Autorisert Gråhesten

Det var ein haust for lenge sidan at to gutar gjekk klar på Ånes. De var nesten voksen. Faren hadde formeinka dem å fare på vatnet, for det var ikkje trygt enda. Det var ein søndags ettermiddag, og han gjekk og la seg middag. - Men det første gutane gjorde var å gå på vatnet, og der blei de klar.

Etterpå blei der så mykje snakk blant folk om ein grå hest som var sedd fleire steden', men visstnok helst på Åmyran. Han var grå på let og hadde fem føtter. Han drog på ein slede, og der sat to menneska på sleden - med ryggen føre. Folk meinte det var fægd.

Detta med gutane kan ikkje ha bore til så særlig langt att i tida heller, for fortellaren føyer til: «Eg minnest berre kor redd eg var som jent­unge, at eg skulle møte denna hesten bortpå vegen».

Den same femfota spøkelseshesten de kalla - fægdehesten - skulle liksom ha sitt faste tilhald i Skilkjerran imella Åse og Å. Folk var redd for å gå framom der etter at det var blitt mørkt, til langt fram i tida.

Det var elles han Kristen Olsen på Åse, som var romsdaling, som blei kristna for den «gysaren»: Han hadde sett ein grå kjørar med ein grå hest - og best som det var, så såg han hverken mannen eller hesten meir. Og seinare så tulla det berre meir og meir på seg ....


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/21