Autorisert Glimt frå fisket etter sei og skrei før i tida

Kva for fiskar i Bø kjente ikkje han Sigurd på Tøhaugen og båtnamnet «Høyken»? Mannen og båten, dei hang uløyseleg i hop. No er han ikkje lenger iblant oss, men den som les dette stykket med ettertanke, kan enno drage seg von om å kjenne igjen «røsten». Iallfall vil alle merke at her fører ingen landkrabbe ordet. Til slutt er tatt med eit anna bandopptak som dreier seg om liknande emne.


 

Eg begynte å ro med Straumsjyen i 1925. Den tid var det liv i kvart eit smau der nede. - Det var klinka båtar då, 40 fots kutrar med 10-12 hestar motor, sjeldnare 15. Ja, det var mange som hadde berre 8 hestar; Det var «gøyarar» som du høyrde på lang avstand når dei kom bankande, Gideon og Dan.

Leiane utom Straumsjyen, det er Tverrleia, Sørleia og Nordleia. Ja, der var ei til, men den var det berre han Vikan som gjekk.

Sidan det er skjer rundt omkring, og fall og fluer, så er Straumsjyen eit styggahol - det er folk som har nekta å gå opp der for di leiane er så stugg'. Lokalbåtane kom seg som regel inn, men det hendte dei gjekk forbi Straumsjyen og inn til Eide, når det var lite ferandes her utføre, for der er det reint innigjønna. Men i leiane for Straumsjyen står heile havet på når han fell utan av, sjølv om du får landvar med ein gong du kjem så mykje inn at du har land på begge si­der.

Nettingen er attmed Nordleia: vi går både på nordsida og på sørsida åt han. På nordsida kun­ne vi spøtte bort på Nettingen, men på hi sida måtte vi holde sørom Lilt-Nettingen, for han låg snarsagt under vatn heile tida. - Varde på Nettingen trur eg der har vore i Arilds tider. Sjyen braut han ned her eit år, og han vart bygd opp igjen, men i mindre målestokk. Holmen er bra høg i same tida.

Hausan ja - Nordhausen og Sørhausen - dei har eg både gått nær og over, med flo sjy, når han berre var smul. Straum-ida rann over tørrsteinane der til stadigheit, og vi måtte gjere baut for dei så snart at ida stønga aldri så lite. Og eg har sett dei i si velmakt: Då rala ho volde­lig innover og nordover, for der er langgrunt og stygge fall, så vi måtte gå midt imellom Hildingskjeran og Hausan. Det er verst i sørvest-sjy. - Det har ikkje vore fiska noko særleg der, den tid dei låg med søkknota heller, men eg har sett småsei oppe på tørrsteinane med kvart.

Dei viktigaste fiskeplassane for Straumsjyen frå gammalt er «med Fallet» og «i Persbakkan». Persbakken er ein sværande fiskeplass på den måten at dei kan sette så mykje bruk der. - Fal­let er tett ut og nord for Floholman; «Den me­ste fisken» som har vore tatt for Straumsjyen, der har vore der. Så har vi Nordsettan (mellom Fallet og Persbakken) og Skanken og Sørsettan; det er når det ber ut og sør av Floholman. Persbakken er tett ut og sør for Høyken. Og så kjem Stembitskallen, der Skårvågs-karane driftar med vinterbruk. Det er rett ut av Ofsgrunnen. Eg veit ikkje om det har vore stembitplass, men ein svær fiskeplass er det. Sjølv har eg ik­kje vore med og drigje anna enn sei der, men det mest vanlige bruket er tosk-garn. Der er eit heilt hav frå Stembitskallen og inn- og nordover til vi kjem i «fisk-bakkan» vi kallar - rett nord­over og på Floholmen. Det er egg der, og sånne stader som dei brukar å sleppe steinen (kaste ilen) på: Så setter dei nedover etter som det dyper, ut- og nordover, til det ber ned i djupaste Hølla.

Såkalla «fiskmål» har med dypta å gjere - der måtte vere ei viss «jyftn» før dei kom i fiskmål og kunne kaste (med håndsnøre).

Høyken eg nemnte er ein vinterplass: ein høyk er etter retten ein skarp forhøyning. Og Høyken er ein slik, uti eggkanten, ca. 30 famner på det grunnaste. Der slepper vi lenkene og får dei fast, og så setter vi ut- og nordover til vi kjem på rundt 100 famner. Det er ein bakke som fisken kjem sigande frammed, særleg i drabbet for voldelige straumfall: då er det letta­re for han å følge botn. - Når straumen ber sør er det ikkje tale om å få fisk, då er karen på avvegar borti havet og uti Hølla. Men straks han kjem med nordstraumen må karen åt botnen, når han er på tur til Lofoten.

Enda etter at eg kom til Straumsjyen var det mange gongar at vi sette før jul, for å få oss julfisk. Ein gong vi braut oss ut i eit uver 8 dagar før jul og sette, fekk vi halvfjerde hundre. Det var sånn oppsigfisk: Han er fin med det same, men han vil rødn' i skinnet når han ligg litt. Det var med Høyken. - Med Straumsjyen var det fullt av folk på kaiene då vi kom på land. Dei rabba alt i hopen; vi skulle ikkje ha nøte kokfisken som vi kasta av åt oss sjølv. - Eg var òg med han pappa og prøvde etter oppsigfisken med Novskallen.

Inste enden på Skarvholmen heiter Vengen, og der er ei forsenkning mellom den og høgste holmen. Så brukar dei å ha garn med Novskal­len, og eine méda er då «Vengen i Prikkan»; Det er ein rabb midt nedi fjellet attmed Gustad, med nokre flògberg dei kallar Prikkan, for dei held seg avberr kor mykje sny han er. - Der med Novskallen sette dei 3-4-5 lenker i breidda, det var vintersettan vi brukte den tid eg rodde med han pappa. Når fisken søker til grunns er det ein god fiskeplass, men ikkje viss han held seg uti dypta. - Der var eit par år, i 1947-1948: Då gjekk fisken heilt inn på grunnbotn, og dei fiska godt like innmed Klakken.

Ånnskallen er ein seiplass nær dei garnsettan eg nemnte, og innføre Ofsgrunnen. Médene er at «Floholmen slepper Nykan» og at du har «Klakken oppi Svinøya» (der er ei med oppi Straumfjorden og).

Ein haust då fisken kom punde her, gjekk han så grunt at vi måtte sør på Ånnskallen og sleppe på 25 famner. Og dei tre-fire første garna flaut av fisk, men der vart fritt når vi kom ned på 40 famner.

Jonsskallen rett sør av Floholmen var ein svær seiskalle, og likeins den store Eidsgrunnen inn og nord av Dypingen, i gamle dagar. Méd for Eidsgrunnen er «Høgholmen og Svinøya». Eg har vore med og drigje mykje sei der på dorg, han pappa og. Og hadde svigerfar min kunna fortelle kva sei han førte frå den Jons­skallen -.

Floholmen, han er kleven i to, med ei keila opp-i. Når han berre elles er smul, på yttersida, så er der godt liggande for småbåtar. Ja, det har eg hørt, at i firroringstida låg dei over der i Keila og sov og venta til det leid på ettermidda­gen andre dagen, når dei hadde ligje ute og nota om natta og ikkje hadde fått sei. Men det måtte vere når han var å lite på med veret.

Ofsgrunnen, det er rett ut og nord av Skarvholmen. Det har vore ein svær fiskplass både den tid dei brukte søkknot og seinare. Til méd nordføre brukar dei «Tussen i Nykan» - det er som der er laga ferdig méd for ein sånn skalle. Ka du trur ka sei der er tatt! I pappa si tid og då eg begynte var det dei såkalla småsildhaustan, og seien søkte oppåt skallane her. Det vil seie, han raste omkring uti Hølla og innover botn og herja i seg, men når det skjømtest utpå kvelden skulle han åt skallen og sture og melte - då var han full. Då låg dei klar med søkknøter og kas­ta, opptil tjue båtar. Og då tok dei han og, når dei berre var i holdet der han kom sigande. Ja, han pappa var ein meister å ta sei: Eg veit eit par haustar dei fiska mange tusen stor fin sei, halvannenkilos eller nærmare to. Då kunne dei ta nøtene så fulle at det var halv båt i eitt kast. I den tida låg vi og på Innhavet om somrane og drog oss vanleg to-tre kilos dragarsei - det var ikkje den h'an titlingen då! Men då småsilda kom bort, vart det stilt.

Silen, der er ein kar som lettar når det er måneskifte, f.eks. i adventa. Då kjem han opp av sanden og går i flak; men viss han blir skremt, så renner han i sanden og gjømmer seg og er ikkje å sjå meir. Utom og sørom Dypingen er det reint hav, med slettbotn og silveiter. Og når fisken samlar seg på silbotn, får dei eit raptus med rundfisktrål: då kan du finne silen i to-tre bukter inni flyndra og småkveita. - Men når seien hadde silen føre seg på skallane i gamle dagar, då drog dei i lettbåtane med dei vann.

Elles sig seien på straumen rundt skallen, et­ter som straumen skiftar. Og han kunne mange gongar vere så var, seien, at han gjekk sørover på begge sidene åt nota: Når vi var utreidd med nota, måtte vi drage, derfor rodde vi så langt sør (på nordstraum) at nota sokk i avgrunnen og vi var sikker på at han skulle treffe ho. - Det var også fare for at vi kunne «stumpe nota» om vi ikkje passa på: På Ofsgrunnen var det ei hella som dei reidde opp-under med teina, og der var det lett å bere fast med nordtelna. Andre av skallane kunne vere bratte som stueveggen mot sør, og då var det nok at dei trefte skallen så tei­na stoppa opp: «sørbåtane» kom etter med sørtelna og reidde forbi, og då var det gjort.

Eg veit det var mange som brukte, viss dei var mødde med at seien stakk ned eller rente til sides for nøtene så dei berre fekk nokre få i ka­stet: Då tok dei ein sei og skar kverken over på han, så han blødde i notlinet - dei «gav nota blod». Det hadde dei god tru på.

Det var også den trua at det var ikkje så nøye med reingjering av båten, om der vart ein blod­flekk igjen hister og her innpå rekka og andre stader: «Du ska'kje spul' så voldelig hardt - han ska ju bi skjetten i måra og».

Og kveita, ho sa det slik:

Den som meg brenn'

han ska og meg kjenn',

men den som meg bryt,

han ska meg førtryt'.

Det vil seie at dei kunne godt hive kveiteauga på varmen, det gjorde ingen ting, men ho likte ikkje at dei braut beina på ho.

Etter bandopptak med Sigurd Hansen, hausten 1974.

 

Det var han Fredrik i Sandvika - du har vel sett bileiet av han i bygdeboka - han ser meir ut som eit troll enn som ein mann. Han var slik at målet bar to-tre kilometer når han prata til vanleg, så høgmælt var han. Det var i det heile tatt mange av dei gamle som var veldig høgmælte, og det måtte dei jo vere når dei segla i brott og brann: Når dei ropa noko, måtte dei andre kun­ne forstå det straks.

Det er ei historie om han - folk heldt seg i at han kunne legge fall, liksom fleire andre av dei gamle. Ein gong segla han over Glimmingen ut­for Åsandfjorden, eit undervass-skjer som vanlegvis bryt. Så varskudde halskaren: «Drag for Glemmingen!» Nei, han Fredrik heldt rett på. Så halskaren ropa på nytt: «Drag for Glem­mingen!» Nei, han Fredrik drog ikkje. Men med det same dei var oppå, sa han Fredrik: «Nu kann dokker me' for Glemmingen -». Og då dei var komne eit stykkje bortføre, der braut Glim­mingen berre så govet stod.

Ein annan gong, utpå haustparten, låg dei med søkknot etter seien. Dei hadde lege frå morgonen i avstjerninga og til seint på kveld, men hadde ikkje avla rått: Det var å ro sør og sette nota og reie nordover, så var det å ro seg til, igjen og igjen. Så var det blitt nesten mørkt, og dei gjorde seg enda eit reian: Her får dei ein småsei - ein liten purrsei i nota. Då dei fekk opp not-øyra, var der ein som sa: «Vi vart nu'kje fri -». Så tok han seien og heiv han opp. Då ropa han Fredrik: «Hiv han hit!» Så beit han seien over kverken så blodet rann nedigjennom kjeften på han, og reiste seg i båten; så heiv han seien bortover havet så langt han berre vann. Så sa han med mannskapet: «Ro sør, guta!» Dei murra på det, for dei hadde ikkje lyst å ro meir den dagen, men det vart som han ville. Dei rod­de sør og sette søkknota, så reidde dei nord­over: Då lasta dei båtane med sei.

Etter bandopptak med Egil Henriksen.

Finn Myrvang.



Denne artikkelen handler om

Historisk hendelse

Samfunnsfenomen

Om innholdet

Kilde:
Bøfjerding 1984
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2009/02/24