Autorisert Han Andreas Jeppesa og kobbejakta

På Skovoll budde det ein gong ein mann som heitte Andras Jeppesa (Andreas Jeppesen). Han var ei tid «leina mann» på gården. Og ein trollkall, det var han.

Det er mange skjær utafor Skovoll, og der brynna det før i tida ei mengd med kobbe om våren. Han låg der i hundre­tall, kobben, og yngte utpå skjæran - jonsokkvelden.

Ifrå gammelt blei det regna for ei storfortjenest' å slå kobbungar; for skinna er fine, særlig før de har vore i sjøen. Men i Andras Jeppesa si tid var det umulig for andre enn han sjøl å komme kobbungane nær nok inn på livet, same kor de bar seg åt. Enten braut det for mykje på skjæran, eller så kom kobben seg unna i siste liten. Eitt var det. Men når han hørte om slikt, då berre skratta han Andras. For sjøl tok han kobbe berre med han ville ha. Ei anna sak var det når de bad han om lov. Då slo de like mykje kobbe som han Andras sjøl.

Ja, slik var han Andras Jeppesa. Han hadde konsten for seg sjøl, og han døydde visst med han òg, for nu kan de prøve kobbejakta kem som vil, der i gårdane. (Edv. Ruud i Håløygminne 3).

Skovoll låg ei tid øde. Ho Matea i Rundholen, kona til han Hans Dannelsa, var berre 5 - 6 år då de flytta ifrå Skovoll. Då var der berre igjen ein gammel ungkar; de hadde budd hos han. Det var han Andras Jeppesa. Han dø' straks etter, og då låg Skovoll øde.

Det var ein Anders Olsa som kom hit til Nordmela som gammel mann. Han var utav slekta hans bestefar. Så var det ein gong - han var berre smågut då - at han far fekk være med han Anders Olsa på kobbejakt nordom Stave. De rodde; og heile turen satt han Anders Olsa og fortelte historier om kobbejakt.

Han snakkte om ein gong han var roen etter kobben: Han var kommen nord om Skovoll-revet (Revet) då han fekk sjå ein mann som gjekk sørover Skovoll-Ra. Han rodde videre; så skulle han jakte. Og kobben, han var så mange gongen' godt i sikte og godt i hold, men når han skaut - sa han Anders Olsa - då kom det ein duns til båten så det slo av langt ifrå.

Til slutt rodde han opp til Skovoll for å overnatte der. Han gjekk opp åt han Andras Jeppesa. «Nei, va det du!» sa han Andras, «som fór - eg trudde det va finn og fark og ville fri skjæran mine. Nei, va det du; ja når du nu ror av stad, så bi' det nok kobbe».

Og då han tok ut igjen, sa han Anders Olsa, skaut han kobbe med båten bar.

Ellers så sa de om han Andras Jeppesa at han «følgte dauingan». Sjøl gjekk han rundt og fortelte at han hadde vore inne hos huldra. Han skulle ha vore inne i Gullhågen, etter ka han sjøl sa. I Gullhågen sa nemlig folk ifrå gammelt at hul­dra holdt til. Ja, i Gullhågen hadde han vore, og i Tækndalen og i Åberget og kor det nu var alle steden'. Det artige var berre, at han gjekk frivillig inn og ut - mens andre, de blei «huldtatt»! (Sofus Olsen, Nordmela).

Andras Jeppesa - det vil seie Andreas Jeppesen - var fødd i 1766. Foreldra hans var Jeppe Eliassen og Dorte Jensdtr. Andreas står i matrikkelen av 1838 ført opp som jordeigar på Skovoll. Han var ikkje gift, ser det ut til. - I 1840 døydde han som «innerst» hos broren, Peder Jeppesen på Bleik (Håkon RRydland, Kongsvinger).

Eit gammelt ordtøkje på Bleik: Det e ikkje farlig å være på Skovoll - der har de maten på skjæran og sovlet på myran.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/13