Godbonden
«Gobbonen hørte eg om at de hadde tru på. De meinte at når der var enkelte som det gjekk godt, så var det godbonden som hjelpte dem. - De meinte det kunne vere ein heil familie av de karane.
Han far fortalte ei godbon-historie som han hadde hørt - det måtte vere sørpå ein stad: Det var ein bonde som våkna om natta; han hadde masse kòrn hengande ute. Då var der fullt utav småkarar som bar inn kòrn, men ikkje alle bar like mange aks. Bonden stod og såg på dettan herna, at de gjekk forbi han. Men så blei han vars at den attraste karen, han bar berre eitt einaste aks. Då sei bonden det med han at når han ikkje vann å bere meir enn eitt aks, så kunne det vel ha vore det same. Men det likte ikkje gammel-godbonden. Han sa dét, at han skulle ikkje finne åt han med akset, for han var berre tre jamdørt gammel; og eit aks var nu eit aks. Men det kunne hende her skulle bli bore mindre heretter! Det merktest og, det, «for då kunne det hende de bar ifrå han», sa han far.
Faster til kona mi var hos oss i 14 år. Ho hadde vore borte i Stø og stelt for ein kar som handla i Kattura de kalte. Han var ugift. Eg trur butikken hannes brann til slutt. Men nok var det, ho fortalte dét, at kor fint senga var oppreidd, så var der ei trille-rund hola i senga oppå teppenet, omtrent som der skulle ha ligje ei katta. Ho sa at visst noken hadde godbonden, så trudde ho det måtte vere den mannen! - Og han brukte ikkje tobakk, det visste ho, men når ho kom og lukte på døra, så gjekk der ei fin røyklukt. Ho trudde det, at det var godbonden hannes som hadde vore der og røykt. - Men du veit, eg kunne nesten tru at viss ho ikkje hadde hørt om godbonden og hadde tru på sånt, så ville ho ikkje ha merka seg den hola i senga».
I gammeltida var det vanlig at der var eit mørkeloft uten glas i kver manns gård. Det var på slike loft godbonden budde.
Det var ei som heitte Gammel-Sérena; ho budde hos ho Beret Hélena, mor hannes Nestus på Bø. Ho Sérena var gammeljenta eller tauskjerring de kalla, og låg på kjøkenloftet. Ho var litt av ei rofsa: Ho påstod det, at ho låg i lag med godbonden kver ei natt, - «og ka dokker trur kor varm og god han va å ligge i la'med!» sa ho.Han Karl Nilsa i Forfjorden visste òg å fortelle så mykje, om både godbonden og huldra. Det var berre så ungane var sterr innpå augan.


