Gandfluger og gandkuler
Det var ein gong at Åne-kjerringa* sendte ut ei kvit gand etter ein prest som var på tur utover til Andenes for å preike der. Ganda var vel kvit for at ho skulle sjå meir uskyldig ut -. Men presten, han forstod vel kor det heile hong i hop, så han fakka ganda i lommetørkledet med ein gong.
Ho Ane Kristensde i Skavdalen hadde ei datter som tjente ei stund hos ho Beret i Nova (Nova i Holmstaddalen, Eidsf jorden). Vilkåret var at ho berre skulle vere der til mora trengte ho sjølv og måtte ha ho heim igjen. Om ei stund sendte så ho Ane bud etter jenta, og ho Beret måtte oppfylle sin del av avtalen. Men det gjorde ho ikkje med eit godt hjerta.
Ei stund etter gjekk ho Ane til Dverberg-kjerka. Mens ho er på kjerkebakkan, så ser ho at han Mens på Fiskenes kjem ridande til kjerka. Ho Ane går bortåt og slår av ein prat, og blant anna så spør ho om han trefte noken på vegen. - Nei. - Ho spør så på nytt om det same. - Nei! - Men då ho Ane spurde for tridje gongen om han slett ikkje møtte eller var vars noke, så måtte han Mens tenke etter. Då ranst det han i tanken at han såg eller hørte to mushumler som fór forbi han på turen, ei stor og ei lita. Då ho Ane fekk det å vete, spurde ho: «Kor du trefte dem?» Jau, det var på Hestneset. Då slo ho Ane hendene i hop: Kor glad han kunne vere at ikkje mushumlene trefte han! Så kunne ho fortelle at det var ei ond utsending frå ho Beret i Nova: Ei - den store - var til ho Ane sjølv, og den litje var til dattera. Men ho Ane forstod seg litt på slikt og visste å frie både seg og sine frå hekseri, så ho hadde vist dem ifrå seg, at de skulle gå i havet og bli borte.
Ein gong han Jakob Nilsa på Saura kjem langs Bogen gåande, får han sjå tre kuler som fer trillande ikkje langt framføre. Og det, sa han, var gandkuler: De skulle vere sendt ut ifrå Åse den gongen, og var meint åt noken i Breivika.
Han Peder Pettersa på Haugnes reid ein gong heim ifrå Ramsa, og han la då merke til at der liksom var eit sjorr som følgte han. Men han hadde svovelstikker med seg, og han reiv av noken av det slaget og kasta eld etter seg. Så det gjekk godt den gongen og.
Ein andværing låg ein gong med kaia i Gjesvær og tok om bord tyan for heimfar. Så var der noken altafinnar som spurde at mannen låg på heimtur, og de snakte seg i hop om at de skulle forhøre seg, ein eller fleire, om følgjeskap til Hammarfest. Men svaret var eit kort nei, og med det måtte finnen gå. Då han kom til bakers til de andre, spurde de kor det hadde gått. «Nei,» sa han som bud hadde vore, «de kan nu gå til de gnistra -». Og det bar ikkje likare til enn at då de kom for Alta-kjeften, var det liksom det gnistra i motoren. Då de tok lufteluka ifrå, var det nett som der skulle ha vore lagt flesk på ei gloheit panna. De måtte berre få seg slep til nærmaste motorverkstad.
Og det blei just ikkje berre med den eine gongen: Gnistringa tok seg opp fleire gongar det året, og det var ikkje nytt at ein av kameratbåtane måtte drage lina mens ein av de andre slepa båten til lands. Det vara i eitt år; men så spurdest det òg ka som var sagt våren før og de måtte då søke anna råd for trollskapen. De blei ikkje hjelpen før.
* Åne-kjerringa var ei av dei argaste trollkjerringane i Øksnes, etter tradisjonen der, og ho var gift med finnen Ane (Ånund).