Autorisert Han Andreas Jeppesa og «naboan'»

Han Andreas Jeppesa på Skovoll var ein einslig gammel kall, men han hadde «naboar» kor han kom, sa han sjøl.

Han bodde på Skovoll hos han morfar, i mor sin barndom; ho heitte Mathea. Ho kunne fortelle så mange ting om han: Før det blei vei til Skovoll, låg det ein berghaug sørst i Vass­botn, sørenden av Skovollvatnet. Der er det eit langt stykkje med berre sevbotn, og når du går over, dissar det så. Det er vel fullt av vatn innunder. Berghaugen blei kalla Gullhågen; då de bygde veien over Myra, blei han sundskoten til pukk.

Han Andreas Jeppesa var i lag med han morfar, de rodde på Nordmela. Korleis det var - om han Andreas reid eller ikkje - så var det ein gong de leidde med seg ein hest. Då de kom nedføre Gullhågen, spurte han Andreas om ikkje han morfar ville holde hesten. Han skulle gå bort lite grann. Jau, sa han morfar, det skulle han gjere; men han måtte ikkje bli lenge. Og av bar det med kallen, oppigjønna åt hågjen. Han morfar blei ståan' å holde hesten nedpå Skovollra.

Endelig kom kallen tilbakers. Så sei han morfar; «Kor lenge du bei?» «Ja, sei han Andreas, «nu står du hér, og eg e både mett og utøsst». Kor han hadde vore etter det? ville han morfar vete. Jau, han hadde vore inne hos naboan'.

I Tækndalen hadde han ein faméli', i Åberget ein, og så var det ein på myrane innafor Stave; men om det var på Vargholen eller i blautmyra, det veit ikkje eg.

Ein gong vistest det som om det var mykje varme på Stave, meir enn vanlig lys. Strakst etter kom han Andreas Jeppesa frå Stave, og de spurte han om det hadde vore varme laus der. Nei, svara han, det var berre naboan' hannos som bakte i omnen, og så hadde de vel passt varmen.

Regine Hansen, Rundholen


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Museum Nord
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/13