Autorisert Gammelfolket på Prestholmen

Etter ka kallen på Prestholmen på Andenes sa, trudde ikkje presten at det fantest det som heitte hulder eller haugbu i hump og håg, og ikkje dverg eller småkalla' i berg og hamra'. Og godbonden eller han som de kalla for nisse, - det berre flirte han åt! Men det var nu ikkje det galnaste: Enten dokker trur det eller ikkje, så nekta presten plent at der fantest havmann eller havfru og dråg. Men då kallen på holmen hørte det, fæltest han så han nøyddest å korse seg over så stor ei vantru, og det hos ein prest!

Så trudde han vel heller ikkje at daudingan' gjekk igjen, de som ikkje fekk fred i grava si? Presten svara ikkje på detta, men han spurde kal­len om han sjølv hadde vore frami noken av dem? Til det svara han, som sant var, at han hadde møttest ikkje berre med ein eller to, men med ein hærskares mangfoldigheit eingong han gjekk Haugnessanden. Det var så tjukt utav de at det kunne ikkje vere annat enn som sjølvaste gongferda han hadde vorte ute for.

Ja - og kor det gjekk då? spurde presten.

Kor det gjekk? Jau, eg slapp då levanes ifrå dem, hellest ha' eg ikkje stie her nu og vore i stand til å fortelle han Far om det. Men kor eg kom meg heim og på Holmen tørrføttes enda han var flo sjy, det er meir enn som eg kan seie, - minders de bar meg med seg igjønna lukta.

Det er tenkeligt det -, sa presten, og spurde: Kom du fra bryllup eller begravelse? - Men detta svara ikkje kallen større på, for lyge ville han ikkje; og visst han ha' sagt som sant var at han kom ifrå eit tredages bryllup, så visste han at han Far ville skylde heile gongferda på brenne­vinet. Men det var då brennevinet syndlaust for: Det var ingenting å seie på brennevinet, - det var av beste sorten, det slaget som var. Ikkje var det for mykje av det, og heller ikkje for lite.

Kallen på Prestholmen var elles ikkje den karen som ikkje berga sin part, liten eller stor - men aldri større enn at han støføttes bar det med seg. Det var eit hauv på kallen - ja både hauv og bol - som ein dram eller to ikkje sku spenne føten' unna.

Værmora levde lengst av gammelfolkjet på Prestholmen. De sa ho såg meir enn andre folk, og det kunne vel nesten vere truanes. Aldri slo ho ut ein skjettvassdråpe, lytt eller kaldt - eller ho kasta rusk på dungjen - før ho ha kosta til sides med hi handa dem som ingen andre såg, og snakka pent åt dem nett som det sku vere bonn ho hadde føre seg: «Så stakkar - så stakkar, må dokker ha dokker unna!» kunne ho seie. Men ingen såg levanes eller at der var noken i vègjen.

Då ho låg på sitt siste, bad ho om at ho måtte bli lagt i kista med skoen' på føten' og få stortørkledet godt om seg; for om ho sku komme opp, kunne det vere bra å ha godt på seg. Detta vart gjort. Men ingen såg eller hørte noke til ho, - og trulig kunne ho trenge å kvile seg vél ut før ho røyste på seg.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/23