Autorisert Ganflóga

Bestefar min var ein som sa det han syntest - litt av ein storkjeft, akkurat som eg. Så var det eit år han var med «på vår-Finnmarka» med ein båt, eg trur det var i Finnkongkeila. De rodde etter avtale med ein finn der oppe. Han hadde ein gamme kor de holdt hus med de var på land, og så reiv de like godt huset av fembøringen for å ha bedre om plassen. De svara så og så mykje i leia for gammen, og så og så mykje for hjellplassen og anna. Det var finnen som eidde alt i hop.

Etter kvert fiska de ganske godt, og ein vakker dag kom finnen og sa at han ville ha meir i leia. «Nei», sa høveds­mannen, «du skal få så mykje kokfésk du berre vinn å ete» - for det med kokfisk var med i avtalen - «men meir i leia enn det vi kom over eins om, det får du ikkje». Og bestefar min - han var som sagt ein révvkjeft. Nu brukte han seg på finnen. Men han sa: «Du ska ikke ha prukt keft på meg for ikke ingen ting». Så sa han ikkje meir, men gikk sin vei.

Ei natt kort tid etterpå hendte det noke. Alle mann låg i gammen og sov, bestefar min og. Då fór han plutselig opp med eit forferdelig skrik, berre så han vekte alle i hop. Midt på sida av leggen var det eit hol, som om ei kula hadde gått inn til beinet, og det verka så han var åt å skulle gå for det1). Verst kjentest det innmed beinet. Han rauk etter tollkniven og skar opp såret. Inst med beinet fann han då ei nifs, svart flóga. Ho hadde ete seg rett inn frå skinnet, men ikkje kunne han skjønne korleis ho hadde kunna komme seg så langt inn før han merka det. Han brukte det han hadde - ei lerretsremsa - etter at han hadde latt såret blø ut. Men det ville ikkje gro, det la seg berre ei hinna oppå og ei skorpa rundt holet.

Finnen såg de ikkje meir til, enten det var for at han var ygg, eller det hadde andre årsaker. Men då de syla opp, hengte de etter seg ein heil del boknafisk på ein hjell, slik at de visste finnen fikk sitt. Og han bestefar vara seg vel for å legge seg bort i det, for han angra seg dyrt; og dessuten skjønte han etter kvert at det ikkje minst var på grunn av finnen de hadde fiska godt. Då var det heller ikkje så mykje å seie på det at han ville ha sin rimelige del av utbyttet.

Men då dagen for heimreisa kom, dukka finnen plutselig opp, og til han bestefar sa han: «Ja, nu har du nok fått et merke på deg for keften din!»

Han bestefar kom heim, men såret ville ikkje gro, same ka råd han brukte. Til slutt fikk han det til vane å tulle gråpapir rundt leggen. Han var 25 eller 26 år då han fikk såret, men han hadde det som ein flekk heile sitt liv - han blei 88 år gammel. Det var ein gong han skifta papir at eg opp­daga det. Då fikk eg han til slutt til å fortelle korleis han hadde fått det - han var først slett ikkje villig.

Men det raraste var at 14 dagar før han døydde, då grøddest såret på gamlingen, og huda var heilt slett og fin.

1) Dvs. var nær (ved) å krepere.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/13