Han Andreas Jeppensa
Han Andreas hadde ord på seg for at han forstod litt meir enn andre. Blei der stole noke ifrå han, kunne han bitte tjyven så han måtte «stå med børra», eller han kunne la han bere rovet til bakers. - Ein gong var det ein som hadde forsett seg på ei brennvinsflaska som kom han Andreas til: Han blei ståande, og han kom seg ikkje av tverre flekken før han Andreas omsider kom og løyste han. Då fekk han seg ein dram for at han hadde «passa flaska» -.
Ein gong skulle han Anders Olsa på Åknes til Skogvoll og skyte kobbe. Det kunne vel vere 12-14 skott han løyste, men ikkje at han avla rått. Han Anders var snar om å fatte mistanke, så han gjorde seg ikkje meir omak der, men tok turen opp til Skogvoll med det same. Han brukte alltid å ta inn hos han Andreas når han var der nord på kobbeveide, og de to var gode bausar. Han Andreas fekk nok mang ei god kobbekokning til takk for at han Anders hadde husrom der iblant. - Han Anders fór då beinvègjen opp åt han Andreas, som sagt, og bad om at nu måtte han gjere børsa hannos god. «Nei, va' det du stakkar!» sa han Andreas. «Det va'kje deg det va' meint; men eg ville berre fri skjæran våres.» - Børsa, ho var etterpå så god som før.