Halsesvull
Enda så seint som på første halvdel av 1800-tallet blei det tordna imot hekseri og trolldom frå preikestolane på Andøya. Så var det ein søndag at det hadde vore ei slik straffepreik i Bjørnskinn-kjerka og. Då forsamlinga skulle forlate kjerka, var der ei kjerring frå Svindalen som meinte på, med det same ho gjekk ned trappa: «Javisst - i dag var du saktas så mykje hål i halsen. Det spørst berre om du e det neste gong og.»
Ka ho kunne eller ikkje, skal vere usagt, men i alle fall gjekk det ikkje likare enn at presten låg i halsesvull neste søndag der skulle vere preik i Bjørnskinn.