Haldran
Sørom Åbergsjorda er der fleire kjempesvære hallarar austhalt Grunnvatnet. De går under namn av Haldran eller Kildhaldran; men de gamle sa Hellran. Lia oppføre, Hellarlia, var utmarkslåtta før i tida.
Fleire av holene under Haldran er nokså store. Ein gong langt att i tida latt de ein finn ligge på likstrå i ei av dessa holene. Han hadde drukna i Bødalselva1.
Ka som blei sagt for alvor før i tida er ikkje godt å vete; men folk var iallfall redd for ungane, - at de skulle ramle nedi holene innimella hallarane. Det skjedde ein gong med ein gut ifrå Åbcrgsjorda, og derfor blei ungane skræmt med forskjellig «puskeri» som hadde med Haldran å gjere: Der budde ho Maren Gram, han Pål Pik, ho Kirsten Heik, han Per Beintfram, - og enda var der visst fleire. Det var hulderfolk alt i hop! De var fleire som kunne fortelle om dessa karane, liketil han Andreas Dahl på Åbergsjorda, som var trønder opphavlig og dreiv med skomakring. Det festa seg då i barneminnet at de skulle sjå seg føre når de gjekk framom Haldran.
Ho Nella Pålsde hørte ein gong at tistertrollan log så godt, for ho datt med det same ho skulle forbi der:
«Tiss-hiss-hiss! Jenta datt!»
sa de. Men det var vel helst berre vass-sik som kløkka ho hadde hørt?
1 Liket skulle ikkje ha lege særleg lenge i vatnet, så det var truleg noko anna som låg attom. - Johannes Falkenberg opplyser i alle fall frå Laksefjord (Nordn. Saml. II s. 65): «Når noen døde, var det nødvendig straks å finne et nytt vintersete. . . . Frykten for de underjordiske var så stor, at husstanden undertiden opgav bostedet, mens den syke enda levde».


