeidarar under seg som han dreiv hardt. Når han ikkje fekk arbeidet til å gå etter eige hauv, var han ikkje nådig. Då sparte han hverken på kjeften eller kjeppen. - Så var det ein gong de dreiv og høya nordst i Bleiks-gården, på Åkran attmed djupelva. Då var det at gammeljuten blei arg på ein finnkall for eit eller annat. Dermed tok han finnen og heiv han «handlaust» på elva. Plassen har heitt Finnholet eller Finnhøllet fram til vår tid.
Han presterte og å nekte fiskarane på Bleik å ta med akkar til agn når de skulle ut med juksonna om morran, er sagt. Han kom i kongens namn og snoka i både båt og bomma. Men de var ikkje meir skremt enn at de lurte seg til å legge den tørka akkarbellingen «rundt omkring» oppi huva eller sjøhatte-pollen; der kom han ikkje på å undersøke! Om han verkelig hadde ordre om denne inspeksjonen frå høgre hold, eller det berre var hans eigen fikse idé - det er usagt. Men så nidkjær var han, at hadde de fått eit fiskeliv måtte de skynde seg å sløye og kaste slóget før de kom på land, ellers kunne restar av akkaren komme til å avsløre de.
Folk sa og at ein av drengane til gammeljuten forsvann sporlaust ein gong. De fleste hadde som ein tanke om korleis det hong i hop med dette; det var berre ingen som torde seie noke - høgt. Men då det for noken mannsaldrar sidan blei reven ein gammel fjøs på Bleik, eller det var ein lade, fann de beinranglet av eit menneske under telet. Ein kjent mann på Bleik kunne minnes at han gamle Jøren Olsa då sa: «Detta e vel drengen som gammeljuten drap».
Gammeljuten blei skral og sjuk - låg i andlåta som de sa - og kjerringa syntest han trong tenke på «noke annat». Men tru ikkje at han hadde seg til å ligge i still. Han kommanderte de som passa han og sa: «Bær meg ud på min Ager og Eng, så jeg kan få skrige til mine Folk at Arbejdet skal gå for sig!» Han leit ikkje på at de knoga nok, når han slepte de av augan. - Folket ja; det var vél så rett å snakke om slavan' hannes. Bleiks-folket greidde litt etter litt å bli sjøleigarar, og godt var det (Antonius Nordeng, Bjørnskinn, Julius Rydland, Bleik, Håkon Rydland, Kongsvinger).