Gongferd, feigd og spøykjeri. Framsynte folk
Gamle folk i Bø har fortalt at kver julaftan fór gongferda frå den gamle kjerkegården i Bø (prestegården) og utover til kjerkegården på Øra i Malnes. Det var dei daude som var i ferda og flytta då. Nyårsaftan fór gongferda same vegen til bakers. Det var nifst å møte ho, ja reddeslig. Dei høyrde suset av ho når ho kom. Ja da - det var som ein tur, eller eit heilt rokk. Og der var allslags nifse skapningar med, noken til fots og noken til hest.
Han Olaf Reiertsa såg eingong gongferda på Hólsjøleitet. Og ei som heitte Anna var eingong vars at gongferda fór forbi ho på Gimstadmyra, ein julaftan. Den gamle vegen gjekk nedmed fjæra. Det var sagt at gongferda vistest mest som små papirlappar.
Når folk gjekk forbi kjerka, var det gjengs at dei las fadervår. Og det finst ennu folk som er av den formeining at du ikkje skal gå på kjerkegården i middagstida, og ikkje etter kveldtid. Dei døde skal ha ro då. - Som oftast blir jo folk gravlagt i tolv-eitt-tida.
I Bø var det lenge skikken at folk la kors av granbar på alle gårdsvegar og overgangar frammed kongsvegen der eit likfølgje skulle fare framom.
Det var ein julaftan at ein mann skulle gå over Myra (Høgmyra) til Skålbrekka. Midt på Myra får han sjå eit lys framfor seg. Dette undra han seg over, for Kleiva skulle komme i vegen, så han ikkje kunne sjå lys på Skålbrekka. Best som han går, kom der ei kald vindrossa frå sida, og han vart kasta av skiene. Han kom seg på skiene og går vidare. Men då var skiene blitt så tunge at han mest ikkje vann røre dei. Det var då rart, tenkte mannen. Då kom det rullande to svarte tynner mot han og fauk forbi. Og ut av tynnene myldra det av små rare skapningar - ein heil hær av småtroll, tenkte han. Og trollfølgjet hadde han i hælane på seg til han såg lysa på Skålbrekka. Då kvarv dei like trolsk som dei var komne.
Han gamle Enevold fortalte ein gong om eit likfølgje som kom over Fjærvollåsen og ned ifrå Fjærvoll-leitet og til Sjyelva - men der i elva kom det bort. Og han Petter Rubbersa - nei han Petter Bjørg, - han sat og fortalte. Han budde hos han Jon Jensa på Mælvollen, og vi sat inne der og høyrte på. Det var ein gong, sa han, at det var sånt forferdelig uver at dei både hadde stengt dør og vindu. Då syntest han det rikla med ytterdøra, og han sku' gå ut og sjå kva dettan var. Då står der ein mann i berre natt-trøya vi kalla - det var dessan heimvovne skjorten' - og han var sett til for ei tid sidan. Og han spurte om han Petter ville vere med å spelle kort! Men han svara at han måtte for Guds skyld drage dit han kom ifrå. Og så gjekk mannen nerover mot fjæra. Men då kom der frå begge sidene liksom det Hyysja! med folk - forsvann der neri fjæra. Og borte var det. Og du skjønner, han fortalte det på ein sånn måte at eg trur han trudde det sjølv! Hadde eg kunna skrive ned alt, kunne du ha fylt store protokollar.
Ingen måtte gløtte igjønna eit nøkkelshol inn i eit rom der det sto lik, for då vart dei framsynte. Det var helst med dei var ungar at dette skjedde. - Slike som var framsynte, passa alltid på å gå imella to andre.
Det var ein dei kalla for Morten på Rise. Han var framsynt. Han gjekk til kjerka i lag med dei to brørne sine ein søndag. På vegen til kjerka sei han med brørne: «Der fór han farbror forbi -». Han var daud for mange år sidan. «Å hald kjeften din!» sa brørne. Då gjekk han midt imella dei.
Den som var framsynt, måtte gå i lag med daudingane. Folk påstod det. Han Tobias Jørensa var framsynt. Han sat eingong attmed vinduet og skaut eit segl. Og for kver gong han stakk igjønna og drog etter, skotta han ut igjønna vinduet. Best som det var, heiv han ifrå seg nåla og hansken og rente på dør. - Då han så kom igjen, langt om lenge, var han marge sveitt. Og han ville ikkje fortelle kor han hadde vore.
Ei som budde ytst på Søberg vart kalla ho Hanna på Harvollen. Ho var så overtruisk. Ho trudde på underjordiske og alt sånt, og ho hadde sett både det eine og det andre. Og der var dei som påstod at ho måtte vere ute og renne «med folk», for best som det var, så sa ho: «Nu må eg gå, nu må eg gå!» Og av bar det med ho. Når ho kom til bakers, var ho avsveitta.
Ein gamling frå Nærøya i Øksnes kom ut tidlig ein morra. Han fekk då høyre at der kom roande eit likfølgje ut fjorden. Slik då det var, vart dei gravlagt på den gamle kjerkegården i Barkestad på Dyrøya. Han høyrte liksalma bli songen, gård for gård utover, slik skikken var i den tida, både der og i Eidsfjorden. Men ikkje såg han noka, og ikkje visste han om at der hadde vore dødsfall i det siste heller, der omkring. Han tenkte då med seg at det var vel fægda for ein eller annen han høyrte, og at der snart kom til å spørres dødsfall. Slik gjekk det og.
Sist på 18-hundra var det så å seie sedvane at det sette til eit båtmannskap kver vinter, den tid dei enda rodde nordlandsbåt. I den tida var det og vanlig at der reiste preikarar rundt og hadde oppbyggels. Så var der ein dag kommen ein slik kar til Småholman pund Tinden. Han preika i Storbua der om kvelden. Det var ein Ol'Mikkjelsa frå Ramnåsen i Bø som låg i bua. (Ramnåsen var der elles ei tid mykje trette om, for dei visste ikkje om han høyrde til Øksnes eller Bø). Nok var det, der var fullt i bua den kvelden. Bar det så til at lampa slokna, og der vart slik ei stygg lukt inne i bua. Nu hadde han Ole ord på seg for å vere framsynt, og han fortalte det - seinare - at der sat daudingar i fanget på dei som var nedmed døra. Det var eit båtmannskap som sat i lag der. Det viste seg det, at om vinteren sette heile mannskapet til.
Nordom Nyke er der noka dei kallar for Skjåbrekka. Folk hadde mosetorv i skjåar nordover Nykraen. - Ein gong var det eit brurfølgje som sette til, ifrå Nykvågen. Der var ei båtlast med folk som rodde på ein fembøring til Hovden; kjerka var på Malnes då. Så var det ein mann ifrå Nyke som heitte Ol'Mekal. Og den der karen, han var gått til Hovden eit ærend den samme dagen brurbåten fór ifrå Nykvågen. På heimtur om kvelden, så kjem han opp av Tusshalsen, og der får han sjå ein oter rett framfor seg. Mannen visste ikkje si arme råd, han såg etter stein alle staden så han kunne få slå. Og oteren, han gjekk tett framføre, både over halsen og ner i fjæra. Mannen tenkte med seg: «Ja, berre far i vegen - når eg får deg i fjæra, skal du få deg ein, der er stein nok». Men då han kom i fjæra, renner oteren over eit lik, og så på sjyen med han. Då mannen kjem og tar i liket, var det brura. Brurbåten hadde sett til i eit skaver på Nykraen. Mannen tok då halsbindet av seg og drog ho opp, og la ho i ein av torvskjåane. Han var nu ikkje frosen forfærd, den fyren. Men det hendte seg det sidan, når dei kom forbi der om kveldane, at det var lys i skjåen. Så var det ein som stilla seg fram åt skjåen og sku' gløtte igjønna revene: Då såg han brura stod og kledd' av seg - eller det var på seg - har dei fortalt meg. Men det var noka som hendte seg til fyren. Ja, han vart mest som tufsen: Du skal ju ikkje gløtte der som daudingar står.
Når dei leita etter folk som hadde sett til, var det ei gammal tru at det hjelpte å ta ein hane i båten. Han gol når dei kom på rette plassen. Det prøvde dei på sluten i Mårsund, etter eit forlis i Kusundet. Men det kom ikkje noka ut av det.
Det var og eit merke med rypa, at viss ho kom heilt ned åt husan til folk, då var einkvan fæg i huset.
At ungar fann på å legge seg ned på golvet og balle over augan, det vart ikkje likt. Det var uhyre med slikt.
Var der noken som sjølv ville bli framsynt eller sjå meir enn andre, kunne dei legge i hop hesteøyran og kike imella.
Inni Mårsund var det ein mann som stod i eit sjøhus og arbeidde på ein båt. Der vart mykje høvelspon etter kvart, for han var der og arbeidde til ut på natta. Men då vart der sånn sjau - han høyrte «dei» fór der og rente og grynte og tørna i høvelsponen. Så han måtte berre forlate arbeidet og gå der ifrå.
På Nordjorda i Sandvika budde der folk som måtte rømme på grunn av skrømt. Det var ein sogning som begynte å bygge der ute, og folk sa det med han: «Du ska ikkje bygg' på Nordjorda, før der e ikkje gaudt». Men det tok han ikkje notis av. Dei vart stadig plaga at der var noken som kom til huset. Folk har funne så mykje der uti Sandvika, dei meiner der har vore krig ein gong i tida.
Etter Johan Lauritzen, Føre, Egil Henriksen, Øyjorda, Karl Fjærvoll, Tromsø, Marius Dahl, Kråkberget, Paul B. H. Pedersen, Gustad.